Det nye Maalven-Samlaget.

 
(Av Oddmund Vik)


Di meir det vert skrivet og rødt um det, di mindre Tru fær eg paa det Samlaget, allvisst som det til dessa heve voret Meiningi aa skipa det. Han R., som skriv i Fedraheimen, kann godt segja, at han skriv ifraa Bygderne. Dei Maalmenn eg heve raakat paa Bygderne, meiner um Lag det same, og eg sjølv kann so godt samstavast med honom.

 
Fedraheimen No.1 er leid paa dei, som var komne til Maalmannsmøtet fyr aa tvila. Ja ja, eg tvilar daa ikkje lenger, eg er stød paa, at det ikkje vil vera til Gagns aa skipa eit Samlag som det Berner vilde hava. Jamvel Referatet fraa Møtet fekk svært snøggt ifraa seg mi Motmæling, so kann eg daa gjera meg tent med det og, Folk skynar so nokonlunde Meiningi.

 
Men eg meiner daa ikkje, at Det norske Samlaget kann taka paa seg alt det Arbeidet, som det nye Laget skulde gjera. Og Fedraheimen paaviser, at det ikkje var godt aa brigda Logjerne fyr det. Kann so vera. Men det skulde daa ikkje vera imot Logjerne fyr Det norske Samlaget, um det tok paa seg aa faa ut millom Folket so mange norske Bøker, som berre mogelegt. Og det skulde daa vera eit Arbeid fyr det nye Samlag. Kven ligg det nærmare enn dei, som er i Det n. Samlag? Det er berre som ein Bokhandlar! Ja men slike plagar ogso stræva med aa faa Bøkerne ut.

Eg vil koma med ei Uppmoding til Styret fyr Det n. Samlag: at det tenkjer etter, um det ikkje var nokso høvelegt, at det kallad Folk i Hop til Aarsmøte samstundes med det Maalmannsmøtet, som skulde verta i Veter ! Kann henda Fedraheimen heve Rett i det, at det i Det n. Samlag er med sume, som ikkje bryr seg um Maalreisingi, men dei fleste er daa varme fyr Saki. Og desse maatte verta Arbeidsmennerne i det nye Laget og. Det er verdt aa spyrja dei, um dei tykkjer det trengst eit nytt Samlagsarbeid. Og tykkjer dei det, so spyrst det, um Det n. Samlaget kann taka det upp, elder det maa skipast nokot nytt. Me vil vera baade for braade og svivyrdelege mot det gamle Samlaget, dersom me ikkje vil spyrja det, fyrr me legg i Veg. Det er trulegt, at det kom mange til Aarsmøtet, dersom denne Saki skulde fyre, og Samlaget kann berre hava Gagn av det, at mange møter fram. Eg skal ikkje koma med Framlegg til Umskiping av Det n. Samlaget, men tykkjer Medlemerne, at nokot slikt trengst, so var det fulla Raad til dess, allvisst daa det ikkje er nokon, som vil krevja absolut Veto der.

Og so det aa arbeida fyr Maalreisingi ved Ordskifte, Framlegg til Logjer og slikt _ høver det ikkje fyr Det n. Samlaget, so høver det daa godt fyr Vinstresamlagi. Det vart haldet fram under Maalmannsmøtet, at Maalreisingi var eit Arbeid fyr Vinstre. Men daa er det greid Skuring, at det maa fram der Vinstre arbeider, og det vert i Vinstresamlagi no. Er det sannt, at det norske er Kjernen i Vinstrepolitikken, so maa han og taka seg av Maalreisingi, so mykje som det høver med Politikken. Sume Vinstrelag _eg veit um 4 _ heve alt sett Maalreisingi paa Programmet, og fleire vil gjera det, etterkvart som dei fær utforma sitt Program. Men aa skipa Maalsamlag, som so skulde hava det Fyremaaletaa faa Vinstresamlagi til aa taka Saki upp paa Programmet sitt, det vert aa gjera Vegenso lang, at sjølve Meiningi fer burt til Slutt. Fyrst heve Maalsamlagi mykje Styr og Stell, og so heve Vinstrelagi Styr og Stell, og Maalreisingstankarne skulde fara gjenom alt. So kom dei eingong til den sjuande Faren i Huset, og det vart vel i Røyndi den same, som hadde havt med Tankarne fraa det fyrste, _ men no var han vorten baade sliten og trøyt. Lat oss ikkje gjera vaart Folk til den sjaunde Faren, men til Mannen i Huset, og han vil ikkje fara rundt og spyrja alle kloke Folk til Raads, han gjer det, som trengst, og so er det ikkje større Røda um det.

Den greidaste og naturlegaste Maaten aa faa ei Sak framførd er, at ein Mann gjer eit Upphavstak, granskar Saki og legg henne tilrettes, strævar aa faa Folk med seg, aa faa eit Fleirtal, som kann driva det fram til eit Utslag, segjer Fedrah. Det var eit sannt Ord. Men det skal ikkje me Maalmenn kunna tenkja paa? Skipar me Maalsamlag, so treng me ikkje den Hovdingmannen! Jau han maa me hava lika radt. Fyrst lyt ein slik Mann gjera eit Upphavstak til Maalsamlagi, og naar dei er skipade, trengst det endaa Menn med Framtak, ellest somnar det atter. Ja det skal ikkje litet Framtak til, berre eit slikt Samlag skal halda litt Liv i seg. Men det er sannt: Venerne av ei Sak kann gjera ei fast Semja um, at dei ikkje vil gjeva seg, fyrr dei heve naatt fram. Nokot slikt er vel Meiningi med Vinstresamlagi, og so fær me høyra, um ikkje Maalreisingi og er med i den Semja.

Men det nye Maalsamlaget skulde vera eit Arbeidslag. Ja so kann me kalla alle Samlag. Det n. Samlag er det, og likeins Vinstrelagi. Men i det nye Laget skulde det berre vera duglege Arbeidsmenn. Det skulde vera som ei Nemnd elder nokot slikt. Det skulde faa til Maalkongress, koma med Logframlegg o.s.fr. Tiltaksmenn skulde koma i Hop og gjera nokot saman. So forstod eg det ikkje fyrr, dei mange skulde vera med, og dei skulde gjera Propaganda fyr aa faa fleire. Naar Talen vert um ei slik Arbeidsnemnd, vil ikkje eg mæla imot den Tanken, _ eg hadde berre Hug til aa høyra, kvat Det n. Samlaget vilde elder kunde gjera. Sume Ting heve det synt seg god til granska og leggja fram. Eg meiner det aa krevja Statstilskot til Norigs Soga og Bibelumskrifti. Kannhenda det kunde taka meir paa seg? Allvisst, um det fekk fleire Arbeidsmenn?

Lat oss dryfta desse Ting vel og veratakksame mot dei, som kjem med Gagns Tiltak!

Oddmund Vik.