Det er so ægte norsk, dette.

 
(Av -i-.)
Eg les ei lang og breid Remsa um Statsraadarne, som inki vil inn i Tinget. Atpaasleng: det er so ægte norsk dette. Eg les um ei Domsavgjerd, som gjeng ut yver range Parten: Attpaasleng: det er so ægte norsk. Eg høyrer um ei Bilætstytte, som hev eikvar Veila: det er so ægte norsk. Eg høyrer um ei offentleg Tilstelling, som inki skulde voret. Attpaasleng: det er so ægte norsk. Um ei Tilstelning, som dei inki gjorde. Attpaasleng: so ægte norsk. Eg høyrer um ei Bok, som inki vert tagt ved: so ægte norsk. Um ein Kunstrar, som fyrst kom til Æra i Utlandet, det var so ægte norsk. Eg høyrer um ei Foreining, som held paa aa sovna. Attpaasleng framledes: so ægte norsk, Karar. Eg høyrer um eit Møte, som kom for braadt paa. Attpaasleng: so ægte norsk. Um eit annat høyrer eg, som inki vart haldet: so ægte norsk. Eg høyrer um ei Raadgjerd, som kom for seint: so ægte norsk. Um ei, som kom for tileg: so ægte norsk. Eg høyrer um Vener, som vende Ryggen i Naudi: ægte norsk naturlegvis. Ein Kamerat vert snytt fyr 10 Øyrur paa Hanskarne sine: det var so ægte norsk forstend du. Ein annan misste Kalosjarne sine: ægte norsk veit Du. Ei Von vart sviki: ægte norsk det, min søte Ven. Det var ei Bru, som vart dyrare enn utreikna: det var daa so ægte norsk. Det var eit Embætte som ein inki fekk: Attpaasleng: so ægte norsk. Det var eit annat, som ein fekk. Attpaasleng: so ægte norsk.
Eg hev høyrt dette no so lengje, at det ringjer fyr Øyra, kvargong eg høyrer Ordet norsk; det er liksom den Attpaaslengen av æ, som Skulekameraten min, han Simen Stølo, altid gav til kvart Ord som han var kjend med i Boki: det kjem av seg sjølv.
Alt vesalt, som finst i Norge hev no funnet sitt faste Vedstev: so ægte norsk. Er det eitkvart Du inki likar, so seg berre: det er so ægte norsk, det er all den Tydning, som trengst.
Det er eit Visdomsord djupt og ugrundelegt som den myrke Tale aat Volva.
Finst der no ein pengelaus Student, som kann segja: ægte norsk, so kann Du lita paa han er national. Finnst det eit nedtagt Missfødings-Sjeni, som kann stynja det, so kann Du forlata deg paa han kunde ha’ vortet stor. Ein Maalmann, som inki kann sukka det, hev endaa inki lært den norske ABC. Ein Liberal, som inki kann ropa det ut i Verdi, hev endaa inki fenget Daap.
Det er ein Tanke, eg kastar ut i Verdi, i Von um at einkvar vil taka han upp, som er betre myndug til aa føra han fram enn eg _ um inki alle, som heretter vil heitast aa veraav det unge Noreg skulde bera ein Amulett med desse Runur: det er so ægte norsk dette, _ for det er det daa meir enn nokon annan Ting eg veit.
Naar eitkvart gjeng oss imot i vaart nationale Arbeid, so hev me daa ei Trøyst i dette: det er so ægte norsk. Naar Hugen vaar vert saar og uppargad, daa er det ei Letting aa faa svivyrda ”Daudbitarne” med dette: det er so ægte norsk. Det var ei Tid, det er inki so radt lengje sidan, daa ”ægte norsk” tydde noko heilt annat. Daa var det alt, som kunde vera stort og stolt hjaa eit Folk. Tilkomne Folk kann væl endaa minnast det. Daa var alle Fjelli som strævar mot Himelen, inki høge nok til aa tyda alt det gjæve, det sterke i den norske Folkeaandi. Daa var alle Granskogarne inki tagalle og myrke nok til aa teikna all den djupe Kjensla i eit norsk Brjost.
Og so forsett er det, at just hjaa den nationale, den ”norsk-norske” Fylkingen, som skulde fullføra dei store Draumarne fra ”Norges Dæmring”, hev dette Ordet um ægte norsk vortet aalgjengt fyr allt det, som er vesallt millom oss.
For dei vert dei namngjetne norske Kultarne Bilætet paa eit fatikt Liv, paa Vesaldom og Øyde. Det løner seg inkje, aa arbeide paa slikt, det kjem Inkje av det. Det bergfaste i det norske Huglyndet hev snudt seg til det sjølvnøydde, det likesæle, det som er gjenget i Stein.
Kvar Mann klagar yver sin eigjen Lagnad, og det er ingen Ting de norsk-norske synest vera meir keide av enn det, som er ægte norsk.
_ i _