Maalsaki og Politikken.
(Av
Olav Rokne)
Det er sume, som
meinar, at Maalsaki inkje kjem Politikken ved. Maalsaki er ingi
Partisak liksom Vetosaki. Maalstræve gjeld oss alle, Høgre,
Vinstre, By og Bygd, segjer O. J. Høyem. Men det gjeng inkje eg
med paa. For det kann vel inkje vera fyr ingen Ting, at
Morgenbladet skriv um det morderiske Maalstræv. Og naar
det i Lovarne fyr dei morgonbladske 17Mai foreningar
_Lovarne hev Morgenbladet sjølv gjort
_
stend, at Foreiningarne skal modarbeide alt Maalstræv, so kann
det umogelegt vera avdi, Maalstræve gjeld Høgre og. Nei
Maalsaki er verkeleg ei Partisak. Eg hev endaa inkje vorte var nokot
Høgreblad, som hev talt godt um Maalsaki. Det er daa inkje um
Knutsens Maalstræv eg skriv, lyt ein hugsa paa.
Kampen mot Maalsaki hev
alltid voret ein Kamp mot det nationale og soleids mot Fridomen i
Norig. Den, som vil, at allt skal vera fritt og sjølvstendigt, maa
og ynskja, at Norig fær sitt eiget Maal att. Den, som vil, at Norig
skal vera ufritt, maa hata Maalsaki av all si Magt.
Dei, som trur at
Maalsaki inkje kjem Politikken ved, ser held inkje paa den politiske
Striden med rette Augo. Dei segjer jamnaste, at det er um Veto,
Statsraadsaki o.s.fr. Striden stend. Djupt ser dei inkje, naar dei
kjem med slikt. Nei det er det nationale, som er den djupaste Grunn
til Striden; og Maalsaki skal med Tidi verta den store, skiljande
Merkesaki i Politikken vaar. Absolut Veto o.s.fr. er berre einskilde
Stader, som Striden
no
kvirvlar seg um; og naar det er utstritt vil inkje Striden dermed
halda upp, nei daa vil me nokk faa han paa andre Leider og, som paa
det kyrkjelege. Striden millom Grundtvigsmenn og Lesaranne er inkje
ferdug endaa.
Det kjem stendigt nokot
godt utav ein Strid. Det er stendigt Sanningi, som sigrar. Utlandi
hev fenget ein Lut av den store Fridomsalda, som byrjad med
Reformasjonen, og som endaa rullar tung og vekkjande gjenom Tidi. Me
hev fenget Drag av henne me og; det visar Soga vaar fraa 1814.
Den gamle Tankegang,
Høgrepolitikken, hev vist inkje lenge att. Naar han er burte, kjem
Fridom, Likheit og Broderskap istaden, Det leve!
Ullensvang
Folkehøgskule
3/
3
1884.
Olav Rokne.
Publisert