Tidender.
Kristiania,
den 28de Mars.
Riksrettenhev
dømt
Helliesen
og
Munthe
og
Bachke
og
Jensen.
Same Domen fekk dei som Selmer. Dei vyrder inkje aa verja seg meir
hell no, so det gjeng utruleg fort. Dei brukar inkje meir enn eit Par
Timar aat kvar Statsraad. No er det att berre Johansen og Schweigaard
og Hertzberg, som er udømde. Laurdagen skal dei halda Dom yver
Johansen, og so dei hine uti næste Vika.
Nye
Statsraadsemne
er inkje funne endaa,
Statssekretær
Lehmannog
Amtmann
Ryeog
Telegrabst
Nielsenog
Amtmann
Collet
skal embætta til so lenge.
Det er laaktmed
Høgre no.
Dei lyt til aa ganga
attpaa Ordi sine att.
Dei maa til aa binda
Storuksen att, som var slept laus, dei fekk inkje nytta han til
Køyrukse lel, dei lyt til aa læsa inn Revolutionstankarne att
sjølve. Dei tenkte væl som so, at so lenge spøkjer det, til det
vert høyrt heilt inn i Justitsdepartementet, og dei fælte væl for
det, at vart Morgenbladet sett fast, so vart det inkje likaeins som
med Hol, at Folk vilde prisa det som eit Sanningsvitne. Den andre
Bølingen gjeng væl altid laus endaa og burar og byljar inni dette
gamle Fjoset i Voldgata. Men Storuksen hev dei daa voret nøydde til
aa setja Lovgrima paa og køyrt han inni Baasen sin att sjølve
Kararne. Trugslurne mot Høgsterett for det dei inkje gjorde Streik,
dette ægtefødde Barnet til Morgenbl. hev vortet avdømt i sjølve
Bladet, fyrst med milde Ord, det vart kalla ikke allene
overfladisk, men rent ud tankeløs Tale, men sidan vart det
strengare. Det vart kalla for ei Øydelegging av baate
Statsforfatning og Samfundsorden. Ja
Det
er ligefrem Revolutionens, Anarkiets Lære, som prædikes ved saadan
Tale.
Slik er Morgenblads-læra dømt
i Bladet sjølv. Det er av sine eigne ein skal hava det.
Den betre Del av det gamle
Høgre sig ifraa dei lite um Senn skal De sjaa, dei hev byrja med aa
motleggja Uppmodingarne til Høgsterett um aa gjera Streik, det kann
difor inkje vara lenge før dei tek til aa motleggja Innpaatydingarne
um at Kongsmagti skulde gjera Lovbrot og Statskup hell. Det maa dei
ogso gjera, motleggja der, soframt dei vil vera heiltut ærefulle
Folk, soframt dei vil verkeleg agtast som eit ærlegt politisk Parti.
Det er inkje nok med dette eine Motlegget, dette er berre det gode
Tiltaket, men vert det alt med det, so er det berre Halvegs-verk, og
tyder paa Rædsla og Stakkars-dom meir enn paa Manndom. Nei dei maa
bæsa¹) alt som er laust,
dei maa klavebinda alle sine Kyr, binda dei med Loven, i Moral og
Folkeskikks Namn. For den Fridomens Aand, som er komen inn millom
Høgre, det er inkje av det gode, det er ei Vrengjing av den sanne
Fridom, som er noko anna enn aa fylgja sine eigne Lyster i Lovløysa.
Dei hev ropa etter Aand og Aandens Menn Høgre no, dei
hev sukka under Lovtrældoms Aand, det dei sjølve hev sagt.
Men meiner dei at Lovbrot er det same som Aand og at Statskupsmenn er
det same som Aandens Menn, so visar dei paa ein syrgjeleg Maate
Umogjenskapen sin til aa vera Fridoms Søner, og skal dei det læra,
maa dei nok endaa finna seg i aa liva under Lov og Morals Trældom,
um dei og sukkar under Oket.
Dei er i Heloromhell Daud-striden. Dei veit at det er
paa det siste med dei. Dei veit at det er inkje Botevon for dei, utan
at dei vilde plent hugvendast, men det hev dei liten Hug til. So triv
dei til det minste Halmstraaet, um det kunde vera Raa, at Uppløysingi
deira kunde drygja ein Minnt hell tvo. Det er Unionen og Svensken dei
driv med litevetta no att. Dei hev Vissa for det no, at dei svenske
Statsraadarne held det for eit Unionsvilkor, at korkje den norske
hell den svenske Grunnloven maa forandrast utan at Kongen samtykkjer,
og at baade den svenske og norske Krigsmagti maa standa under Kongen.
_
Det
var Kongen sjølv som hadde Moro av aa vita kvat dei meinte og so
spurde han dei, daa han var til Stockholm no som snøggast, endaa det
tilkom inkje det svenske Statsraadet aa berøra norske Saker,
sagde han.
_
Og sume krev daa paa det, at skulde Kongen inkje hava Veto, so var
daa eit Unionsparlament det mindste ein laut hava til Sikring.
Men naar Høgre hev lotet
triva til Unionstankar no att, so trur me sanneleg det berre visar
kor raadlause dei er. For den Saki vert vist aldri nokor Reddning for
dei, som kallar seg for Høgreparti no, det vert heller berre
Sprengjing meir. Me minnest korleids det gjekk med Unionsframlegget i
1871, det fekk berre 17 Mann med seg og ingen Bonde.
Slikt Unions-snakk
vil berre verka til aa samla Folket vaart, segjer
Dagbladet.
Det som Vetostriden hev rivet sund vil dette binda ihop att. Dei
frilynde vil aukast i Tal ved slike Freistnader, ja dei vil samla seg
meir inderlegt med eit djupare nationalt Feste. Og der vil gilde Menn
finna att kvarandre, som dei siste Striderne hev skilt sund. Paa
Millomgreida med Svensken vil det inkje gjera nokon Ting slikt Snakk,
men paa Heimegreida vaar vil det hava sine Fylgjur. Det var i Striden
mot denne Samrøringi at dei frilynde samlad seg. Og dei fornemste
Emne i det Statsraadet som no er dømt, dei er tekne or den Flokken,
som det daa gjekk so ille med. Vetopolitikken hev berre voret ein
Freistnad paa aa vinna att med andre Midlar det som dei miste der.
Men no hev ogso Vetopolitikken stranda. Men skal det gamle Stellet
halda paa endaa, kvat andre Maatar hev dei daa enn at dei freistar aa
gjera Uppstyr med Samriksgreida og bruka Trykkjet der til aa faa
Viljen sin fram med. Det vilde vera ein høveleg Gjengangar til
Ministeriet Stang. Det er merkjelegt, at Samrørings-tankarne hev
komet fram nettupp no. Her i Landet fekk eit nytt Høgreministerium
ingen Ting aa stydja seg paa. So laut det finna Styttur aat seg
utanfor Landet. Men Foragt vilde dei faa ifraa det fyrste.
Ein
Fridomsvrengjar
av rette Slaget er
Yngvar Nielsen Dr. kongl. Hoffhistorieskrivar. Medan Morgenbl. lyt
til aa attra seg, flyg han paa Bygdom og preikar den reine Læra.
Vi gir os ikke, vi
lader os ikke føre under Aaget, sagde han. Aa nei han vil væl
inkje vita av Lovtrældom han, han er væl av Aandens frie
Sønner.
Vi vil ikke gi os
under Majoriteten, vi vil
Frihed.
Der ser ein kvat slike Folk meiner med Fridom, det er inkje
Fedralandet og det norske Folket, soleids som det talar gjenom dei
lovlege Former, det er inkje det, som dei vil arbeida for Fridom aat,
men aat seg sjølve til aa styra som dei vil. Soleids som det kom so
tydeleg fram i Aftenposten, daa han talad um eit Sentrumsministerium,
som kanskje var ventande. Det vilde vera ille meinte Bladet
_
inkje for Fedralandet, for
det
viste nok Bladet at det vilde vera bra, daa Striden kanskje kunde bli
nedsont ved det, men Aftenpostens Tankar gjeng inkje so langt, deires
Fedraland er Kristiania, deires norske Folk er Høgredotten
_
og for
Høgre
vilde eit slikt Ministerium vera til Skade, sagde det fedralandskjære
Bladet.
Og slike Folk vaagar aa
kalla seg for Fridomsmenn, so Bønder og Arbeidsfolk høyrer paa det!
Slik ein som Nielsen, som vilde hava absolut Veto i Lovsaker ogso.
Folk lyt daa skyna, at det er ei stor Fornærming mot dei, at slikt
vert tala, dei maa daa skyna, at ein slik Mann maa halda Bønderne
for aa vera ugroveleg dumme. Men dei er verkeleg inkje so dumme dei
som Doktorar og Professorar trur.
Det bar innpaa
Mjølsekkjerne og Riflurne hans Rinde.
Det kom lite an paa, om
Rindes Rifler tilhørte Virkeligheden eller Fantasien, meinte
Nielsen.
Galdt det ingen Ting um
Soga var sann daa kanskje? Er det berre det som det spørst um, aa
finna noko, som kann høva til aa øsa Folk upp med?
Det er fælt at slike
Karar som dei med Morgenbladet skal ganga lause og inkje vera sett
fast for lenge sidan, var det ein som sagde.
Aa det var inkje so vist
aa vita, det kunde nok henda dei vart frikjende av Domstolarne,
svarad Nielsen, og daa vart det Spursmaal um kven det var som fekk
Vinningi.
Aa segja slikt det er
sanneleg ein Grovskap og ei Fornærming mot Domstolarne vaare, som
sanneleg ingen Vinstremann hadde kunna gjort. Det er ingen
Vinstremann som vilde fornærma Domstolarne ved aa tenkja seg til at
dei vilde godkjenna Revolutionssnakket aat Morgonbl.
Men Nielsen var i ei
Knipe, og noko maatte han segja. So brukad han Grovskapen. Han fann
den Utvegen høvelegst for seg, naar han endeleg skulde forsvara
Justitsdepart. fordi det inkje hev teket slike Karar. Han hadde
hellest havt ein annan Utveg og, som maa vera den einaste sanne for
den som skal verja dette Lovens Uppsyn i Landet. Men han likad inkji
den Utvegen, for hadde han komet med det, hadde han sjølv maatt
raudne som ei Gjente. Bljugskap er inkje hans Fylgjesvein. Men det
skulde han hava komet med livevæl, han skulde berre hava klemt i og
sagt:
at Justitsdepartementet
meiner væl som so:
Lat Ungarne
skrika ifraa seg, so tagnar dei av seg sjølve; steller ein med dei,
blir dei berre mykje verre
.
Det er upplystat
det kongelege Dictamen hell Kongsordet um Utføringi av
Riksrettsdomen var underskrivet av Statsraad likevæl. So skal daa
ingen segja anna, enn at det er Regjeringi, som skal faa bera heile
Skuldi der ogso.
Fraa Sagatun.
(Brev til Fedrah.). 7de, 8de og 9de Januar var eit folkelegt
Venemøte her med Fyredrag og Ordskifte um Statskjyrkja, Maalsaki m.
m. O. Arvesen, Herman Anker, Professor Lyng, Oddm. Vik, Lasse Trædal,
Bilæthoggar C. Borck og Stud. Olav Arvesen var der og talad. Møte
var kvar Dag søkt av millom 2
_300
Menneskjor. Den 10de byrja Skulen. 35 Gutar var daa møtt fram; men
um nokre Dagar vart det 45, som det sidan hev voret. Dei er fraa ymse
Kantar av Landet,
_
like noranfraa Trondheim og sunnanfraa Jadren og Mandal. Læraranne
er umframt O. Arvesen, Stud. Olav Arvesen og Martin Nordby. Den
kvithærde Heidersmannen, Bilæthoggar Borck hev og vorit her fleire
Gonger og tala um Kunsten og um sine Ferder i Utlandi. Tora, Kona
hans, hev voret heruppe kvar Morgon og sunget fyrr og etter Bøni.
Det er makelaust fagert Maal ho hev. Ein kann aldri bli trøyt av aa
høyra ho synge. Aa finna tvo som er so brennhuga for alt det store
og fagre i Livet som Borck og Tora er vanskelegt. Bjørnson skreiv
for 17 Aar sidan til Borck:
Du lys og sterk blandt
Venner staar
i Dag, du fylder femti
Aar,
og det, du skabte om dig
ler,
men selv du fremad ser.
Din Barnetro, din glade
Aand,
og saa din aldrig trætte
Haand,
dit Hjems Musik dit
Hjærtes Viv
skal digte i dit Liv.
Desse Ordi hev eg hugsa
kvar Gong, eg hev set denne Ungdomsfriske Mannen, for dei passar som
um dei hadde voret skrivne i Dag.
Aa for eit Liv me liver
heruppe. Gledelegare Dagar kann ein inkje faa i Verdi. Tid gjeng som
eit Dikt. Kor hugsamt det er aa sitja i den vene Skulesalen og høyra
paa Arvesen, naar han talar um dei gamle Nordmenn og um vaare store
Diktarar og les upp av deires Arbeid, der er nokot, som inkje godt
kann skildrast. I desse tvo Maanadar, Skulen hev voret, er mangt eit
godt Frø lagt ned i Bringa paa Gutom. Det ein lærar paa nokre
Maanadar er inkje alt; men den Hugen ein fær til aa gjera nokot i
Livet sjølv er meir.
Eg tenkte fyr meg sjølv,
daa eg hadde voret nokre Dagar her: Alt er som fyrr; men det er
meir forklaara, som Dagsens Ljos meg synes meire bjart. For eg
hugsad paa Fjorvetteren daa eg og var her nokre Maanadar.
Kvar Torsdagskvell
hev me Samtalemøte (Storting). Daa Møte byrjar vert det leset upp
eit handskrivi Blad (Sagatuneren). Det er morosamt aa høyra Gutarne
fraa dei ymse Bygdelag tala i kvar sit Bygdamaal, og bra er det, at
Bondeungdomen øvar seg i aa
læretala
fyre seg.
Maalsaki maa du inkje tru
at me gløymer. Av Elevarne er det 15, som les Fedraheimen og
16, som er Medlemer i det norske Samlag, og fleire hev sagt, at dei
vil melda seg inn seinare. Her um Dagen hadde me Maalsaki fyre paa
same Talemøte; og alle talad fyr, at det er ei Sak, som ein og kvar
Fedrelandsven bør stydja.
17/
3
84.
Gunnar.
Fraa Tinn.
Eg liksom kviknad uppat, daa eg saag Tinndølarne ruskad paa seg,
etter at Presten, Doktaren og den gamle Lensmannen hadde sendt ei
Bekymringsadresse herifraa. Eit lite Bil etter eit
Vinstresamlag! Eg vonad det gjekk slik. Eg takkar dykk. Me kann paa
ein Maate takka desse Bekjymra og: Dei skapar fleire
Vinstremenn. Det var reint hugnalegt aa sjaa, at her fraa Tinn var
det berre ein einaste Bonde (den avgjengne Lensmann) og so dessa tvo
Umbodsmenn. Tinn hev umkring 2500 Innb.!
Tru den gamle
Lensmannen hev fleire Bekjymringar aa avleggja? Fraa Sauland,
som er likeso stort som Tinn, er det ikkje fleire Bekjymra enn
Skrivaren, Doktaren og Presten. Men so kjem Gransherad med Anekset
Hovin, som av Naturen er Midtstaden av dessa 3 Gjeld og i Adressa er
Tapp- og Tyngdestad; der er det 29 fraa. Detta Prestegjeldet hev
innmed Tinnsjaa tvo Vollflekkar, som dei kallar Busnes- og
Russgrendi. Dessa tvo Stader er so innstengde, at Folkje ikkje slepp
nokon Stad, utan paa Baat eller beint uppetter Fjellet. Dei hev difyr
stulla mest fyr seg sjølve. Der er dei fleste Be- kjymra fraa.
Jamvel unge Garmannsgutar hev der fengjet upp Augat fyr
Bekjymringje. Ror eg yver Vatnet, finn eg Klokkaren, ein
Skulemeistar, ein Kaarmann og ein Arbeider blant dei Bekjymra.
Ja, naar Presten er Bekjymra, kan ein Klokkar og Skulemeistar
hugheilt vera med. Ikkje likeins med ein Vinstremann; han maa ikkje
opna sin Munn, so Vantrue ikkje fær strøyma ut or honom. So
ber dei so hjartevarmt fyr ein slik, at han maa
faa upplatne Augur! Tru det er fyr aa sjaa paa dei? Nei, daa hev me
set nok!
Ein av dessa Bekjymra,
ein velstaaendes Bonde, hadde laant Namnet sitt utan aa sjaa Adressa,
men daa han fekk sjaa den paa Prent, sa han: Nei, det er daa
forgalet! Eg hev høyrt det med Sunnavinden, men det skal vera
aalvorleg Sannheit. At mange av desse hev skrivi under, er reint
løglegt, daa dei slett ikkje veit Forskjel paa Høgre og Vinstre. Eg
vil bruka eit høvande Ord om dei:
Dei er te Fyll. Endaa er
Adressa so lita te vera fraa tri store Prestegjeld (Telemarken),
at ho dømer seg sjølv.
Goe Vinstresambygdingar!
Lat oss arbeida! Fram Bondemenn, fram, rolegt men fast!
Verdens Gang gjere
so vel aa taka upp dette.
Fest.
Sundagen den 2dre Marts samla me Neslendingarne (i Vinje) oss til
Fest paa Sandok. Meiningi med Festi var, som ein Talar sagde aa gleda
oss yver det, som me ved Riksretten, Landets høgste Domstol, hev
vunnet: den hev synt alle, at me Vinstremenn stend paa
Lovens Grunn, at det absolute Veto
hev fengi Banen sin og ikkje hev meir aa gjera. Talaren slutta med
eit Live Friheit, Likheit og Broderskap, som vart svara paa med
Hurra.
For Sverdrup var og tala
nokre Ord og enda med Live Johan Sverdrup og kraftigt Hurra etterpaa.
Me song Fedralandssongar,
og um Friheit og Upplysning ut etter Kvelden.
Der var ikkje eit sturt
Andlit aa sjaa, men alle, Karar og Kvende, var fyllte med Fridomselsk
og Fedralandskjærleike.
+ 13.
Det norske
Samlaget
hadde Aarsmøte Fredag. Den
gamle Styringi gjenvald, berre det at
H.
Ross
gjekk ut or Styret og inn i
Domsnemndi og
I. Mortensenkom
inn i Styret.
I Underhuset
i England vart nyss for seg havt eit Lovforslag, som gjekk ut paa aa
taka Sætet fraa Biskoparne i Overhuset. Forslagsstillaren meinte, at
Lovarbeidet meinkad dei i Prestegjerningi og var til Skade for
Staten. Han upplyste i Ordskiftet, at Biskoparne hadde voret imot
kvar einaste gagnleg Sak, som dei liberale hadde sett igjenom. Ved
Røystingi fekk Forslaget 150 imot seg og 139 for seg. Fleire
Regjeringsmedlemer let vera aa røysta.
¹)
= føra paa Baas.
Publisert