Tidender.

Kristiania, den 12te April.


Bjørnson vil koma heim til Norig for sjølv aa taka Andsvaret for det han skreiv um det kongelege Diktamen. Han vil inkje unna Redaktøren av Verdens Gang den Moroi aa sitja i Fengsel for den Saki, segjer han. Høgrebladi likar inkje, at Bjørnson kjem. Han hev stor Magt yver Folket, og det er ingen, som veit, kvat som kann henda segjer Aftenposten. Det er nokk underlegt med det vonde Samvitet.


Morgenbladet slær paa, at Bjørnson maa faa Strafarbeide for Skrivingi si. Dei er byrge no Høgre, sidan dei hev fenget ein Fedrelands-skrivar og ein um inkje tvo Morgenbladsskrivarar inn i Kongens Raad. Dei gjekk Frifantar under den gamle Styringi Høgre, og dei hev vel Von um aa gjera det framleides og, all den Stund dei kann tala um Strafarbeid for Bjørnson utan aa vera rædde Festningi for sin eigen Part. I gamle Dagar kallad dei slike Brotsmenn som inkje Lovi naadde for Frifantar, og me tykkjer, at Høgrebladskrivarne no for Tidi og burde setja Frifant i Namnet sitt, so det til Dømes kom til aa heita Kand. Kristian August Gotfried Frifant Friele, Stud. art. Amandus Frifant Schibsted. Markus Jakob Frifant Monrad o.s.b. Men Tinget burde hjelpa Justitsministeren med aa faa Tak i Frifantarne. Gjer det inkje det, so er det inkje verd Folks Tiltru.
 
_ r _


Ein Svenske, som skriv til Dagbladet undrast myket paa, at Folk her i Norge hev gjort slikt eit Staak av den Talen Kongen heldt paa Jarnvegsstasjonen i Stockholm. I Sverige hev ingen brytt seg nokot um det. Kongen er svært glad i aa halda Talur. Det er knapt nokon jamt brukt Festtalar i eit Ordenslag elder nokon myket brukt Kjøkemeistar, som er gladare i aa høyra seg sjølv tala enn Oskar II. Det veit baade store og smaa i Sverige; men dei veit og, at det er Skjil paa ei kongeleg Tale og eit Kongeord. Ingen i Sverige hev bryt seg so myket som aa ganga yver Gata for aa faa vita, kvat Kongen sagde den Gongen. Det er oss eit og det same segjer Brevskrivaren. Den same Brevskrivaren segjer, me kann vera trygge paa, at Riksdagen vil syrgja for, at det, som Vinstre i Norig krev, inkje vil verta gjort til Unions- spursmaal. Det duger vist inkje for Høgre aabruka Svenskeskræma lenger no.

_ r.-


Den 10de Statsraaden er enno inkje funnen, og det ser ut for, at han inkje er so lett aa finna helder. Kongen hev spurt Sæhlie, som før var Tingmann fraa Hedemarken, um han vilde vera Statsraad; men han sagde seg sjuk. Sidan skal hava spurt Konsul Christiansen (Larvik) og Konsul Wiel (Halden) og Grosserar Jacobsen (Fredriksstad) um dei vil vera; men dei hev orsakat seg dei og. Lehmann vert daa standande so lenge.


Styringi skal hava sagt, at det inkje er naudturvelegt, at Bjørnson kjem heim fyrr til Hausten.


45 Medlemer av Odelsthinget hev gjort Framlegg til ei Lelmping i Logi um Høgbrot. Det kann vera naudturvelegt det no, daa Høgre kjøyrer Kongen fram alle Stadar og finn Høgbrot alle Stadar _ i Vinstrebladi daa.


Kristiania Arbeidarsamfund vil møta upp med Fane og Musikk naar Bjørnson kjem.


Den liberale Forening her i Byen hev no 3007 Medlemar.


Um Tysdagen var det Forhøyr yver Redaktøren av Dagbladet for det som Bladet sagde um den Tala, som Kongen heldt i Stockholm.


Kongen reiste heimatt um Tysdagen. Folk var ute og ynskte honom Lukka paa Reisi. Me hev sett ein Stad, at Kristiania skal hava mange fleire Kvinnur enn Menn, og dersom det er nokon, som tvilar paa det, so lat han ganga ut ein Dag naar Kongen kjem elder reiser. Han fær daa sjaa minst 10 Gonger so mange Kvinnur som Menn. Og so alle Ungarne daa.


Bjørnson, Ibsen og Alexander Kielland hev skrivet til Tinget um, at det maa sjaa til aa gjera Æteskapsloven slik, at Kvinna inkje vert umyndug, naar ho gjifter seg.


I Staværn hev brunnet ned nokre Hus.


Det kostar aa vera Kar . Fædrelandet fortel, at Riksretten koster Landet 200,000. Ja det er vist sannt kanskje. Eg hev inkje reikna etter. Det kostar aa vera Kar segjer Ordtøket. Sjaa no Stortinget. Det kostar au. Det gjeng umkring 340,000 til det. Men tru Folket for det vilde vera tent med at det aldrig var Storting og Riksrett? Tru det inkje kom til aa koste meir? Jau eg trur det. Hadde me inkje vaart frie Styresett og Rettsverk, so var Riket Fant og det kostar meir aa vera Fant.

Hadde me inkje havt Storting ifjor, so hadde Utgifti voret 1,200,000 meir, minst det, so hadde Krunprisnen havt 50,000 meir til kvart Aar, og alle Embætsmenn mykje større Løn og mykje større Pensjonar. No bitalar me Riksrettskostnaden med det me sparar i 4 Aar paa Krunprinsløni. Er det daa so forfælande gale, daa Fædreland? _ Ja eg tenkjer nok Landslyden, Folket, kom til aa faa kjenne det, at det kostar meir aa vera Fant. Fædrelandet fær inkje innbille mange no i Tidi, at det kostar meir aa vera Kar hell aa vera Fant.


Dei stygge Ordi, som gjekk um at Regjeringi hadde raadført seg med utlendske Styri, er no paa ein Maate avsanna. Eit svensk Blad segjer, at det er berre Fjas; norske og svenske Embetsmenn er heilt frie. Ein Brevskrivar til Dagbl. segjer, at det er andre, som hev gjort det; Folkesnakket i Stockholm hev ikkje teket med dei dømde norske Statsraadar.


Nokre vælsindede Kristianiamenn hev haldet Æresmiddag for dei dømde Statsraadarne. Der talad og tullad og tøvde dei ein Del, som ein kunna venta, naar slike Folk kom ilag; men det skal me tilgjeva dei. Det er ingen som kann taka seg til meir Vit enn han hev fenget, og inkje kann dei dømde Statsraadarne og dei vælsindedeKristianiamenn det helder. Morgenbladet nemner serleg, at Statsraad Jensen vart leidd til Bordet av Juvelar Thune. Det er rimelegt, at Friele er glad for, at dei gamle Statsraadarne vart heidrat slik, daa det er dei Kararne Frifantarne hev aa takka for, at dei no inkje tærer Hestekjøt paa Festningi.

_ r _.


Langeleik. Øystein Rudi fraa Valdres er no i Byen med Langleikar. Han bur hjaa Bendz & Larsen Grensegata. Dotter hans, Ragnhild hev spila paa Konsert ymse Stader og fenget mykje Fagning. _ Ja det er vent Spil og aa høyra paa, naar det er nokon, som er god til aa laata paa Langeleik. Billigare Spilgreide kann ein aldri faa seg; og ein kann læra seg upp sjølv med Spilingi, so ein er bergande. Gjenturne skulde taka til meir med det. Han er reist heimatt no Øystein, men han hev sett att nokre Spil hjaa Musikhandlar Olsen i Akersgata. _ Skriv De til honom sjølv (Øystre Slidre Valdres), so fær De gjort dei ogso.


Høgskulelærar Ullmann hev fenget Innbjoding fraa Sverige um aa koma dit og halda Fyredrag yver den norske Stridspolitikken. Han hev lova aa koma og skal fyrst tala i Ørebro, Uppsala og Stockholm.