Latinskole uten Latin


af K. Knudsen. Kristiania 1884. Trykt paa Bokskriverens Kostning, sælges hos A. Camemrmeyer. Pris 2 Kr. heftet (248 Sidor).

Det er ikkje lengje imillom kvar Gong, at den gode gamle Overlærar Knudsen, som det ser ut til ikkje trøytnar, sender utatter ei Bok. No er det utkomi ei atter, og det ei gild Bok og. Det er Innlægg imot dei daude Maali, som tek den meste Tidi og dei beste Krafterna av Ungdomen i dei lærde Skulom og gjev ei liti Vinning for alt det harde Strævet og Slæpet. Denne Boki til Knudsen gjeng ut paa aa visa, at Ungdomen vilde vinna mykjet meir ved aa lesa større Deilder av den latinske og græske Bokavlen i gode Umskrifter, enn han kann vinna no ved dei smaa Bitarne, som Skulegutarne med mykjet Slit og Slæp hakkar og staukar seg igjenom i Grunnmaalet, og som dei fleste gløymer, naar dei hava gjenget gjenom Aalmennprøva paa Høgskula (Examen artium). Soleids gjekk det meg, og so gjeng det mange. Eg hadde staukat meg paa ein klen Maate igjenom 5 Songar av Homer og ein Bolk av Herodat. Det gjekk nokre Aar. Eg tok fatt paa dei atter, og eg kunde ikkje mange Ord, og det var meg ikkje mogelegt aa minnast, kvat det var for Bøker eg hadde leset i Homer. Men so las eg igjenom heile Homer, baade Iliaden og Odysseen, kvar med 24 Songar, og Herodat _ alle 9 Bolkar _ i Umskrift; og daa fekk eg ei god Kjensla til desse Bøkar og til det Tankeliv og Aandsliv, som er lagt inn i deim. Eg talar soleids etter Røynsla; det er gjenget meg likeins med dei latinske Skrifter og. Eg vil daa ikkje segja, at mitt Kjennskap til Grunnskrifti ikkje gjorde meg god Nytte, daa eg las Umskrifti.

Men um dei alle no ikkje vil ganga med Knudsen so langt, at dei leggja reint burt Latin og Græsk og berre lesa dei Bøkar i Umskrift, so kann dei i minsto ganga med eit godt Stykkje. Eg meinar, at det var mykjet vunnet, um Latinen var kjøyrt ut or Høgsetet, der han sit no. Det er leidt aa tenkja paa, at paa dei lærde Skulom heve Latinen no 9 _10 Timar for Vika, men Kristendomskunskap heve berre ein. Det vore godt, um Latinen fekk nøygja seg med i Høgdi 3 _4 Timar som Græsken, og at det var lagde noko fleire Timar paa Umskrifter og paa nyare Maal elder andre Greiner.

Knudsen fører fram mange Vitnesmaal til Studning for si Meining, yver 20 ymise Umrødor av norske og danske Menn til Beste for aa lesa Umskrifter, 6 Vitner fraa Norge, 11 fraa Danmark, 7 fraa Sverike, 8 fraa Tyskland, 3 fraa Frankrike og 6 fraa England, alle imot Latin og Græsk slik som dei no vert brukte. Knudsens Bok gjev mange gode Utgreidingar um den lærde Daning, til Dømes i England. Me trur, at berre dette vore nog til, at Boki er værd til aa verta lesi av mange.

Boki hev fleire Tillag, ibland deim og eit um Vitenskapsselskapet i Kristiania, og dette er og nokot til aa tenkja paa. Knudsen legg der fram den Stridi, som dei førde i 1883, Stipendiat Helland paa den eine Sida og dei, som vilde forsvara Vitenskapsselskapet, paa den andre Sida. Helland paaviste daa, at Stjorni i Vitenskapsselskapet er i Hendom paa eit Koteri, og det er difyr, at Menn, som K. Knudsen og andre ikkje er fundne gilde nog til aa vera Medlimer av dette Selskap, imedan fleire Menn, som Skalden A. Munch og andre med honom er Vitenskapsmenn, avdi dei hava den rette Trui maavita etter dei Grunnsetningar um Vitenskap, som Stjorni held fast paa.

Det er med denne, som med dei andre Bøkar av Knudsen, at um ho talar um dei Emner, som ikkje i seg sjølv kann vera morosame, er Boki mykje morosam likavæl. Knudsen heve her i Gaava, som ikkje mange hava, til aa gjera det morosamt, som ikkje er det. Me ynskja difyre, at mange vilde skaffa seg denne Boki; ho er væl værd til aa verta kjend av mange.