[Tidender.] Fraa Østerdalen.


(Av Ein Lærar)
 
 
Eg syntes so godt um det, Bjørnson og Berner nyleg har skrevet, at ogso eg vaagar meg til aa skrive i Fedraheimen, endaa eg inkje kann skrive Landsmaal slik som Fedraheimen bruker det. Her i Østerdalen er me inkje rare Maalmenn, Folke her har inkje stor Greide paa Maalsaken, og inkje bryr dei seg stort um den heller. Det er, trur eg, fordi, at Talespraaket her er so opblandet med Dansken, at Landsmaalet synes Folke fremment. Eg trur, det ville bli vanskelegt aa faa Folk her til aa tala og skrive det klaare Landsmaal. Men aa faa burt ein heil Del av dei danske Orda og Talemaatan, som no held paa aa faa Hevd her, og aa faa gode norske Ord istaden, det trur eg vil gaa. Derfor vart eg glad, naar eg no las det, Berner skreiv; for paa den Maaten han der fyreslær trur eg me kann koma lite fram i Maalvegen ogso paa desse Kantar. Det er sannt som Bjørnson segjer, at det er ei Draging i oss mot eit norskare Maal. Men me kann inkji ta det paa eingong, det maa koma lite um senn. Derfor gode Fedraheim tak det inkje ille op, at eg kjem og pludre i mitt daarleg-norske Østerdalsmaal i Spaltann dine. Meiningi er god, men Spraaket er inkje betre. Og me høyre da med til Nordmennerne, me Østerdøler og. Men vist De vil ha oss med i Maalarbeidet, so maa De ta oss slik som me er. Eg har nok set, at ein, som kaller seg Gunnar Øysterdøl, har skrevet nokre Stubber i Fedrh.; men det er inkje paa Østerdalsmaalet han har skrevet, so han er en daarleg Østerdøl, han Gunnar, i det Stykke¹).

At Maalsaka er ei stor Sak, det er eg so einig med Fedraheimen i. Og kvar Lærar i Landsalmuskulen vil vera einig i, at det danske Bokspraaket me har, storleg hefter Undervisningi, og det som er endaa verre, det lærer op Bonna til at lesa tankelaust, fordi dei begynner med aa lesa eit Spraak, som dei for en stor Del inkje skjønner. Er det bare eit Ord i Meininga, som Baanet inkje skjønner, so blir altsammen uklaart, Derfor maa Læraren fraa den fyrste Dagen, Baanet kjem i Skula, halda paa med aa spyrje og forklare Orda for det, det eine etter det andre, og det blir inkje Slutt, solengje Baanet gaar i Skulen.

 
Dei set so stor Lit til den Stortingsavgjerdsla, som segjer, at Undervisninga i Skulen sovidt mulig skal gjevas paa Baanet sitt Maal. Men denne Stortingsavgjerdsla gjer mest ingen Ting, solengi Lese- og Lærebøkenne er slik som de no er. Barnets første Bog er dansk, og alle andre Skulebøker er danske, og av desse skal kvart Barn læra inkje bare aa lesa, men ogso aa forstaa. Derfor maano Baanet strakst læra dansk, soframt det skal læra aa lesa og tenkje paa same Tid. Læraren kann vera so norskslynd han vil. Han maa likevel med dei Lærebøker, me no har, staa i Skulen og læra Bonna det danske Maal og det fraa den fyste Skuledagen. Og naar nokre Aar er gaatt, vil Baanet uttrykkje seg paa Bokmaalet, Læraren kann be dem bruke sitt eigje Maal; men dei har vondt for det, naar dei skal fortelje nokot, dei har lært i ei Bok. _ Derfor trur eg, inkje nokot no er so naudsynleg som aa faa meire norske Lese- og Lærebøker i Skulen. Eg meiner inkje netop Maalbøker, men Bøker med eit reinare norskt Spraak, Tonefall og Skrivemaate. Vist me i Skulebøkerne hadde eit sopas norskt Spraak som t. d. Jonas Lies Forteljingar, so var me langt paa vegjen.

Den 24 _1 _84.

Ein Lærar.


¹) Me tykkjer hellest inkje, at Maalet er so daarlegt og øydlagt, som han segjer, Folk er
sanneleg utrulege til aa maalgreida seg der ogso, Grunnen er god. Innhald og Stil er det der,
men Formerne er avstubba og det lydest nokot uklaart. Østerdalen hev ogso sin Streng aa
stilla til Samspilingi av det norske Landsmaalet. Sikkert er det daa, at det fell mykje lettare for
ein Østerdøl aa halda Skrivemaaten sin etter Landsmaalet enn etter Talebruken heime, som
ogso dette Stykkjet vitnar um. Fedraheimen.