Det er fri Lesnad no.

 

Jau, no hev me Bønder fenget det paa ei god Løype: Me fær lesa fritt, ja inkje einaste lesa fritt, men me fær Bøkerne til verkeleg Eige.

 

Det var no kje so sikkert anna me hadde vilt havt dei litet annleids i Innhaldet, men me kann kje vente at me fær det plent, som me vilde, det er daa iallefall betre hell inkje. Hellest likad eg det siste ”Egget” som Klavenæs klekte ut, det var baate til aa lægja og graate yvi. Eg kann so godt sjaa han stend paa Talarstolen med utrekt Arm og knytt Neve, raud i Andlitet og med dirrande Lippur, og so skrik han: ”Gjør det om i kan, gjør det om i tør!” Det var plent aa faa Hjarteillt av!

 

Inkje fyrr fær ein koma seg litet etter Kvekkjen og setja seg til Ro med Von om at dei vil kvile eit Bil om Vetren, liksom andre Vernefuglar, so kjem det eit Egg rullande att fraa ein gluggkastat Stortingsmann, fljugande nytt, men rotet tvert igjenom. Ein sit halvt med Sinne halvt med Spott naar ein les slikt, og rett som det er kjem det: ”hø hø” hell ”jau jau”. Det er alt. Gjera Motlegg kann ein inkje utan at ein roleg tok for seg Side for Side, men so mykje Arbeid og Tidspille var det kje verdt. Det er daa ei Setning som kann heitast aa vera lite Vit i: ”Lad os i det minste være tolerante og elske vort Fædreland,” det eg trur Vinstre au vil vera med paa, men det var no hugnaleg, um Høgre fyrr det ropar detta til andre, vilde draga Bjelkjen or sitt eigjet Auga, for det kann vel inkje segjast om det at det er ”tolerant” naar det skullar ein Mann, som Oftedal for aa bruke Kristendomen berre om Sundagen men om Yrkjedagarne ”leflar” med Vinstre og Vantrui, for ”Venstre og Vantroen” er no grodde ihop som dei Siamesiske Tvillingarne. Men Høgre er so kristelege so _ berre nokre, som inkje er plent som dei burde.

 

 

_i _ g _

 

Frå Fedraheimen 23.02.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum