Ei Livssaga.


(Av Stefan Frich)

Eg gjekk der so hugsaar, so tung i Sinn.
Eg kjende meg veik,
ei Vener meg studde,
og Vonerne sveik,
for ingen meg trudde.
Daa var det, ho saag meg i Augat inn.

Det eldad min Hug, og fram eg gjekk.
Og Livet laag blankt;
det skjein uppaa Heia.
Det var inkje langt;
ho synte meg Leia.
For Tru paa meg sjølv av henne eg fekk.

Daa kom det ei Skjy, og alt vart svart.
Ho heldt inkje ho,
det Augat lovad;
ho fekk rikare Bod;
for ring vart mi Stova.
Eg litte paa Gud, at han tok meg snart.

Eg fann eit Maal i ein høgare Heim.
Det glimtar paa Jord
fraa eit større Slott,
der Tru og Ord
er til annat enn Spott.
Og Ljosstraalen brytest i Regnbogeeim.

Stefan Frich