Tidender. [Domen.]

 
Kristiania, den 29de Februar.


Domener fallen yver Statsministar Selmer.

Med det kann ein væl segja at han alt er avgjort for dei andre ogso.

Domen vart gjort med Grunn i Lovordi um naar Stortingets Beslutninger ikke tillægges den dem ved Grundloven hjemlede Gyldighed og naar nokon Statsraad efterladereller handler imod nogen ved Grundloven efter Rigsakten foreskreven Embedspligt.

Det er tri einskilde Gjerningar, som her hev vortet dømde. Og det var Ting, som det galdt mykjet um for heile Rikslivet vaart, um gjort skulde standast hell inkje. Det var Stagging hell Vokster, det var um den friske Bløming for det norske Folket, hell um det skulde torna som eit karta Tre.

Men det var inkje berre desse tri Tilfelli. Alt det som er av same Slaghet hev her vortet dømt rotlaust i den norske Loven. _ Mein spirarne er avhogne.

Stubbarne stend væl att, og Ugrødet finnst i Jordi endaa, men Loven stend der med Ljaaen i si faste Haand, med Rædsla for alle motstridne.

Nebb og Klør er hakka av Systemeter vengjeskotet, det kann flaksa millom Buskom, men inkje fljuga meir.

Han er vengjeskoten denne Ufredsfuglen, som hev svivet yver oss i lange Tider med Skrik og Illelæte.


Me er eit Folk, som hev aatt Fridom lengje.
Me fekk han mest uviteleg, me fekk han som ei Gaave.
Men det var inkje oss laga aa eiga den som Gaave. Me laut sjølve vinna Erveluten vaar, skulde me eiga han til Fullnads.
Væl var det! Det er anna Slag enn Gaavur, det som ein hev fenget ved Strævet sitt eiget; det er kjært; daa kann ein bruka det.
Me hev strævat lenge, seinste hev me vunnet.
Me var nøgde med litet, dei hine fekk oss til aa sansa.


Det kom fjukande nokre svarte Fuglar alt i 1821.

Det var dei 10 Grunnlovs-framleggi hans Karl Johan.

Og dei hev bygt seg Reid her:

Unionsframlegget!

Og so det absolutte Vetoet! Det var Hane, som gol det. _ Han gol so Folk vaknad. Dei tok til aa gnu seg i Augo. Er me inkje Husbønder sjølve daa? _ Jaumen er me so!
Det var sume som reiste seg imot oss; og me var gode i oss.
Me viste, at alt var vaart; men me sagde, lat Loven døma, me skal finna oss i det.
Loven hevdømt, han hev godkjent dei Meiningarne og det Strævet, som Folket hev havt.
Mange hev voret rædde og tenkt, at det gjekk for fort med oss, me gjekk framum Lovarne, me hadde sprengt oss ut or dei gamle Formerne, som inkje kunde fylgja med dette Livet vaart lenger, dei laut anten brigdast hell bresta.
Me skal inkje ottast lenger.

Lovarne er granska so væl som det kunde gjerast. Og Utslaget hev vortet til det, at Domstolen hev inkje kunna finna, at Utviklingi vaar hev brotet nokre Brikar. Tvertimot. Saki er den, at no fyrst hev me komet so langt, at me kann fylla Lovens Former. No fyrst hev det Folket vokset seg fram, som 17de Mai-Grunnloven er gjort aat.


Me treng inkje blygjast lenger for oss sjølve, for Husbondsretten, for Grunnloven vaar.
Me pussar av han alt Rust og alt det Rim, som Novemberskapen hev lagt yver han.
Me hev vortet mynduge, Riksretten hev gjevet oss tingleset Brev paa Fridomen vaar.
Han skal blenkja som Ervesylv i Ætti.
Me skal inkje ottast.
 
 
Høgste Domstolen i Landet hev tilkjent oss Retten vaar.
Alle maa bøygja seg for den.
Der sit Landsens beste og visaste Menn; baade kongevalde og folkevalde.
Det fylgjer Lit og stor Age med desse Menn, graahærde Gubbar mange av dei.
Og so Eiden dei hev gjort; dei hev lova dyrt aa lyda korkje Trugsle hell Bøn _ berre Samvit og Lov.

Det er av dei mest gamalkjære Menn i Landet; det gjev og ei Trygd. Høgsterettsmennerne for det fyrste. Og so Lagtinget _ dit plar dei inkje sleppa Ungdomar. Og so hev den forklagde endaa havt Lov til aa skjota ut mest Halvdelen av dei.

Domen vart mild, mildare enn Kravet aat Aktor og aat Folk flest, men mild etter Maaten med slike Domarmenn.

Skulde slike Domsord inkje vera vyrdande av alle Mann, so finnst det inkje Vyrdnad for Lov og Rett her i Landet. Det kann ein trygt segja.

Dette hev vokset seg fram av seg sjølv.
Dette hev samlat Folkemeiningi um seg, sterkare Tid for Tid.
Dette hev si faste Stydning i Norges Grunnlov.
Daa er det fast, som det var i Berget bundet