Tidender. [Fraa Riksretten.]

 
Kristiania, den 22de Februar.
 

Fraa Riksretten. Def. Bergh. Det var inkje straffskuldugt aa hava ei Meining for seg sjølv, men aa gjera etter den hadde Aktor sagt. Men Def. var glad yver det at han kunde segja um Selmer, at her var det inkje Spursmaal um aa skilja millom desse Ting. Den Domen som vart felt yver honom fordi han var en Overbevisningens Mand, som var nøydd til aa gjera slik som han heldt det for Rett den Domen kunde han bera roleg. Og han hadde ogso med seg den megtugaste Autoriteten han kunde hava, ein Skare av dei som gav Grunnloven. Grunnloven kravde støe og karakterfaste Menn og inkje slike som berre var Talerøyr for Stortings-Fleirtalet. § 30 knipte ogso inn Andsvaret aat Riksraadarne utrulegt. Skulde det gjelda baate i stort og i smaatt, so maatte det gjelda for Stortingsmennerne det same. _ Det var sagt, at Regjeringi hadde stansa Statsraad-Saki, men korleids høvde det ihop med at Regjeringi skulde vera magtlaus imot Grunnlovs-Vedtak. _ Ein skulde inkje tala for mykje um det landsskadelege i det som Regjeringi hadde gjort, for Ketil Motzfeldt hadde sagt at det var 9de Juni som var landsskadeleg. _ Det var daa uliktlegt, at Grunnlovs-Mennerne hadde gjevet Kongen Negterett, og so skulde Stortinget krevja Straff for at dette Vetoet vart bruka. Og no Bruken denne Gongen, det var daa ingen Skade, at Landet fekk hava Eidsvolls-Forfatningi uforandra i tri Aar? Regjeringi hadde berre gjenget i det Sporet, som Bønderne fraa gamal Tid hev vist, for dei var konservative. Men det var inkje Statsraadsaki, som det galdt mest um for Sverdrups- Flokken, men Parlamentarismen.

Til Sluttning vilde han segja nokre Ord um Straffe-Paastandet som Aktor hadde sett fram. Alle som inkje hadde fenget den politiske Blind-Sjuken laut sjaa, at det var Utslag av ein fanatisk Partiaand. Best hadde det voret aa tagt reint um det. _ Slikt eit Paastand var reint motsett det dei sagde i Odelstinget ifjorvaar. Selmer fekk daa standa som ein heiderleg Mann sjølv der, sjølv Dahl, som no var Aktor, hadde ingen Tvil um annat der. Men no var det ein annan Laat i honom, no kravde han paa aa faa Selmer dømd etter same Reglarne som ein Hestetjov og ein Falsknar. Det trengdest inkje aa døma noko um slikt eit Standpunkt. Hver Ting, hver menneskelig Aandsfrembringelse har sit Væsen; og Uretfærdighedens Væsen er just saadant og ikke anderledes.

Men kven er det, som slikt eit Paastand raamar. Er det Selmer tru? Aa nei. Det raamar dei som hev sett det fram. Ja det vil ganga lenger, det vil raama vidare, det vil skjemma kvar Nordmann. For i siste Grunn er det Nationen som saadan som hev Grunn til aa syta saart, naar dei skal vera Vitne til at dei fyrste Tillitsmennerne deira ber seg slik aat. Ja heile Samtidi vil faa eit Andsvar aa bera. Det verste ved dette Paastandet er, det som det vitnar um djupe Samfundsbrestar hjaa oss. Det var meire enn sume Delar berre av Samfundslekamet som var sjukt og leid illt, naar dei høgste Tillitsmenn gløymer Klokskap og sprengjer Brikarne, og fer fram som fanatiske Forfylgjarar mot Statstenarar, som berre hev det Forbrotet at dei inkje hev dei same Meiningar um Lands-Styringi som desse andre, og at dei inkje hev sviket Yvervitningi si. Og til det skulde Riksretten vera ein Midel. Høgste Domstolen i Landet skal døma desse Meiningarne som straffskulduge, ja som ærelause og dermed rydja dei ut av Statslivet, og dei Menn som held dei fram, skal bli gjort umogelege, der det spyrst um Borgar- Tilliten. _ Men han vilde daa vona forvist, at Domaranne vilde taka det paa ein annan Maate, at dei vilde minnast, at dei inkje sat der som ærendsveinar for eit politiskt Parti og setja seg til Roms yver politiske Synsmaatar for aa skilja aat Bukk og Søyde. _ Var det so at det var for gamle og utlivde Tankar, som det her var Fyregangsmennerne til, so vilde Tidi sjølv best tyna dei, det kunde inkje dømast som Forbrot; her det stod so mange bakum, var det det same som aa stempla Tusinder med gode Folk som Brotsmenn. _

Siste Ordi hans var slike:

Domsfældelse af den anklagede Minister paa Grundlag af denne Aktion vil i og for sig være lige ubegrundet, lige uretfærdig, enten man sætter Straffen saa eller saa; som Retfærdigheden er et udeleligt ideelt Begreb, saa bliver ikke Uretfærdigheden til Ret ved, at den begrænses i Udstrækning. Og det tør jeg nok sige, at det nu afsluttede Forsvar har udrettet saa meget, at det har lagt det yderligere i Dagen, at en hvilkensomhelst Straffedom her er en Umulighed _ uden Brud paa baade Grundlov, Privatlov og kun nogenlunde sund Retssans.

Statsministar Selmer tok daa Ordet sjølv:

Han vilde inkje segja nokot meire um Grunnlovsspursmaalet, for det hadde Def. greidt so framifraa gildt. Han vilde berre segja litet um si personlege Stelling i Statsraadet. Det hadde voret nemnt, at no var det eit Kamp-Ministerium imot Stortinget; andre hadde skulda dei for at dei var for veike. Men inkje nokot av Delarne trudde han kunde segjast. Kamplyst fannst det inkje Spor av i Forhandlingarne deira eigong. Nei dei hadde freista aa møta Stortinget med det gode. Nei Leidestjerna for Statsraadet hadde fyrst og fremst voret Truskapen mot Forfatningi i Landet, og den Regelen hadde han haldet seg til, at han aldri skulde raada Kongen til nokot, som kunde leggja Mein for Stortinget hell koma innpaa Veldet aat det.

Aa raadahonom ifraanokot slikt hadde han aldri trengt heile den Tidi han hadde setet i Raadet hans.

Men so hadde han ogso haldet det for Pligti si aa vaka yver Grunnlovs-Serrettarne aat Kongen og inkje aa telja han til nokot som dei tykte gjorde Inngrep i Magti hans. _ Um han i so Maate altid hadde funnet det rette, skulde han inkje segja nokot um. Men so var daa Fyremaalet og Meiningi god jamnt. _ Dei Spursmaal som no var framme, var slik laga, at um ein berre gjekk stad og raadde Kongen slik som Fleirtalet vilde det, so kunde han inkje kjenna seg trugen imot Forfatningi. _ Han var trygg um at ingen Domar i Retten kunde hava Tvil um annat enn at han hadde for Augo berre aa gagna Fedralandet. Og naar han no derattaat tenkte paa at han hadde den Meiningi um Grunnlov- Sakerne, som baate Vitenskapsmenn hev havt og Nationalforsamlingi hev boret fram _ daa ventad han paa Domen med Ro. Men skulde Domen ganga imot honom, vilde det gjera honom vondt, men inkje so mykje for hans eigen Del, han viste han hadde gjort Pligti si. Men det vilde vera Sorg yver den tunge Sanningi, at det har lykkeds politisk Vildledelse at berøve Landet endog dets dyrebareste Skat, det Værn, som retskaffen Færd skal have i Domstolene. Det var Sorgi for Fedralandet og Æra og Framtidi aat det som var tyngst, det sagde han fritt ut.

Domen fell kanskje Tysdag.