Um Maalsaki.


(Av Alf Baartvedt)


Berre det vart Einigheit um Yvergangsformi, um Reglar for norsk Skrivemaate! Eg skulde meir enn gjerna gaa med paa den sokalla Normalform; men eg tenker liksom Berner, Bjørnstjerna Bjørnson og Høyem, at me først lyt ta upp det, som straks let seg gjenomføra. Alle skal samlast um eit, alle vera med, i det minste alle Bygder. Difor gjeld det um aa vera praktiske; ellest er det liti Von um snar Framgang. Det er Tanken aa faa Norsk inn i Folkeskulen, i Skulebøker og først og fremst i ei Lesebok. I denne lyt Maale vera nokonlunde høvande for alle Landsdeler, og det ligg daa nærmast aa ta dei Ord og Formar, som er mest bruka i dagleg Tala t.d. ha _ har _ hat, segja elder si, gi _ ga _ git, bè _ ba _ bèt, gaa _ gaat o.s.b. Ennvidare: somange Tvelyd og so faa lydlause Medlyd som mogeleg. Soleids kann det bli Spursmaal, um det ikkje er bra aa begjynda med Brød istadenfyr Braud, Daap fyr Daup, Sjæl fyr Saal. Dubling av Medlyd tek seg godt ut; berre ho ikkje vert for brysam. Formar som honom, Lærarom er ikkje aalmenne nokk. Skulde det ikkje vera best aa skriva k og g gøre alle blaute Sjølvlyd? _ Skilnaden millom Berners Forslag og Normalformi aat Ivar Aasen er ikkje so stor, som den ruver. Aa endaa alle Tingord paa r i Fleirtal let seg vel ikkje gjera i Norsk. Det andre i Forslaget gaar eg med paa. Lat oss begjynda med noko, som straks kann førast gjenom i Skulen . Sidan so vil nokk Tidi syna, korleids me skal koma til den beste Norsk.
 
 
Alf Baartvedt.