Tidender. [Fraa Riksretten.]

 
Kristiania, den 1ste Februar.

Fraa Riksretten. Tilsvaret fraa Aktoratet um Folkevæpningsaki var det tenkt, at H. Bentsen, skulde gjera,men daa han var sjuklaut W. S. Dahl taka det. Han synte at Uppgavet til Folkevæpning-Samlagi inkje hadde nokot aa gjera med Politiken, men at dei vart sette i Gong, daa Sentralforeningi dovnad av og viste at ho inkje dugde til aa føra Saki fram. Var det Politikk med i her, so var det hjaa dei, som hadde arbeidt imot Samlagi. Av Ord som var sagt fraa den andre Sida i so Maaten var det det einaste ein kunde faa ut, at Samlagi skulde stydja Stortinget; ja skulde ein kalla det revolutionært so! Det var berre, um det hadde voret med ein lovlaus og vanheiderlig Politikk, at det hadde voret Grunn til aa lasta. Regjeringi kunne daa paa ingen Maaten taka Forsvar for Framferdi si utav Ting, som hadde hendt etterpaa det ho hadde gjort. Det var berre reine Tullsnaket av Def., naar han for med det, at det her skulde vera eit politisk Parti, som hadde dana væpna Samlag for aa verja Politikken sin. Med Statskupet var det ei annan Sak, naar det var slegjet inn paa slikt eit Forbrot, var det berre kvar Manns Plikt aa standa mot. Folkevæpningsamlagi var paa ingen Maate væpna Korps, som Def. hadde gjort dei til og han trengde inkje um aa nemna Kriminalloven her. Sentralforeiningi tok det likeins fraa det fyrste: Uniform, Her-Øvingar, ein militær Svip fylgde det med dei i det heile liksom. _ Det skulde vera aa øyda burt Riksmidlarne aa hjelpa Samlagi, men det var nokot, som inkje Regjeringi hadde nokon Formyndar-Rett yver. Det var berre reint serskilde Hende, som kunde gjeva Regjeringi Rett til aa inkje bruka Pengar, som Tinget hadde latet til, men det hadde inkje nokot med Vetoet aa gjera.

I andre Land var Skikken so, at naar det trefte slike Tilfelle, var Regjeringi forpligta til aa gjeva Tinget Greida paa kvifor Pengar inkje vart bruka, og so anten faa Godkjenning paa det hell taka Andsvar. Men det gjekk inkje an, at eit fritt Folk vart medfaret som Smaagutar, som lagde Pengar i Sparekassa og han Papa hadde Nyklen. Skulde Kongen hava nokon slik Rett til aa negta, so laut han daa i det mindste hava gjort det fyrr Stortinget skildest, etter § 80 i Grunnloven. Striden var berre um Vetoet her var rett etter Grunnloven. I striden um Retten aat Stortinget til aa avgjera nyeLøner og Etterløner gav Høgsterett Tinget Rett, og Regjeringi laut ogso gjeva seg. Og Stortings-Retten i andre slike Ting maatte vera den same som i dette. Kongen kunde inkje hava Veto her, det hadde kvart Storting negta, som hadde uttala seg um Spursmaalet. Og naar Regjeringi sjølv ogso, som det var prova, hadde sagt imot det, so var det vanskelegt aa halda paa lenger, at ho konsekvent hadde havt ei annan Meining.

I Jarnvegsaki var det ogso Dahl, som laut svara. Han hevdad, at inkje vedkomande Ministars subjektive Uppfatning fekk vera Lov og Rett, dei hadde freistad etter Evne, sagde Def. aa finna det rette, liksom han og medgavat Evni kunde vera smaae. Det var inkje so, at det var det same for Stortinget korleids Jarnvegstyret vart laga, berre det kom i Stand. Jau Stortinget vilde hava sitt gjenomført i alle Delar, og Lands-Skaden var det Odelstinget hadde set paa fyrst og fremst, daa detreiste Klaga, Delings-Vetoet var inkje den einaste Grunnen. Dette Snakket um det grunnlovstridige _ hadde nokon tenkt paa det iTinget, so hadde det nok komet fram der alt. Det var ingen Ting, som kunde syna, at det inkje laag Vegt paa aa faa fram alt saman av det Tinget hadde fastsett. Um Regjeringi heldt C. for aa vera mot Grunnloven, so hadde det ingen Ting paa seg; han synte, at det inkje var ulovlegt, og ingen hadde komet paa, at det var ulovleg, soframt Regjeringi hadde fullført det. Def. var i det heile slik, at ein kunde segja, at Tanken med Læra hans var den,at alt som smakad av Storting det skulde burt. Det skulde vera slikt eit Inngrep i Kongsretten til aa nemna ut Embættsmenn dette, at Tinget valde nokre Menn, men ein laut daa hugsa paa, at det var slett inkje kongelege Embættsmenn dei skulde gjerast til, dei gjorde inkje Embættseiden eingong.

Inkje berre Høgreblad, men jamvæl Def. hadde tala um den revolutionære Aand, som gjekk gjenom Utgreidingi aat Aktor um Folkesuveræniteten, der var Misforstandingi stor fraa Def. Folkesuverænitet og Magtfordeling kunde inkje stellast mot kvarandre, det var tvo so forskjellige Ting, at dei kunde inkje samanliknast. For med Folkesuveræniteten hadde det seg paa den Maaten, at den var Upphavet til Forfatningi, der var Kjelda, som kvar Magtutøving rann or. Det var langt ifraa at dette heldt seg so, at sume Delar av Folket kunde negta aa lyda Forfatning og Lovar.

Folkesuveræniteten hadde ingen Ting aa gjera utan nettupp ved Organisationen, ved Daningi av ein Samfundsorden bygd paa Rettferd og Likskap for Loven. Den kom aldri fram utan ved slike Tilfelle. Difor var det berre Misforstanding aa blanda henne saman med Anarki hell Fleirtalstyranni ja Egenraadighed jamvel. _ Hellest var Folkesuveræniteten i 1814 inkje yvergjevet til Stats- magterne, men det vart vist Kongemagti stor Tillit med det at ho fekk et utsetjande Veto. For Folkesuveræniteten kunde inkje delast sund til Storting, Konge og Høgsterett, men var heil og laag hjaa Folket, § 112 synte dette greidt.

Med Umsyn paa Magtfordelingi hadde ogso Def. misforstadet honom. Hadde ein det klaart med Folkesuverænitetstanken, kunde eingjerne tala um Magtfordelingi. Men medan Def. sette den skarpt upp mot Folkesuv., so gav Akt. Statsmagterne deires rette Stelling som Organ for Folkesuv. i det verkelege Liv. Jamnvegt-Tanken blandad og Def. ihop med Folkesuv. Delingi millom Odelsting og Lagting var berre ei Arbeidsdeling. Og Konge-magti vart inkje skadt hell innknipt det mindste etter Aktors Maate aa taka det paa, ho hadde sanneleg nok endaa.

Ministarandsvaret var nokot serskilt og kunde paa ingen Maate samanstellast med det Andsvar som kvar Borgar hadde, § 5 i Grunnloven var Hovudregelen og inkje berre § 30, som Def. hadde haldet seg til. Etter som Def. vilde hava det, vart Ministarandsvaret i Røyndi reint burte, alt Andsvaret kom berre til aa liggja i Statsraadens Sjølvdom, men det var Folk inkje nøgde med. _ Det var ei Grunnsetning fraa Romar-Retten, at error juris semper nocet (um du fer villt i Lovtyding, so hjelpdet deg inkje), Samfundet kravde av den mindste jamvæl, at han skulde kjenna Loven, ein Statsraad var daa iallfall den siste, som Mistyding av Loven kunde hjelpa nokot for Retten.

Aktor sluttad med leggja fram Reikningi si Kr. 1277, og nokot meir kom det kanskje til sidan. Dette var Onsdagen den 30te. Defensoratet byrjad daa med det same paa Tilsvaret sitt. Men no, naar det skal vera Stortingsmøte, kann det inkje haldast Riksrett kvar Dag, so det kjem væl til aa drygja til sist i Februar, at Domen kjem.