Eit Ord i Kvendesaki.
(Av Hermod Hejmdal.)
(Del 1 av 4.)
Dei norske Kvendi
hev fenget dei fire Storskaldarne vaare til Talsmenn for Saki si.
Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie hev nyss sendt Stortinget eit
Framlegg um Sereige for gifte Kvende. Tinget hadde for seg eit
Lovforslag um det ifjor. Men some Tingmenn tykte, at det gjekk for
vidt. Og so vart det avgjort slik, at Regjeringi skulde høyra utum
med Formannskapi um deires Meining um Tingen. No hev Svaret komet, og
det er, som ein maatte venta det. Alle Formannskapi med berre nokre
faae Undatak, meiner, at Sereige for gifte Kvendi ikkje er høvelegt,
ja ikkje det berre, det er ogso skadelegt. Det vilde koma til aa
forstyrre Forholdet mellem Mand og Hustru og med det
Familielivet og dermed ogso grava Grunnen undan Holsteinarne
under sjølve Samfundsbygnaden. (Um dette meir nedanfor.)
Det var mange
Tingmenn, som smilad, daa denne Høyringi utum med Formannskapi vart
vedteki. Og mange andre gjorde det same. Og det vist med god Grunn.
For det er flirande dette: aa gaa til
Mennerneog spyrja um det er gagnlegt og
naudturvelegt aa lovsetja Sereige for gifte
Kvendi.
Gagnlegt og naudturvelegt,
aa var det likt seg! Me Menn kann nokk styra deires Gard og Pengar
betre elder daa vist likso godt som dei sjølve. Og kvifor skal ein
daa umskipla det gamle og gode?
Slik lyder Svaret fraa
Formannskapi. Ja dei brukar fleire og andre Ord og so finare Stil
naturlegvis; men Meiningi er den same.
Og for
Mennvar det kje Raad med aa gjeva nokot
annat Svar utan med det same aa døma sjølveseg udugleg og ulaga til
aa vera Mannen i Huset. Og dette gjorde, at dei var Part i
Saki. Men dei var det ogso paa ein annan Maate, og det so
beintfram og heilt som mogleg.
Slik som det er no, misser
Gjenta Eigedomen sin, so snart ho fær Kjeringsforklædet paa seg.
Mannen yvertek daa altsaman, baade Eigedom og Retten til aa bruka
den. Det er det same, um han sjølv ikkje hev meir enn ein lykkjelaus
Bukseknapp i Pungen, og ho eig baade Gard og Pengar, straks Klokkaren
hev sagt Amen, er ho fatik som ei Naal; han hev alt og kann styra med
det som han sjølv vil utan so mykje som aa spyrja Kjeringi.
Men no kjem
Stortinget og spør
Mennerne,
um det ikkje er best, at de er likso fatike
etterVigsla som dei var fyre, um dei ikkje
vil gjeva Kjeringarne sine full Rett til aa styra og stella med sin
eigen Medel.
Kann so nokon tvila um
Svaret? Aa nei.
Og hadde Formannskapi
voret samansette av berre Kvendi som dei no er av Menn, so hadde
Svaret voret likso vist.
Men Kvendi vart kje
spurde. Det var kje Høve til det. Hadde Kvendi sjølve voret med, so
hadde nokk Saki fenget ein annan Svip. No var det Spursmaal, um
Mannen skulde
gjeva fraa seg ein
Serrett
, som han hev havt, ja Gud veit
koss lengi. Kvendi hadde vilja spurt paa ein annan Maate, slik paa
Lag: Bør me kje hava den same Retten til Eigedomen vaar
etter
Giftarmaalet som me hadde fyre? Er
det
Rett
og Rettferd, at me skal vera
nøydde til aa gjeva fraa oss kvar
Traaden
me eig? Og so vilde dei leggja
til: Her spyrst det kje, um Mannen skal gjeva fraa seg nokot; det
spyrst berre um han skal hava Rett til aa
taka
fraa Kjeringi
Medelen hennar, som ho
mang ein Gong so saart heve stridt og stræva for. Me vil vera
Kjeringar med full Menneskjerett og ikkje av Mannens Naade. Og denne
Svipen paa Saki er den rette. Det er kje Spursmaal um
Naade,
men um
Rett
og
Rettferd.
Hadde Formannskapi lagt Vigti paa denne Sida av Saki, og det burde
dei ha gjort, so hadde dei vist ikkje voret so forhippa paa aa segja
nei. Dei hadde daa kjendt, at eit Nei her var plent det same som eit
Ja og Amen til
Uretten.
Men det var det gamle og
gode som skulde haldast ved Lag. Aa ja, so lenge me skal hava Kongar
av Guds Naade, so samer det seg vel ogso aa hava Kjeringar
av Mannens Naade.
Det er no synbert for
alle, at det var eit Mistak av Stortinget denne Utumhøyringi med
Formannskapi. Tinget kunde kje venta annat Svar enn det, det hev
fenget. Difor var det faafengt Arbeid aa spyrja um det.
Stortinget burde ha
avgjort Saki sjølv utan aa spyrja korkje Per elder Paal. Ymse Saker
maa greidast paa den Maaten, ved Lovbod, som mang ein Gong hev den
aalmennlege Meiningi imot seg. Mengda kann kje faa det rette Skjyn
paa Tingen, fyrr den hev voret i Bruk ei Tid. I slike Saker maa
Stortinget gaa i Fyrevegen. Og ei slik Sak er nettupp Kvendesaki og
det i alle Maatar. Det er liksom ei Trudomslære hjaa Folket, at
Kvendi ikkje duger til annat enn aa reinska Jordepli, koka Graut og
bissa, bissa Baani. Ja det er vondt aa segja det, men sume
Kvendi trur det jamvel sjølve. Til aa vera t.d. Lækjarar er dei
korkje skapte elder laga. Men naar dei berre fekk Høve til aa prøva
seg, so kann det henda, dei ikkje vart so daarlege til aa stella med
Sjukingar endaa. Og dei
maa
faa Høve til det, og Tid til aa prøva seg, fyrr det kann verta Tale
um aa døma Dugleiken deires. Gjeng me nokre Aar attende so dugde kje
Kvendi til aa reikna og skriva o.s.b. Men no høyrer me kje annat enn
at dei kann det, dei greider seg jamvel godt. At det vil gaa dei
likeins med annat Arbeid kann ingen tvila paa. Lat dei berre faa
prøva seg. Og for dette bør Stortinget syrgja. Og her er dette so
mykje naudturvelegare, daa Kvendi sjølve ikkje hev Høve til aa
krevja Retten sin. Hadde dei aatt politisk Røysterett, skulde me
snart faa sjaa, koss det vilde gaa med Lovforslaget um Sereige for
gifte Kvendi. Men Stortinget hev i slike Saker som Kvendeskai ikkje
Lov til aa venta med Lovbod, til det hev med seg alle Heimfødingar i
Landet. So god Raad paa Tid hev me ikkje. Eit Lovbod um Sjølveigedom
for gifte Kvendi er beintfram aa øva Retferdighed. Og det er
vel ein Ting, som det norske Storting kunde gjera utan fyrst aa
spyrja Formannskapi um det.
Utyver Landsbygdarne gjeng
det enno underlege Sogur fraa den Tidi, daa Formannskapsloven kom
istand. Braaket var fælt mange Stad. Formannskrap,
Forbannaskap¹)
o.s.b. var det vanlege Namnet paa Formannskapi. Og Stortinget fekk
nokk sitt, og det ikkje minnst av sjølve Bonden, som endaa var kje
lenger komen enn at han laut taka Prest, Klokkar og Lensmann til aa
stella for seg. Men kva segjer Bøndarne um Formannskapsloven no? Det
er eit av dei beste Tiltak Stortinget hev gjort.
Og med Tidi vilde vist
Domen um Kvendesaki, um ho vart gjenomførd, verta den same. I Land,
der Saki hev vunnet lengst fram, gjeng Syn for Segn i dette Stykke.
Tinget skal snart
taka Saki uppatt. Og det vil vonom gaa betre enn ventande.
Dette
Tinget kann vist ikkje gjera nokot, daa det med denne Utumhøyringi
paa ein Maate hev bundet seg. Men neste Ting vil nok greida det. Og
til dess fær Solveig og Synnøve venta.
Lovforslaget gjeng
ut paa, at Kjeringi skal hava full Eigedomsrett til Medelen sin,
liksovist som Mannen hev det til sin. Mannen skal kje hava Lov til aa
selja Gard o.s.b. utan aa spyrja Kjeringi fyrst og hava hennar
Samtykkje. Men vil dei sjølve hava Sameige, d.v.s. vil Kjeringi
gjeva Retten sin ifraa seg og lata Mannen styra med det, som han vil,
so er det ingenting i Vegjen for det. Og var Mennerne som dei skulde
og burde vera, so vilde vist 99 av 100 Kjeringar gjera det. Men no er
Mennerne berre Menneskje dei og, ja sume av dei kleine Menneskje
jamvæl. Og med ymse av dei er det slik, at dei ikkje vert betre, men
heldaa verre, um det er mogleg, sosnart dei er gifte. Det hev funnest
Menn, som med Kjeringi hev fenget baade Gard og Pengar; men um nokre
faae Aar hev dei voret kvitt heile Medelen, og vilde daa kannhende
ogso gjerna verta kvitt Kjeringi med. I slike Høve var det Loven um
Sereige skulde brukast. Der Kjærleiken er burte, er det Magti, som
raar. Og at Mannen daa skal kunna reka paa Dør Kjeringi, som hev
skaffat honom alt, jamvæl Klædi han gjeng i,
dettykkjest meg aa vera hosta hardføni.
Og det virkar vist ikkje stort til aa upphalda Husfreden helder. Det
vore, um Kjeringi vart heilt paa Dør drivi, so Mannen raadde
Grunnen aaleine: Men so vidt gjeng det sjeldan. Kjeringi toler
helder kva det skal vera. Og her hev me det verste: Ei Kjering som
bøygjer Kne for Mannen sin kvar Gong han ser paa henne; ei Kjering,
som til kvar Tid kjenner seg jamgod med Tenestgjenta si, berre med
den Skilnad, at ho ingi Løn hev, og so det, at ho lyt taka Skrubb,
som hi er fri for. Og av slike Kjeringar er det kje faae, diverre.
Ein Ferdamann raakar ofte paa dei utyver Landsbygdarne. Dei er gode
aa kjenna paa det bøygde Hovudet, dei bleike Kjinni, det blaug-rædde
Augnalaget og den logne, rædde Framferdi, som hev Ord berre, naar
ein spør dei um nokot.
Hjaa slike Folk kann
det nokk vera Husfred; men det er ein Husfred, som det
vist ikkje var skadelegt aa virke forstyrrende paa. Dei som
liver i denne Freden, sukkar ialfall mang ei Herrens Gong um
litt Forstyrrelse: Og desse Sukk og den Kjensla, som hev dei
fram, hev me aa takka for mykje av alt som me baade for oss sjølve
og i Samfundslivet maa dragast med all vor Tid. Lat oss berre faa
nokot meir Hus
liv,
daa vil Freden koma av seg sjølv.
For ein Ting vil ialfall
Sereige for gifte Kvendi vera godt. Det vil hindra alle desse Gard og
Pening-Giftarmaali, som hev voret i Bruk so lengi nokon minnest og er
det framleis. Naar Kjeringi fekk full Rett til aa bruka Medelen sin,
so vilde me snart sleppa aa høyra Ordtak som desse: Hadde eg
Pengarne, so kunde det vera det same um Gjenta. Og: Det er kje
for godt nokon aa hengja seg upp for Maten.
(
Meir.)
¹)
Berre no Kvendi ikkje tok upp atter desse gamle Namni!
Publisert