Dei 8 Eggi


fraa Kristendomsuppropararne vert utskjipa i hopevis, helst til Folk, som litet skjynar av Politikken vaar, og mange trur paa dei mest som paa Bibelen endaa dei er sagde, at det ikkje er so rett alt som stend der. Slik fer Høgre aat, dei liknar Pavar i det, at dei synes vera rædde aa segja Folket den rette Sanningi, for alle veit, at daa kom deires Synder fyre Dagen, og dei vilde ikkje ein Gaang hava den Magti, dei no hev; so tek dei til Kristendomen og dytter burt mange Brestir med det heilage Ordet.

Naar ein ser desse Bøkerne, maa ein mest tenkje paa Persaranne daa dei slost med Ægypttaranne. Persaranne sende fyre seg svarte Kattar, og daa Ægyptaranne trudde at svarte Kattar var heilage, torde dei ikkje skjote, men vilde helder lata seg fange. Slik er det med Høgre og, dei tenkjer, at dei skal vinna Saki si, naar dei brukar Kristendomen, som Skjoll, anten dei so brukar han rett elder galet; men daa me ikkje er so lette i Trui, som dei gamle Ægyptaranne, vil dei snaut vinne paa den Maaten.


Hallvard.