Brevsending.

 
Hr. M _d! Rekneskapsføraren for det Norske Samlaget bur i Lykkjevegen 13, 2dre Høgdi. Hjaa honom kann ein faa skriva seg inn i Samlaget.


Her er mange, som skriv Vers. Men det er so sjukt og saart og vaaklegt mykje av det. Anten er det som Tvil hell laus Lengt store Delar av det. Her er forlite Eld og forlite Kraft. Me likar det som er greidt og djervt, me vil hava det varmt og trugje og hugnalegt, og Aalvor skal det vera. Me vil hava det, som aukar Mot og Mandom, det er nok Sut i Folk før. Me vil hava det, som kann vekkja Kjærleik til Gud og Menneskje, me vil hava det som kann kveikja Hugen til Arbeid. Me vil heller auka den nationale Æra enn tala um Skammi, me vil heller halda fram Rikedomen vaar enn aa preika um Armoi. For me hev den Gjerdi, at me trur paa Gud, me held oss til Fedraheimen og me liter paa det norske Folket. Det finnst inkje Tvil hjaa oss paa nokor Leid; det er sovidt De veit det. _ Det er nok ymist Kryp her i kvar ei Kraa; me vyrder inkje det. Men det me hev sett os fyre, det skal sanneleg fram.