Fyredrags-Samlag.
(Av Oddmund Vik)
Denne Saki hadde eg
snaudt skrivet um, dersom ikkje ein Ven hadde bedet meg um det. Det
er ingi ny Sak, men det heve til dessa komet so reint for litet utav
henne. I Bergen hev me vel den eldste og største
Foredragsforening, men det er den einaste eg veit um, som det
hev voret rett Tak i. Der hev dei naatt so langt, at dei kann
innbjoda Menn fraa alle tri Nordlandi til aa halda Fyredrag um alle
dei Spursmaal, som er framme millom tenkjande Menn og Kvinnur i vaare
Dagar. Og so er det sume av Vinstre-Samlagi. Men det hev voret
Politik og ikkje stort annat. Og det er berre her austpaa det hev
komet nokot i Gang, etter det eg veit daa. Vestpaa og i
Fjellbygderne, der det er langt imillom Grannar og kostesamt aa
reisa, hev det voret reint som eit Hende, at ein framand Mann kom til
aa tala der. Ja det hev fulla hendt, at dei hev teket seg til aa
innbjoda denne elder hin Mannen, men anten maatte daa eit Samlag
elder nokre Menn, som slo seg saman um det, skrapa i Hop til
Reisepengar aat honom. Detta er vel nokk, men det vert svært til
Tiltak, naar dei ender og daa skal faa eit godt Ord, og det gjeng so
sjeldan paa.
Ein kunde tykkja, at
det var rettast, at dei som hadde eit Ord til sitt Folk, at dei gav
det fyr inkje. Ja vist var det so! Og Folk vil helst hava det fyr
inkje. Det var fulla det beste og, um so var. Men dei Folk, som skal
tala, liver ikkje av Lufti dei meir enn annat Folk, og inkje kann dei
faa Vinden til aa skjussa seg fyr ingenting helder. Og Folk, som er
so vel vane med aa bitala Prestarne fyr alt dei gjer, og
Skulemeistararne og Valmennerne og Stortingsmennerne, dei kann ikkje
tykkja, det er underlegt, at ein, som legg fram sine beste Tankar fyr
Folk, og maa liva av nokot. Kannhenda Folkekravet er rett, men skal
det verta Raad aa fylgja det, so maa me naa dit, at Aandsmennerne hev
eit Yrkje, som gjev dei Maten
_
soleids hadde Paulus det. Men det er langt dit.
No gjeng det paa den Visi,
at Folk høyrer litet, og dei, som hev nokot aa segja, titt maa halda
det fyr seg sjølve, daa dei ikkje hev Raad til aa reisa, som dei
vilde.
Den politiske
Striden hev millom annat lært oss, at Folk ikkje hev nokk med Blad
og Bøker, allvist ikkje med berre Blad. Naar det kjem rett Vind i
Segli, lyt det verta Talen, som ber Hovding-Namnet. Ein kann tryggt
segja, at det er paa Folkemøti Ordskiftet hev stadet desse Aari, og
det er Talen, som hev lagt den politiske Kunskapen etter seg. Difyr
hev Bladi fenget ein Svip, som dei ikkje hadde fyrr. Dei hev vortet
refererande,
ikkje so mykje
diskuterande
som fyrr. Og naar eg hev reist millom Folk, hev eg støtt lagt Merkje
til nokot: der dei berre hev leset Bladi, hev det mest voret detta og
hitt einskilde Spursmaalet
_
ofta beint fram Smaating
_,
dei hev hengt seg i, men der dei hev voret paa Møte elder hev høyrt
Fyredrag um Saki, er det allstøtt meir Syn paa dei store
Grunntankar, som alt det andre vert lagt innunder. Detta var nokot
ein kunde venta og. For med Bladi hev me det, som naar me møter
Grannen vaar paa Vegen: han fortel um det, som hev hendt sidan i
Gaar, og han maa hava svært gode Stunder, skal han gjeva seg til aa
taka fram dei Tilburder, som paa ein Maate hev format alt. Vistnokk
gjer sume Blad seg fyre og vil gjeva gode Utgreidingar, men det
liksom ikkje hjelper. For det er det nye ein spyrr um og gjev mest
Gaum etter. Naar Folk gjeng til eit Fyredrag, vil dei ikkje plent
høyra nyaste nytt. Det er liksom det ikkje høver helder til eit
Fyredrag.
I Danmark er denne
Saki i svært godt Gjenge. Baade i By og Bygd er det
Fyredrags-Samlag. Paa Landet er det fleire hundrad. Berre paa Fyn er
det vist dei 50, um ikkje fleire. Det kann vera fleire i same Bygdi,
og Bygderne er daa ikkje naame nær so store som hjaa oss. Dei fleste
Stader hev dei bygt upp Hus til det. Yver Jamnen kostar dei 3
_4000
Krunur og tek ein 300 Menneskjur. Men dei er tidt større. Eg veit um
dei, som tek 1200 Menneskjur og vel so det. Desse Husi er baade
Øvelses- og Forsamlingshus. Det fyrste Namnet hev dei, av di
Ungdomen i Skjotarlagi kjem i Hop der minst ein Gong i Vika, so lang
Vettren er, og øvar seg i Gymnastik og Idrottar. Godtfolks Gaavur
hev kastat upp desse Husi, og det er fyrst i den siste Tidi, at det
hev vortet skotet til av Pengarne til Skjotarlagi.
Gjenom heile
Vetteren
_
sume Staderheile Aaret
_
hev dei eit Fyredrag fjortande kvar Dag elder i minsto eit i
Maanaden. Og det er Fyredrag um alt stort og godt baade fraa gamal og
ny Tid. I den vesle Sokni paa den Jyske Heidi kann dei faa høyra
fleire Fyredrag um Aaret av dei mest namngjetne og dugelege Menn i
Danmark og utanfyre Landet. Detta heve gjort svært mykje til aa
vidka Hugen og Tankarne. Det hev gjort mykje til, at det er so
velstellt paa Gardarne,
_
at der er Tankar, som gjev Solskin og Gleda i Daglegstovurne.
_Talararne fær Bital, so dei er
godt skadelause fyr Reisi. Medlemerne bitalar Aarspengar. Dei som
ikkje er med i Fyredragslaget, bitalar Inngangspengar
_
sjeldan yver 25 Øyrur, tidast 10, 15. Tidast er det so, at dei, som
hev best Raad, er Medlemer, og dei bitalar Inngangspengar og. Det er
vist sjeldan Talaren fær alt, som kjem inn, og det gjeng daa til
Huset.
Detta var i Danmark, der
Vilkori er betre og lettare enn her, men det kunde gjerast mykje hjaa
oss og. Hus treng me ikkje so hart um som i Danmark, daa det er
lettare aa finna store Rom. Ellest var det aa tenkja paa aa faa upp
gode og store Møtehus i kvar Bygd. Det vil trengast meir og meir i
dei komande Tider. For me hev mykje aa samnast um i Norig no.
Kannhenda Politikken hev
brotet Vegen, og gjev det var so vel! Men det er berre ei liti Byrja
endaa. Folk bør tenkja etter, um det ikkje var godt aa skjipa
Fyredrags-Samlag Landet runnt. Ellest vil eg venda detta mest til
Vestlendingar og Fjellfolk. Paa Flatbygderne her aust er dei alt paa
Vegen, og so er det ikkje vært aa faa Tak i ein Mann til aa halda
Fyredrag, daa der er so bra lett aa koma fram. Det er ikkje sagt, at
ein trengde skipa nye Lag. Eg likar ikkje alle dei Samlag.
Arbeidarsamlagi i Byarne kunde vera eit Fyredøme, daa dei hev sett
seg fyre aa hjelpa sine Folk paa alle Viser: Det er ikkje mange
Bygder, utan dei hev Samtalelag, Vinstresamlag o.s.fr. Det vilde vera
svært høvelegt, um dei gjorde seg til Fyredrags-Samlag og. Detta
trur eg var det beste dei kunde taka seg til. So hadde Folk nokon til
aa syta fyr Fyredrag og Reisepengar til dei, som tala skulde.
Det kunde fulla
trengast, at Arbeidar-samlagi i Byarne vart litt meir
Fyredrags-Samlag enn dei til dessa hev voret. Det hev gjenget paa den
Visi, at dei mest hev snultat seg til Fyredrag. Eg vil ikkje segja
nokot paa det. Men til ein Konsert gjev Folk ei Kruna, til ein
musikalsk-deklamatorisk Aftenunderholdning og ei Kruna,
_
naar alt godt skal kaupast fyr Pengar, kvifyr skal det so vera
Fyredrag dei skal faa fyr ingenting? Det verste er ellest detta, at
dei i vaare Smaabyar ikkje fær meir av gode Fyredrag enn paa Landet
og snaudt det.
Tenk daa paa denne Saki
nokon kvar!
Skien,
19/
3
1884.
Oddmund Vik.
Publisert