Til Hr. O. Aa.


Det hev vore skrive baade att og fram um Maalarbeide vaart i den siste Tidi, og det er Rett, at Folk tek det aalvorsamt med den Saki. Um ein kunna faa meire Samhøve Maalmennerne sinsimillom vilde det vera overlag gildt, men det gjeng ikkje fram paa den Maaten som Hr. O. Aa. kjem med i siste No. av Fedraheimen. Det er noko som ein sann Maalmann ikkje kann vera med paa. Hev me arbeidt oss upp ei Maalform, so fær me halda paa henne aa ikkje fara med annat Tull, som berre gjer Saki flokutt baade fyr ein sjølv og Motstandarne. Han talar um, at den sokallte Høyems Maalform er norskare hell Aasens. _ Det er etter mi Meining ikkje lenger noko som kallast Aasens Form no. Den gamle Maalformi, som Aasen uppstelde for 30 Aar sia, er Grunnlaget for det Maal, me Maalmenn no skriv; det er paa denne Formi, at Maalet hev utviklat seg, men den Aasenske Maalformi sjølv er burte for lenge sia. Det Maal, som t. D. Fedraheimen skriv er ikkje Aasensk. Det, me no brukar, er Folket uppøvd i; me hev endeleg med mykje Stræv bygt oss upp eit Maal, som Folk heile Landet rundt skriv, og no vil ein riva det ned alt saman for aa taka ei ny Maalform aa byggja paa. Er det ikkje godt nog det me hev daa? Sjaa etter i Fedraheimen, der finnst Brevsendingar fraa alle Landsens Kantar. Folk er vannt til det Maale og hev begynt aa elska det som sit eigje Skriftmaal.

Den Normalform, som me no kallar det norske Skriftmaal, er so nær Talemaale, som noko kann vera. Me hev ikkje slike daude Endingar lenger som adei Innperfektum. Me hev ikkje Serformer for Fleirtal i Gjerningsordi o.s.b. Slikt gagnlaust Vedheng hev me kastat burt, og Maale skrivst paa Lag plent som det vert talad. Nokre faae ljodlause Endingar lyt me hava, det er greidt, for eit Skriftmaal hev faste Former. Me skriv soleids elska _ elskad _ elskat. Skulde ein skriva plent etter Uttala, so vart det likeins i alle tri Formerne. Innsendaren O. Aa. vill ikkje hava den Formi, som me no hev brukat so lengje, nei me lyt faa noko nytt, som er betre. Aa det skulde daa vera Maalformi hans Ivar Høyem! Jau _ den Formi kann vera god nog for ein Trøndar kanskje, men som Normalform for heile Lande trur eg ikkje ho dugjer. Kor mange er det, som skriv paa det Maale og kor mange er det, som hev Kjendskap til det. Ellest, naar ein skulde sjaa etter, trur eg no ikkje, at Maalformi hans I. Høyem er so faarleg norskare hell.

Ein skal ikkje søkja aa tyna Maalsaki, no ho hev komet i so godt eit Gjenge. Slikt skulde ein ikkje tru um ein Maalmann. Ein turvte helder uppmoda Maalmenenrne til aa halda ihop og vekkja dei til meire Arbeid, for det trengst. Politikken stend for Tidi ofta i Vegen. Ein hev so mykje anna aa tenkja paa. Vaart Statsliv no um Dagen hev store Krav paa vaar Interesse, det er sannt, men me maa ikkje gløyma vaare gamle Stev.


Ingjald Kj