[Tidender.]

 
Det vonde Samvitet . I Kristiania hev Politiet i Løynd granska ut kor mannsterke, peningsterke o.s.v. Folkevæpningsamlagi er.

I Kristiansundhev dei fenget Greide paa kor mykjet Krut og Kulur det finnst i Byen.

Paa Kongsvinger hev dei teket Laasi ut or Byrsurne, som finnst paa Festningi der, rimeligvis for aa gjera dei ubrukande.


Kongen og Droningi og Prins Eugen kom til Kristiania igaar. Friele hadde sett Handlaranne til aa stengja Buderne sine den Tidi han var ventande, so Folk kunde sleppa av og taka imot honom. Det var fælt mykje med Folk i Karl Johans Gata, Stordelen var Kvinnfolk, dei kastad Kongsvogni mest full av Blomar, Kvinnfolket i Byen her er som reint fortulla, dei er rædde for det skal verta Republikk, og daa kann dei inkje faa koma paa Hoffball meir, som er det gildaste dei veit.

Slik Fagning hev inkje Kongen fenget her i Byen paa lang Tid, dei vilde at Kongen skulde inkje berre sjaa, at han var heidrat, men ogso at han skulde faa den Trui, at Regjeringi og det Stellet var godt likt i Landet. No er det endaa altid ei Trøyst, naar nokon kann hava Kvinnfolki med seg; men me tykkjest tru, at Kongen maa hava røynt so mykjet det norske Folket no, at han skynar, at ei Fagning av Embættsmenn og Kvinnfolk i Kristiania inkje er det same som ei Fagning av heile Folket og Vællæta yver Høgrepolitikken.


Stortinget møtte idag . Det var nokre Tingmenn, som inkje var naatt fram endaa, men dei kom um nokre Dagar. Juel og Holm, som det møtte Varamenn(Suppleantar) for ifjor, er no med att sjølve. _ Dei same Presidentarne vart valde som ifjor. I Stortinget I. Sverdrup og Steen; i Odelstinget S. Nielsen og H. Bentsen; i Lagtinget Arktander og Quam. Stortinget vert kanskje opna imorgo. Morgenbl. fortel at Trontalen skal verta enkel og upolitisk .


Fraa Vinje (Telemork). Me hev laga Vinstreforening, Aslak Haugen Fyrimann. Enn Høgre daa, nei dei hev ingi Foreining, dei torer inkje maa tru. Det kunde berre koma til aa grise som ein svolten Kjeft, er dei rædde, men skriva i Bladi gjer dei, so det berre flyg etter, og daa er dei inkje jamt for vande med kvat dei segjer.


Eldebrand i Hjartdal . Den 21. Kl. halv tie um Kvelden kom det upp Eld i Fjoset paa Haugane. Det kom ihop so mykjet Folk, at det krudde, men det var raalaust aa faa sløkkja. Det brann upp baate Hus og Fe, 9 Kyr og 17 Smaalog, berre 3 Kyr vart redda. Det var stygt aa sjaa um Morgonen etter daa alle Skrottarne laag i eit Radtal bundne paa Tufti.


Ein ihelskoten i Hjartdal . Same Dagen hende det med Olav Torson Marken fraa Hjartdal, at medan han var paa eit Gruvearbeid og heldt paa med ein Stokk og stappad Dynamitten ned iBorholet, daa sprang det og Ladstokken for uppunder Hoka og tvert igjenom Halsen, og han datt daud til Marki. Ein som var med, fekk ein Stein kastad mot Laaret og ein mot Halsen so hardt, at han datt han ogso, men det var daa inkje verre enn at han orkad koma seg upp att og ganga heim.


Fraa Sundfjord. (Brev til Fedrah.) I Tri Fjordungaaar hev eg no lese deg. Men no kann eg slet inkje undvera deg.

Maalsaki er lite _ rettare, inkje framme her. Det kann du forstaa sjølv, naar eg fortel deg, at det er berre eg, som les deg her i Kyrkjesoknet. Inkje nokon er med i det Norske Samlaget heldet. Røder eg med ein Naustedøling om, at det vilde vera bra te aa faa det norske Maalet inn baade i Kyrkje, Skule og Bok, dreg han ein Sukk og spøre, om eg inkje trur, at det er Synd aa snakke so bondsk paa Preikestolen. Syrgjeleg, at me inkje ska vera komne lenger!

Nede paa Austlandet fer det Talarar omkring aa held Fyredrag for Folkje. Her fer inkje nokon. Eg vilde ynskje, at dei maatte koma hit til aa halda Fyredrag so kvasse, at me kunde vakne noko. Skularne søkjer dei svert lite her, aa um so nokon reiser, so fer dei rennande bort paa ein Amtsskule. Eg slepp vel fortelja, at Høgre hadde baade Bukta aa baae Endane ved Heradsvale. Alle Maalmenn ynskjer eg eit gledelegt Nyttaar.
Din
Mons Lillere, Naustdal.


Norsk Skyttertidende No. 2 inneheld:

Meddelelser: Fra Uttrøndelagens folkevæbningssamlag. _ Løitnant Larsens magasin- repeter- gevær. _ Referater: Kristiania bys folkevæbningssamlag; _ Styret for Intrøndelagens og Namdalens folkevæbningssamlag; _ Skytterfester:Vossestrandens skytterlag; _ Odda skytterlag _ Kristiania østre skytterlag. _ Forskjelligt: NB.???; _ Privatbrev til Morgenbladet; _ En skytterlagshistorie; _ Udmeldelse af centralforeningen; _ Trykket er blevet for stærkt; _ Folkevæbningssamlag for Laurvigs by; _ Sport; _ Nordre Odalens skytterlag; _ Hurtigskydende geværer; _ Nyt skytterlag; _ Skytterlagenes militære øvelser. _ Spørgsmal og svar. _ Føljeton:Ungdommens militære oppragelse. _ Bekjendtgjørelser.