Fraa Rogaland.

 
Godt Aar! og Takk for det gamle. Det er sjeldan ein ser nokot fraa Rogalandet i dine Spaltur endaa her vel kunne vera eit og annat aa røda um.

Det er Politikken, som no um Dagom er fast Samtaleemne. Og den rykkjer kvar Mann nærmare inn paa Livet di kvassare Striden vert. Ein liksom ikkje kann draga seg undan Kravet til aa virka nokot personleg til dens Endskap. Eit Utslag av denne Kjensla er vel alle desse Foreiningar, som no um Dagom veks fram liksom av Jordi. Eg hev høyrt Segn um ein Tyskar, som kjytte av at han maatte laupa ei halv Mil før han kom rett i Farten; men so laut han og laupa ei halv Mil etterpaa før han kunne stansa. Nokot liknande vert sagt um Vestlendingen. Her i Fylket hev det sia Nytaar danat seg umlag eit halvt Tjug Vinstreforeiningar og mange fleire er i Gjerdom.

I Haalands Prestegjeld er no 2 slike Foreiningar, ei i Sola, stiftat med umlag 50 Medlemer, som sidan er aukat, og no i Dag er stiftat ei i Madla, Aneks til Sola, med 80 Medlemer. Her vil og Medlemstalet veksa, daa fleire Folk er ute i Fiskje. I Bygdi er i det heile 5 _6 Høgremenn _ høgtsagt. Me ventar sterkt etter Utfallet av Riksretten. _ Gjev den vilde jamna av den skarpaste Striden.
Kand. Fritz Hansen, Lærar ved Vonheims Folkehøgskule hev voret, Styrar av Stavanger private Middelskole hev no byrjat aa reisa ut paa Landsbygdom og halda politiske Fyredrag. Han er før halden for Vinstremann, kallar seg sjølv Sentrumsmann, men maa vel reknast til Høgre. I et Fyredrag han heldt i Stavanger let han um, at ein rettvis Riksrettsdom berre kunne frifinna Statsraadet. Det hadde inkje gjort som det kunne domfellast for. Kongen hadde og gjort si Skylda. Paa den andre Sida meinte han at det var nokot sandt og berettiget i Bevægelsen ude blandt Folket. Han ville hava Kompromis. Ja, Hr. Hansen veit væl at Vinstre vil og hev altid viljat Kompromis. Men no Hr. Hansen segjer at Kongen ikkje kann gjeva etter i Kravet um absolut Veto, so er det berre ein Maate til aa faa Kompromis istand, og det er vel at Stortinget gjev etter.

Det vil me frisinnad Folk ikkje kalla Kompromis _ men Yvergjeving. Men _gjeva seg yver det gjer Norges Storting og Norges Folk aldri. Hr. Hansen, som hev studerat Norigs Soga so vel nedgjenom Tiderne og i 1814 burde vita dette.

Naar ein Mann, som Hr. Fritz Hansen ikkje er heldigare med at hevda ein Plass i Sentrum, so er det vel eit aalvorlegt Prov paa at Sentrum er reint overlaust i vaar Politikk.


g.