Um Underoffiserskulen.


_ Motlegg mot O. i Fedrah. No. 6. _Eg kann inkje anna enn eg lyt svara deg, naar du ber fram slikt, som dulgjer. _Eg skal byrja fyrst paa Stykkjet ditt. Du segjer, at Fridomen inkje er, som ein skulde ynskja seg. Eg spør: Bør du hava meir Fridom naar du er Skulegut enn den du hev? Du hev daa Lov til aa vera ute til Kl. 9 um Kvelden, og er det Helg til Kl. 10. Og vil du vera ute lenger, kann du beda deg Lov, det er sjelda det blir negta. _ So segjer du, at ein maa læra Leksurne utanaat, skal ein inkje faa ein 6ar i Karakterboki. Det trur eg inkje er paalagt deg. Fyremaalet med Skulen er inkje aa dana ut Pugghestar, men aa læra Folk til aa tenkja som Menneskje, soleids at dei forstaar det dei les og kann fortelja Innhaldet; gjer du det trur eg inkje du fær nokon 6ar.

Men hev ein stedt seg til Tenesta, so lyt ein finna seg i Leiken, segjer dei. Aa nei, du treng inkje aa vera her, naar du inkje er sopas, at du kann halda ut. Du kann daa søkja Avskil; eg hev aldri høyrt, at dei hev negta den.

Kasernen liknar meir paa eit Fengsel enn eit Folkhus, segjer du. Eg maa spyrja deg: Kann du hava det romsamare og finare i noko Hus enn du heve det her, hell kanskje du er ifraa eit Slott reint? Det er væl so, at Staten hev inkje Raad til aa halda deg serskilt Rom; men dersom du er av det Slag Folk som kann semjast med Vener, so trur eg inkje du tykkjer noko leidt i at De er fleire isaman paa Romet. _ Men no tykkjer eg du blir for faarleg. Du segjer, at du hev lite hell inkje lært her, og at du skulde læra meir paa fem seks Maanar enn dei her gjer det paa tri Aar. Ja daa maa det vera eit framifraa Hovud paa deg. Men kvifor gjeng daa slike Flogvit som du inn paa Underoffiserskulen? _ Eg tykkjer det er rart du vil koma med slikt Vaas.

Og naar ein so er ferdug, segjer du, so staar ein der med tome Hender og ein lett Pung og veit inkje kor ein skal gjera av seg. Du vilde kanskje at Staten skulde fylla Lommurne dine med Pengar, naar han fyrst hev skaffa deg Lærdom og upphaldet deg i tri Aar? Hellest fær du daa Reisepengar heimatt, soframt du hev greidt deg i Eksamen, og daa kann du væl daa inkje meire venta.

So segjer du tilslutt, at her er daarlegt i alle Maatar. Eg trur det heller maa vera du, som er underleg laga, for hellest hadde du inkje faret med aa skriva slikt.


Fredrikssten den 16de Febr. 1844.


Ein som er paa Underoffiserskulen.