Kristiania er Mergen i Landet!

 
Nyst for eg med Jarnvegen. Daa kom eg i Ordkast med ein Høgremann um denne vælsigna Politikken, som no fyller alt og alle her i Landet. Denne Høgremannen meinte, at dei, som held seg til Vinstre, var Bermen, Skrotet av Landsens Folk, og at Kristiania var Mergen i Folket. Det var ein, som snakkad ut det. Av dei Umynduge, skal ein høyra Sanningi. Ja, du norske Bonde, Høgres Hjartans Meining er den, at du, som fraa gamal Tid hev voret halden for Mergen i Landet, du hev no vortet Bermen. Um Høgre difor rosar deg, diltar for deg, so aldri tru dei; dei slær paa Skaaki og meinar Merri; dei talar um deg, men meinar seg sjølve. For i sit Hjarta segjer dei med Friele i Brodden: Me d.e. Kristiania og alt, som er i aandeleg Skyldskap til Kristiania, me er Mergen av Landet. Og um du slær deg til Høgre, og Friele talar vænt for deg um den gamle hæderlege Gardbrukarstand o.s.fr. _ ak, hans Stemme er sød, og han lover saa smukt; o, men tro ham, o, tro ham dog ei. For du er og blir daa raabarket, fjøsopdrættet, Bermen av Landet. Men er du so heppen, at du kann bli Ibuar av Byen hans Kristian Kvart og faa deg smurt med Kristiania-Fernisen, so vaagar eg du hev vortet intelligent og høyrer til Landsens Merg. _ Skulde det inkje vera paa Tide, at slike Svivyrdarar slapp aa gjera seg breide i Høgsæte? Me vonar, at Riksrettsdomen vil vera som ein reinskande Storm til aa sopa burt Draapstankarne mot Landsens rette Merg! _ Den same Mannen, som eg ovafor hev meldt um, sagde og, at all denne Strid var Lærararne Skuld i. Dei var det, som hadde agiterat upp Folket. Dei stakkars Lærarar! Nyst var Fædrelandet ute og sette dei upp mot Johan Sverdrup; det meinte, at Lærararne var det, som hadde gjort, at Landet hadde gjenget so uhorveleg fram, og ikkje Sverdrup. Daa var Lærararne gilde Karar; no er dei berre Agitatorar. _ Eg meiner, at dei hadde nokot Rett baade Fædrelandet og hin Høgremannen.

For ved det, at Landet hev gjenget so mykje fram i Upplysning, hev Folket vortet laga til aa vera aalment med i den politiske Striden og istand til aa verja um Retten sin.


n.