Maalvoksteren.


(Etter Dagbladet).


Hr. Berner hev paa nytt vekt Forhandling um det gamle Spursmaalet: Landsmaal og Bygdemaal elder um den beste Maalform; men det vert ikkje nokon Maalmannskrig av det denne Gongen, ser det ut til.

Det kjem seg væl av, at me no er i det store og heile samde um Grunntankarne.

Som me veit rann Maaltanken, liksom den nyare Nasjonalitetstanken, av romantisk Rot. Sansen for Folkeindividualiteten (elder Folket som Eining, som eit Livende for seg sjølv) var sterk i den Tid og skapte ei ivrig Gransking og Randsaking etter alt folke-eiendommeligt; og under den Randsakingi fann dei daa og hjaa oss _ Folkemaalet.

Ikkje just so beintfram aa forstaa. Maalet hadde voret kjennt fyrr; det hadde endaa voret i bokleg Bruk so ender og daa. I det heile er det gale aa tru, at Folkemaalet ikkje hev voret Litteratursprog, fyrr Maalstrævet kom. Folkemaalet var i Røyndi heilt fraa Millomaldren Berar av ein Bokavl, som var baade rik og god; det, dei hev funnet og bokført av Folkevisur, Folkesogur og slikt, fyller mange Bøker. Og dei Bygdemaali, som var mest i Bruk her, fekk paa den Maaten ei slik Utvikling, at dei enno vert nemnde som dei fyrste av dei gode Bygdemaal. Men i den romantiske Tidi fann dei Folkemaalet paa den Maaten, at dei lagde Merke til det og tok til aa vyrda det. Dei fann, at det var ein Arv fraa Fedrarne, som det galdt aa vakta og verja. Difor tok dei til aa samla inn det, som var aa finna av den gamle folkelege Bokavlen; ei Bok med Visur og Stev paa Bygdemaal vart utgjevi 1840 av Jørgen Moe; Aasens Grammatik kom i 1848, Ordboki 1850; Landstads Folke- visur 1853. (Henrik Wergeland skreiv Langeleiken paa Valdresmaal i 1842. Den fyrste Diktboki av Ivar Aasen, Fem Visur i Sunnmørsmaal, kom i 1843.) Daa so denne Sansen for Folkemaalet slog seg ihop med Nasjonalitetskjensla i det heile, vart Maalstrævet til, som sidan hev voret so mange skikkelege Folk til Mein og Møda.

Men det var som Arven fraa Fedrarne, at Folkemaalet kom til slik Æra, liksom sjølve Nasjonaliteten galdt som ein Fedra-Arv, ein Skatt, som Folket eingong i gamle Dagar hadde aatt i full Glans, men som me no _ etter den lange 400 Aars Notti _ fekk sjaa aa bøta uppatt so godt me kunde.

So vart Maalsaki ein Uppvekkjingstanke, ein Tanke um aa vekkja uppatt noko gamalt, mindre ein Tanke um aa skapa noko nytt. Og det kom til aa merkja Landsmaalsformi. Ivar Aasen var i Grunnen mindre romantisk enn dei fleste; Bygdemaali _ og ikkje Gamal-norsken _ skulde etter hans Meining vera Grunnlaget for Landsmaalet. Men det høyrde Tidi til, at det vart dei eldste Bygdemaali, dei, som liknad Gamalnorsken mest, som vart valde til Grunnmaal, og det høyrde like eins Tidi til, at dersom ein i Skrivemaaten kunde lempa desse dei beste Bygdemaali endaa noko meir upp mot det gamle, so burde ein gjera det. At Skrift-Maalet paa den Maaten kom noko burt fraa Tale-Maalet gjorde ikkje so mykje; dei gjekk ut ifraa, at det var Tale-Maalet, som var gale, og at det fekk retta seg etter Skriftmaalet.

Men Aasen dreiv ikkje denne Maal-Idealisering vidare enn han den Gongen var nøydd til. Endaa fann Folk i den Tidi (for 30 Aar sidan og utetter), at Landsmaalet var for folkelegt, ja simpelt, _ istadenfor at det sama Maalet no vert sagt aa vera for klassisk elder for aristokratisk. Men det fekk Medhald hjaa dei, som brydde seg um Saki, og just ved aa vera som det var, noko idealisera og strengt gjenomført i Formi, vann det den Magt og Tiltru, som maatte til, for at Saki i det heile skulde kunna koma i Gang.

Det maa me hugsa no, dersom me vil forstaa, at Landsmaalet hev vortet som det er, og dersom me vil døma det rettferdigt.

_ Utimot Slutten av 60-Aari var det, at Frams Motstand mot Landsmaalsformi kom upp.

Det var ein Flokk unge, dugande Menn,som heldt Nasjonaliteten for ein Utviklingstanke og ikkje for ein Uppatt-vekkjingstanke, og som heldt Maalsaki fyrst og fremst for ei Upplysningsak. Dei var Maalmenn paa realistisk Grunn; den fremste Ordføraren deira var Fjørtoft.

Dei kom fram med i Grunnen dei same Krav som Berner no hev sett fram, og dei skreiv Maalet og etter desse Kravi (Bladi Andvake og Fram). Umsetjaren av Heimskringsla lagde i sjølve denne Boki fram eit Forslag til ei heil ny Landsmaalsform.

Den Gongen vekkte desse Tankarne ikkje stort annat enn ein _ Maalmannskrig. Dei unge Motstandsmennerne maatte skipa eit Samlag for seg sjølve, og der var ein lang og stor Strid. Dølen, som sjølv var ein mindre varm Landsmaalsmann, stod paa ein Maate imillomFlokkarne.

Samlaget Fram tapte Slaget, so aa sjaa til. Det viste seg, at det ikkje kom so mykje ann paa Formi elder Skrivemaaten, som dei hadde tenkt; dei Bøkerne, som var skrivne paa deira Maate, vart ikkje meir lesne enn Landsmaalsbøkerne.

Men Enden hev vortet den, at Landsmaalsflokken, som den Gongen vann, hev lært aa sjaa, at Grunntankarne hjaa desse Framske Maalmenn ikkje var so galne endaa.

Maalsaki hev sidan for alle vortet ein Framgangstanke. For ingen lenger gjeld det aa vekkja upp att noko gamalt og daudt; for alle er det Hovudsaki aa reisa til Liv og lyfta til Æra det livande . Paa same Maaten hev Nasjonalitetstanken no vortet ein Utviklingstanke, so at Sambandet millom Maal- og Nasjonalitetsstrævet held likso godt no som fyrr.

Difor er det no Meiningi hjaa alle, at Skrift-Maalet altid maa nærmast so tett inn til Talemaalet som det gjeng an. Me veit no, at det ikkje er for vaare Fedrar, men for vaare Born, me skal skapa eit Maal. Difor veit me og, at det ikkje vil gaa an aa stjengja Byarne helder ute fraa denne Utviklingi. By og Land maa nærma seg til einannan _ som dei og gjer _, fyst i Talen, sidan i Skrift. Det komande ny-norske Maalet vil og maa vera skapt av By og Land i Samanheng.¹)

Paa den andre Sida hev me av fleire Freistnader lært, at det lite vil nytta aa byrja paa att rett som det er med nye Maalformer. Me hev no ei Form, som Folk hev lært seg til aa lesa _ og skriva _ so nokonlunde; den Formi maa me no sjaa til aa fylla med Tale-Maalets Liv, faa burt all unaudsynleg Fornskap og alt bokstivt. Sume trur, at Landsmaalet i sine Grunddrag vil halda seg; andre trur, at Utviklingi ikkje vil leiva stort att av det. Ymse Tillempningar vil det ialfall koma itl aa tola. Ein trur ikkje stort paa det no, at det skal vera Talemaalet, som er gale, naar der er Strid millom det og Skriftmaalet. Men Utviklingi maa gaa for seg paa den Maaten, at kvar Forfattar skriv som det fell mest naturlegt for han elder held seg so godt han kan til Bygdemaalet sitt. Ein fær ikkje vera altfor streng til aa krevja dei rette Former og Bokstavar; ein fær faa vera litt fri i den Vegen. Det vil visa seg etterkvart, kva det er for Reglar og Former, som vinn Yvertaket.

Paa same Maaten maa det visa seg etterkvart, kva for Bygdemaal det vert, som kjem til aa gjeva Landsmaalet sin Lit og sitt Lag. Det vil ikkje nytta stort aa gjera nye Lands- maal med Kunst; det var naudsynlegt fraa fyrstunde, men vil altid hava den Vandsken, at det vil vekkja Mishug i dei Bygder, som ikkje hev fenget sitt Maal fram til Grunnlag i Landsmaalet. Men fær Utviklingi gaa sin frie Gang, so vil ingen slik Mishug kunna koma upp; daa vil dei Bygdemaal faa mest aa segja, som hev haldet seg mest fram.

At Austlands-Maali bør koma meir med enn fyrr vil visst dei fleste no finna rimelegt, iser daa Folk no hev komet etter, at Austlands-Maali, serleg some av dei, er betre og rikare enn ein hev trutt. Dette vil gjeva dei større Magt enn fyrr, og det vil drage i same Leid, at Austlandet sender oss fleire og fleire, som kan skriva.

_ Det me hellest serleg vil halda fram av det Berner hev sagt, er Uppmaningi hans til alle Maalmenn um aa arbeida. Den Uppmaning kann trengjast; me vil beda kvar Mann leggja seg den paa Hjarta.


¹) For Byarne vil Knudsens dansk-norske Maal stræv vera til stor Hjelp.