Ein Snartur i Telemorki.


_ r _


(Framhald.)

(Del 4 av 6. Fyrste delen.)


Eg ruslad uppetter Vegen. Trøytt var eg, og Avisur hadde eg inkje leset paa fleire Dagar, difor gjekk eg og grunnad paa, um eg inkje skulde gange inn ein Stad for aa faa Tak i Tidender fraa Kristiania. Eg spurde ein Mann eg trefte, um han viste nokon Stad der, dei heldt Dagbladet. Aa, sagde han, det er nokk desverre smaatt med Avislesnaden her. Eg veit inkje, sagde han, utan det skulde vera uppe hjaa han G...; han er iminsto rik nokk til aa løysa Avisur. Eg fekk daa vita, korleids Garen laag til, og so ruslad eg vidare. Eg gjekk framum den eine Garden etter den andre; men der saag allstad nokot fatikslegt ut, so eg tenkte: her kann inkje Rikingen bu. Endeleg vart eg var nokre store, vene Hus langt upp i Bakken, og dit ruslad eg.

Høj! er framand Kar ute aa gjeng? sagde han med gryntande Mæle, daa eg helsad. Ja det var daa det. Er du fraa Kristiania kanskje? spurde han. Ja det var eg og. Du kann vel fortelja meg korleids det stend til med Retten og du daa, heldt han fram. Med Retten, sagde eg, Kvat er det for ein Rett du meinar? Ja, nei um han viste det regtug; men dei dreiv daa vist paa med ein Slags Rett mot ein Mann. Det var daa anten Kongen sjølv hell ein av Kararne hans, som var stemnde for Retten. Aa, du meinar Riksretten, sagde eg. Ja det var nokk nokot slikt han hadde sagt han Torgeir Brui og. Nei, sagde eg, eg hev inkje høyrt nokot derifraa i det siste, difor gjekk eg upp um her for aa lesa Avisurne dine. Avisur? han saag tagall paa meg ei Stund. Ja, du held vel Avisur, sagde eg. Aa, um eg løyser Blad, meinar du? Ja vist, sagde eg. Nei han løyste inkje Avisur. Men det skulde du gjera, sagde eg, so fekk du baade vita fra Riksretten og du fekk Tidender um andre Hendemaal og. Hoh! det er ingi Hjelpi det, sagde han. Hm, men du spurde so etter Riksretten, du hadde daa i det minste fenget litet betre Greida paa den, um du løyste Avisur. Ja den Retten, han undrad seg myket paa korleids det vilde gaa. Han hadde høyrt av truverduge Folk, at det skude verta galet her i Landet, dersom inkje Folk sluttad med den Retten: me skulde faa Krig med Sverik og mange andre Land og. Han kunna inkje skjyna, kvat den Retten skulde vera til. Hadde me inkje havt det godt no i lang Tid, kvi skulde daa Folk gjeva seg av med slike Galskapar og føra Landet frami Ulukka. Eg kjende Leksa. Han var ein av de bekymrede. Det skulde vist inkje stort Stræv til aa faa honom med paa ei Sut-Adresse til Selmer, og eg tvilar inkje paa, at Budstikken vilde gjeva honom Attest for aa vera oplyst. Aa ja, slike faavituge Armodskrokar er konservative. Det er høvelege Hjelpesmenn for Høgre, og eg hev ofte tenkt paa, at det skulde vera forvitnelegt aa kjenna til, kor mange slike Sauehovud han A. B. Rustad hev jagat fram til Vali no i det siste.

Er det du, som eig Garden her? spurde eg. Ja det var daa det. Ja, so hev du vel voret med ved Vali og daa, sagde eg. Nei det hadde han inkje. Det var best dei styrte og stelte dei, som hadde styrt og stelt før. Men det er fælt, so Skattarne aukar no, heldt han fram, tru det inkje skulde finnast nokor Raad til aa faa minka dei? Ja sagde eg, det er nokot, som kvar Gardbrukar iminsto skulde hava Greida paa. Du skulde setja deg inn i desse Sakerne og so vera med ved Vali og gjeva Stemma di til den Kanten, der det høvde best for deg. Du skulde løysa Avisur, for der fær du Greida paa den Saki. Aa ja, det kunna vera bra nokk; men han hadde so litet Pengar, so han hadde inkje Raad. Men heiter inkje Garden her Arneset og heiter inkje du Olav? spurde eg. Jau det var nokk so. Ja so veit eg, at du hev Raad til aa løysa Avisur. Du eig Garden din og stor Skog attaat, og so hev du tvo tusund Dalar i Banken, etter som eg hev høyrt, sagde eg. Mannen saag paa meg ei Stund, so sagde han: Hm, ja; men ein lyt tenkja paa Borni og. Det beste, du kann gjeva Borni dine, sagde eg, det er god Upplæring, for ein vis Mann greider seg nokk i Verdi, um han inkje hev so myket Pengar. Du maa for alt i Verdi inkje lata Borni dine veksa upp like so faakunnige, som du er sjølv. Øh! gryntad han og gjekk ifraa meg. Eg høyrde i det sama ei liknande Læta fraa ein annen Kant, det kom fraa Grisebingen, og dit gjekk eg.

Grisen er no, som me veit, det ufysnaste Dyr, som kann ganga paa fire Bein, difor begjynder mange av Ordi, som skal tolka det ufysne og raae med Gris t. d. Griseskap, Grisefilosofi og eg trur ein ofte kunna tala um Grisemoral og. Som sagt, Grisen er inkje so pynteleg, som han burde vera, og inkje var denne Grisen det helder. Han hadde vist voret kvit den Tidi han kom til Verdi; men no var det inkje greidt aa segja, kvat for Farge han hadde. Det var nokk nokot lengje, sidan det hadde voret strøtt i Garen hans, for han gjekk i Dipel til Knei og vel so det. Ein Unge kom med Mat aat honom, og inkje før fekk Grisen sjaa Matkoppen, før han tok til aa dansa i Bingen sin, so eg laut tokka meg unda. Daa Maten var komen i Brya, gjekk han fyst uppi med Frambeini, og smaatt i senn drog han etter seg Bakbeini og. Rett som det var, gjorde han ein Sving ikring i Garen sin og so upp i Brya att. Til Slutten var det inkje so greidt aa avgjera, kvat der var mest av i Brya anten Dipel hell Mat; det var like svart alt saman. Men Grisen gryntad so sælt; han var nokk like so velnøgd med det som det var han, som Husbonden hans. No hadde eg set Mannen og Grisen, so fekk eg Hug til aa sjaa Kjæringi og; eg gjekk inn i Stova. Kjæringi sat ved Rokken og spann. Naar ho hadde vaskat seg, det veit eg inkje; men trulegt var det ved det Leite, ho hadde vaskat Grisen. Golvet hadde no vist aldri voret skura, Lorten laag mest jamhøg med Dørstokken og ikring paa Golvet var Merkje etter, at Folk hadde voret i Fjoset. Skone aat Kjæringi var gule og kvatslags Maaling ho hadde brukt var inkje vandt aa skjyna. Bordet var litet finare: der laag tilturka Mat her og der, og paa eit Par Stadar kunna ein sjaa greide Merkje etter ein Barnesko. Paa Pallen (Langbenken) laag Ost og Ull um kvarandre og ein Smørstrokk, som stod attved, hadde fenget ein Ulldott til Yverlag. Eg tykte, det var nokot leidt aa inkje hava nokot Ærend, difyr bad eg um aa faa kaupa ein Mjølkekopp. Ja det skulde eg no faa. I det sama Kjæringi reiste seg, snytte ho seg i Neven berre so det klass burtyver Golvet. Medan Kjæringi var ute etter mjølki, saag eg meg ikring nokot nærare. Burte i Kroken stod ei Seng. Halmen og Sengklædi laag um kvarandre, og av Fydda (Skjinnfelden) tevjad det, so eg laut halda for Nosi. Paa Sengi, Skaapi og Dørkvarmen var det utsjaaande til, at det var innskorne Bokstavar i Treet; men raadlaust aa tyda det no. Eg tok daa Kniven min og skrapad og skrapad, og til Slutten kunna eg lesa fyrste Deilen. Paa Sengo stod innskoret det Verset: Hvo ved hvo nær mig er min Ende, og paa Skaapi stod: Paaminder hverandre med Salmer og Lovsange og aandelige Viser, idet I synge yndigen i eders Hjerte for Herren. Ja, tenkte eg, her syng nokk Folk yndelegt. Upp paa ei Hylla laag nokre Salmebøker og Bønebøker. Dei hadde voret myket brukte, saag det ut for, daa dei var lause i Bindet. Bladi var lause, sume laag rette og sume vrange, og all Stad var det Merkje etter Fingrar. Daa Kjæringi kom inn att, spurde eg, um dei inkje hadde fleire Bøker. Nei, sagde ho, me bryr oss inkje um denne Verdens Visdom. Me hev nokk med det ene fornødne . Me held oss til det gamle me. Ja, sagde eg, her held de dikkon til det gamle. Eg smakad paa Mjølki; men no var eg og so heit, at eg inkje orkad drikka kald Mjølk. Det er leidt med det, sagde eg til Kjæringi, at Kui skal vera so vrang aa mjølka. Ho hev vist spennt i Bytta di idag.

Daa eg kom ut paa Tunet, spurde ein Gut meg, um eg inkje vilde kaupe Neter. Jau, eg kunna gjerne det. Han gjekk daa upp i Staburet og eg etter.

Paa Traakki stod ein diger Saudbuk og ømta (urta). Han tok tilbeins, daa me kom. Han hadde nokk voret lenger enn paa Traakki, den Karen. Det var Merkje etter han og Kameratarne hans i Ganger og i Svaltroppi og paa Svalen, for desse Dyri hev det med det, at dei vil inkje vera skuldug nokon. Dei betalar altid Skatt, Toll og Tiende, kvar dei fær, og det hadde dei gjort her og. Gangen saag ut som ein Smalebinge, og Folk hadde dreget myket derifraa med seg inn i sjølve Buret og. Der laag no hellest Mat og Ull um kvarandre. Ned paa Golvet stod ein Braudsetning, og sovidt eg kunna sjaa, so var der komet Smaleskatt burt millom Leiverne og.

Eg hadde set nokk og ruslad ned etter Bakken att. Paa Jordet stod Kaldvæta sur og grinutt i Bakken, og stygt steinutt var der. Eg ruggad paa ein Lyftestein, som laag i Gras-vorden, og han rullad nedetter Bakken like ned til Elvi. Eg sparkad til ein annan og han for sama Vegen. Der laag mang ein Stein, der, som Mannen kunna verta kvitt fraa Slaattelendet sitt, berre han vilde gjeva den eit Spark; men dei heldt paa det gamle der i Garden.

( Meir.)