Morgonsalma.

 
(Etter P. Gerhardt ).


Upp, upp! min Sjæl, aa kveda
Din Morgonsong med Gleda
for Gud og honom lova
med Takk for kvar hans Gaava!

Um Satan vilde prøva
i Natt sinn Kunst aa øva
mot meg, Gud honom hindrad,
og all mi Naud han lindrad.

Ja, naar han vilde truga,
med Svik, for meg aa knuga,
daa, Fader trygg i Sengen
du heldt meg under Vengen.

Du sagde: Barn, sov roleg
og trygger i din Boleg
og frelst av all Slags Vaade!
Mi Miskunds Sol du skaade!

Du heldt det, du tilsagde
Eg paa dit Ord meg lagde.
Idag eg fram kann treda,
og meg i Ljoset gleda.

Det, Fader, vil eg lova.
Her er mi Offer-Gaava;
mi Bøn, min Sang og Saltar
eg legg fram paa dit Altar.

Du ei fraa den deg vender.
For du mit Hjarta kjenner,
eg kann ei betre giva
imens eg her skal liva.

So vilde du fuldenda
ditt Verk og Englar senda,
som meg til Hegn kann vera,
og meg paa Hender bera.

Hjelp, at mitt Verk kann vera,
deg, Gud til Lov og Æra!
Du Ophav, Maal og Ende
alt til det gode vende!

Velsigning lat meg finne!
bu sjølv i Hjartalinne!
dit Ord lat Saali næra,
til eg fær Himlens Æra!