[Tidender.]
Riksretten
hev teket aat med Saki mot Kjerulff. Bergh hev sendt inn yver 30 nye
Dokument. Han vil byrja med aa strida paa Ugildskapen aat Domarom
att.
Svenskarne
vil inkje gjeva for flust til Kongen dei hell no. Det var kravt paa
55,000 Kr. til elektrisk Ljos paa Slottet. Bondetinget sagde nei.
Stormannstinget sagde ja. So laut dei koma tilsaman for aa semjast.
Det rauk. Dei fekk inkje elektrisk Ljos. 165 sagde nei, 160 ja.
_
Det var ein, som slo inn paa det, at um rett hadde voret, so burde
dei inkje hava gjevet Giftepengarne til Kronprinsen hell.
Bladi utanlands.
Her er ein Munnsmak av korleids Bladi skriv i Utlandet. Dei hev ymse
Truer ser det ut til, og Meiningar, som inkje svarar til det rette,
men det er mange greide Ord.
Eit Blad i England:
Kong Oskar, segjer dei, skal hava raadd seg paa aa gjera Motstand.
Han vil taka eit Ministerium av same Slaget som det gamle. Slikt er
berre Kytord: Kongen i Noreg burde vera for vitug til at han skulde
vilja driva Leiken hans Karl den 1ste. Selmer hev vortet aatfaren
samaleids som Strafford i Tinget vaart, einaste det, at han fekk hava
Livet. I desse milde Tider misser inkje ein forklagd Minister Livet,
men Embættet sitt og fær leggja ut ein drjug Kostnad. Men um Kong
Oskar skulde vilja nemna ut ufolkelege Ministrar til aa halda ein
ufolkeleg Politikk, daa kunde det lett henda, at Stortinget litte seg
inkje med aa forklaga
dei.
Styret med Skikk paa seg (konstitutionel Regjeringsform) stend
no Prøva si i Noreg, og det vil vera Lytet Kongens, um Domen støyter
um eit System, som kann nyttast til det aller beste, naar dei er
rimelege og kloke, som fyrst og fremst ber Andsvar for det. Den Tidi
er ute, daa ein Konge strafflaust kunde vanagta Ynskjet aat
Lovgjevar-magti, slik som Kong Oskar hev Hug til det med Stortinget.
I Tyskland, der Tingmannskikken berre er som paa Læst, Bismark
gløymer aldri aa svivyrda den
_
der raar Trui paa Guddoms-retten aat Kongen endaa. Kjeisar Wilhelm
held hardfengd paa denne Trui og sæl er han, han hev ein Ministar,
som er for veldug til at han kann forklagast. Men Noreg er mange Aar
fyri Tyskland i Styremaate med Skikk paa, og Kong Oskar kann inkje
vona aa taka etter Kjeisar Wilhelm, meir enn Ministrarne hans kann
vonast aa taka etter Bismarck. Det er leide Tider for Kongen; men han
vil gjera væl i aa gjeva etter med det gode, so at inkje noko verre
skal raama honom.
Det fornemste Blad i
Austrike skriv:
Er det Tanke um at
Domen inkje skal lydast, kann det bli harde Rider i Noreg. For det er
Traass og Villkraft i Folket der i Fjordar og Fjell, dei er
vande verja Retten og Fridomen sin baate seigt og trutt. Det kann so
vera, at Fleirtalet i Stortinget er halvt hell heilt huga paa
Republikken, men aa skjella dei ut for aa vera revolutionære,
tykkjest daa vera reint gale. Dei fer aat noko raatt og drjugt, og
det hadde kanskje inkje voret Trong til aa reist denne Klaga; men dei
hev Lov-bokstaven med seg, og det er inkje dei, men Regjeringi, naar
ho fer med Kunster og vil fortolka den greide Fyreskrifti og vil
bøygja den til Bate for Kongsmagti
_
ho er det, som tek aat med eit Revolutions-tak.
Folk forsikrar, at
Fleirtalet i Riksretten er vankunnuge Bønder; det maa me tvila paa,
lik-eins det Paastandet, at Kongedømet i Noreg skulde vera øydlagt,
naar Stortinget vann i denne Striden. Bønder er sjeldan
Umstøytsmenn; og det at dei er so faste som Jarn til aa halda paa
Retten sin, det held me inkje for noko Prov paa, at dei vantar
Daning, men det visar, at dei hev Dugleik til aa tenkja i Politikken
sjølve.
Minnefest.
Sundagen den 17de Februar hadde Ungdomsamlagje i Sparbu ein Fest til
Minne om Federne vaare: Feststova var pynta me eit reint norsk Flagg
og ei Minnestøtte, som Namne aat Ole Velde og Landskapsmaalar
Vexelsen og Tonediktar Reisiger stod paa. De vart haldet mange Talar,
og imillom Talom vart de sungje. Fyrst vart de tala for dei triom,
som hadde Namna sine paa Minnestøtta. Ettepaa vart de sungje ein
Song, som var tilstellt for Festen si Skuld. So vart de talat for Fru
Sverdrup. Peikt paa, kva ho hadde vore for Sverdrup i Heimen han.
Sian vart de minnt om Oplandsbonden, Ole Tommelstad og Trønderen,
Skulemannen Anders Reitan, og so om dei, som hadde livt eit meire
stillvore Liv, men som hadde vore me og bygd Lande lel. I Lag me dei
vart daa Marie Skard, Kona aat Matias Skard, nemnt. De var mange i
Ungdomssamlagje, som minnt, les minne, sian Matias var hjaa oss og
heldt Folkjehøgskule. So vart de og minnt om dei tvo store Kjempone
Luther og Grundtvig. Om korfor vi heldt Fest til Minne om Federne
vaare, vart de og tala. De var daa, for di det gjer godt aa minnas.
Den, som inkje hadde noko aa minnas, var de gjerne tungt for. Vi
hadde aa minnas. De galdt difor om for oss aa faa rett Auga for dei
gamle Minnom.
Fekk vi de, so trudde Talaren, at de skulde verte eit anna Liv i Lande her, og han vona, at vi litt om Senn skulde faa de. Ein sovoren Fest skulde Folk i kvar Bygd og By freiste aa halde. Det gjer godt. Og eg trur, at de vil bli, naar de vert litt meire Liv i Folk.
Fekk vi de, so trudde Talaren, at de skulde verte eit anna Liv i Lande her, og han vona, at vi litt om Senn skulde faa de. Ein sovoren Fest skulde Folk i kvar Bygd og By freiste aa halde. Det gjer godt. Og eg trur, at de vil bli, naar de vert litt meire Liv i Folk.
Sparbu den 28
_2
_84.
O. A.
Det er annan Skik
i Utlandi enn her. I Italia vann Regjeringi ei Sak i Tinget, men det
var berre 8 Mann, som gjorde Utslaget. Aa hava so faae med seg totte
ho var so leidt, at ho vilde hava gjenget av, hadde inkje Kongen
haldet ho attende.
Slik er inkje Regjeringi
vaar.
Bladmannen Footei England, som hev voret i Straff eit
Aar for Guds-spotting, slapp ut att her um Dagen. 2000 Mann tok imot
honom paa Gata og fagnad honom, Fritenkjar-Vitnet, som han vart
kalla.
Publisert