Fraa Elverom.


(Timberprisen m.m. Ymse Samlag i Bygdi. Fredstanken og Fredsarbeidet. Høgres seinaste Agitation).


For eit halvt Tjug Aar sidan var det, som me alle veit, ei Tid, daa det var Pengar millom Folk, og her i Østerdalen torer eg segja, det var formyket au, sidan det ikkje kunne halda ved lenger. Daa var det slikt Spurlag etter Timber og slik Pris paa det, at ein kunne faa Pengar for alt, som liknad Timber, anten det var smaatt hell stort raatt hell roti. Men den Tidi rauk fort og samaleides mange, som hadde litt paa ho og fylgt ho. Det var daa nokre Aar det mest ikkje fanst Pengar millom Folk, og Vekslar vart brukat desmeir. Som Lukka hev voret, so hev me jamt fenget gode Aaringar etter den Tidi, og det stend difor ikkje alra verst til. Bilomtil hev det au etter den Tidi voret lidt aa faa for Timber, so den verste Pengeugreida er væl greid no etter Galntida som Folk segjer. Det er nokk mange no, som hev venta ho att, so skulde dei nokk bruka ho litt klokare tenkjer dei; men det er likt til at slike Tider kjem som Tjov paa myrk Natt, og mange maa nokk til aa sleppa den Voni, daa det viser seg at det vert berre lika tronge Timberprisar Aar etter Aar. Det er inkje mykjet Timber som drivest her i Aar endaa Føret er godt. Prisarne er for smaae tykkjer me.

Det hev voret sagt um dei norske, at dei er forlitet samhalduge og for stride paa sine eigne Meiningar. I andre Land, segjer dei, der einast Folk um aa stifta Samlag baate for det og det, men her ryk alle Samlag sund fordi alle vil raada, og ingen vil lyda. Er detta sannt, er me nokk ikkje mykjet norske i Elverom lel, for her hev det i den seinare Tidi vortet Samlag og Foreninger baate fyr eit og annat, so eg nokk ikkje kann rekna dei upp alle hell Eingong. Høgre og Vinstre hev kvar si Grundlovsforening. Baate den ydre og indre Mision hev sine Foreninger. Desutan er det ei Ynglingforening, mindst 3 Samtalelag, Venskabelig Forening, Afholdsforening, Musikforeninger, Sangfor- eninger, Danseklubber baate for Storkarar og Halv-Storkarar, en Skøiteklub og 2 Skyt- terlag o.m.fl. Maalmenner hev me her ikkje mange taa, men det er nokk mogelegt dei somer kjem til aa samlast til eit Maalsamlag.

Dersom Nordmennerne er som ovanforvart nemnd, maa det vest verta eit svare Brak og Fall taa alle desse Foreninger med det fyrste. Men eg trur no ikkje det vert nokon Krig taa det, for Folk heruppe er som alle skikkelege Folk hellest, dei vil helst hava Fred. Det visad seg au i Samtaleforeiningi siste Sundag: Me samtalad um Emnet: Er Krig Synd, og er dens Afskaffelse mulig? Um Krig var Synd torde ikkje rigtig alle paastaa, men alle var samde um, at Fredsarbeidet var eit priselegt Arbeide. Paa det same Møtet var det ein som uttalad den Trui at Fredsarbeidet ikkje vilde lukkast so godt i Kongedømom som i Republikom og han hadde nokk Grunnar fordet au, men eg trur no lel, at me no um dagen kann sjaa, at Kongsmagti vist gjer sit fyr aa berga Freden. Kom berre i Hug Gjeverlaasi, som vart burtgjøymt. Dersom dei galne Bønderne no vilde kriga, fekk dei ei lang Nos. I Overhalden var det ein som letta paa einLem og ein annan skaut eit Skot burt i Lufti um Kvellen. Lemen hev dei fakkat so den gjer ikkje Revolution meir, og dei hadde nokk sett Skotet fast au, hadde dei naatt det. _ Men so naadde dei Hol lel.

So fredeleg som me ser Regjeringi er, er det snodigt, at dei Kararne, som i Sumar var flinkast til aa samla Underskrifter paa Selmeradressa her i Bygdi, og som for den vesle Umaken aa skriva Namnet sit paa Lista, lovad baate Fred med Utlandom, og Fred i Politikken vaar, dei hev no vendt Ryggen aat Freden, og eggjar upp ugjifte Arbeidarar og andre, som ikkje er so godt nøgde med den siste Skattelikningi. Fyre Valmannsvalet sist sputta og banna Høgrekararne paa at Vinstre vilde riva ned Kristendomen og dele Eigedomen likt. Det fyrste var daa so vist, sidan Vinstre ville hava burt Konfirmationstvangen, og det andre var endaa sikrare, for mange taa dei som gav seg med Vinstre var slike som for gamalt var Tranitarar. No um Dagen fiskar dei i rørt Vatten med den nye Skattelogi som Agn og Kven skulde bita paa, dersom det ikkje skulde vera nokon taa dei sama Kararne, dei før var so rædde? Skulde nokon gjera det, so vert det fulla dei, tenkjer eg, som set si eigi Interesse yver det som er rettferdugt. Og er det so, daa vil eg berre segja: Til Lukke med Brorskapet Høgrekarar! Like Born leikar best.


Den 22de Febr. 1884.

Gunnar Skjerbæk.