[Tidender.] Folkemøte i Verdalen.
(Av
O. Aa.)
Den 10ande og 11te
og 12te Januar var de Møte paa Folkehøgskulen i Verdalen. De var
mykje Folk der, mest Menn men og nokre Kvinnor. I alt 300 umlag.
Folkehøgskulelærar Kuløy og Stortingsmennerne Bentsen og Sæter og
Ritmester Holt heldt Fyredrag. Første Dagen heldt
Kuløyeit Fyredrag um dei Tankarne, som var
uppe i Tien i Slutten av de fyrre og i Førstninga av dette
Aarhundrae. Um Ettermiddagen tala
Sæter
om Folkesuveræniteten. Om dette Emne skulde de daa vera
Ordskifte. Men de vart inkje noko viare, korkje om dette elder dei
andre Emna, daa de var ingen Høgremenn der, iallfall ingen, som
mukka noko imot de, som vart sagt.
Bentsen
vilde inkje, at ein skulde bruke de framande Ore Folkesuveræniteten,
men helder de heimlege Ore Husbondsretten. Han trudde, at de inkje
var so lett for Embættslagje aa kunna faa innbille Folk, at
Husbondsretten var noko so faarlegt baade ukristeleg og anna, som dei
kunde faa de til etter de framande Ore Folkesuveræniteten.
Likaleis peika han paa kor grunnlaus den Tala var, at ein kunde finne
det i Grunnloven, at Kongen skulde hava Negterett. Han endte Tala me,
at han peikte paa den Læra, som Kongsraadsformann Stang ein Gong
hadde dregje fram, om, at den aalmenne Folkeviljen, som han kom fram
igjenom dei lovlege Formane, skulde vera den avgjerande. Den andre
Dagen heldt Kuløy først eit Fyredrag um Grundtvig. Han peikte daa
serleg paa, kva han hadde vore for Kyrkjelive. Han sagde, han viste
ikkje av nokon viare Fyregangsmann sia den første kristne Tien, som
hadde sungje elder vitna so varmt um Barnetrua som Grundtvig. Men
naar Folk likavel hadde att Augo og Øyra for ein sovoren Mann, var
de, totte han, de same som aa inkje ville hava noko me de beste, som
var oppe i Tien. Han trudde, at Folke her i Lande me Tien skulde koma
til aa sjaa paa honom me andre Augo enn til dessa hev vorte gjort, og
fekk dei de skulde de verte anna Liv baade i Kyrkjen og Skulen. Vi
skulde daa inkje lenger hava Tyskarane til Mynstermennerne vaare i
Skulen. Deretter heldt
Sæter
eit Fyredrag om korleis Kristendomen vart frambore av Prestom no
for Tia. Han sagde, at de var ingjen Gong, at de
hadde vorte gjort so mykje for, at Folk kunde faa Opplæring som nett
no, men likevel kom Vantrua meire og meire sigande fram og fekk Folk
me seg. Men at de var so, trudde han laut koma av di, at de no var so
mykje Tvang i dei Ting, som vekom Kristendomen. Dette avla Lygn og
Likesælheit. Og so var deso lite Aand hjaa oss. Preikone var turre
og umenneskjelege. Mange Prestar tykte han peikte meire paa Pinerome
elder paa Himmerikje. Dei truga for mykje. Dei saag for lite gott
hjaa eit Menneskje. Nei Prestane maatte faa meir Øyra for korleids
Glee-Ore vart frambore i den første kristne Tien. Daa var Maaten som
dei bar fram Kristendomen paa meire menneskjeleg og meire guddomeleg.
Dette maatte til no skulde de verte bra. Prestarne maatte lære seg
til meire aa tala de milde Ore, peike meire varmt paa den kjærlege
Frelsaren. Om dette var de lite Ordskifte.
Bentsen
heldt daa til Slutt den Dagen eit Fyredrag om Kristendomen og
Vinstrepolitikken. Han tok daa for seg de av Vinstrearbeie, som
Kristendomsopraaberne sagde var imot Kristendomen, og som heile
Vinstre var Skuld i. De var, sovitt eg hugse: Om Myrmannsgreione og
om Negting aat Fyrom og om Negting til Umvøling av Likskurhuse, og
om at dei uthala me Riksretten til de vart nytt Val og om Riksretten
korleis dei hadde han saman, og so de at Stortingje hadde sagt, at de
skulde vera tvo mindre i Høgsteretten. Han tala framifraa greitt om
kor grunnlaust alt dette Skrike elder Rope aat Kristendomsvenerne
var. Den siste Dagen var de fire Foredrag. Fyrst tala
Sæter
om Fritenkjarane. De, som skjilde ein Kristen og Fritenkjaren aat,
var dei tri Greinane om Trua. Trua paa Faeren og Sonen og
Heligaanden. Ein Fritenkjar kunde inkje me Sanning segja fram alt de
om henne. Men mange Fritenkjarar var og bra Folk, som kunde gangne
Fedralande sitt mykje, ja, som kunde vera reine Mønstermenn som no
Henrik Vergeland, som hadde eit so stort og varmt Hjarte, at Braue
kunde bli beiskt i Munnen hans ve de, at han kom til aa tenkja paa
dei mange, som lei Nau. Sæter vilde, at vi skulde sjaa paa
Fritenkjarane som paa Menneskje, so kunde vi vone meire, at sume
Fritenkjarar kom igjen og fann Barnetrua si. Kamp imillom
Kristendomen og Vantruen trudde han, at de vart. Men han gruvde
inkje. Kristendomen skulde sigre.
Holst
tala om de Forslagje aat Sverdrup og Hjort om Brigding i Hergreiom og
so lite Grand daa om Folkevæpningsamlagja. Derette igjen heldt daa
Bentsen
eit langt Fyredrag om dei Vinstresynder, som enno inkje hadde grepe
so sterkt om seg, at Fleirtale av Tingmennom hadde vorte smitta av
de, men som likevel fanns der. De var daa de om borgerlegt Ægteskap
og om Sereige imillom Mann og Kone og om Trudomsfridom for Serlaga
(Disenterne). Om dette tala og Bentsen greitt. Eg trur, at Folk kom
til dei Tanka ve aa høyre paa han, at de var langt ifraa, at desse
Sakerne var imot Kristendomen. De vart litt Samtale etterpaa om
Serlagja. Sæter tala varmt for denne Sakja. Ein Mann av Serlagom
(Garver Følling ifraa Levanger) var der. Han syntes, at den største
Trangen for Dissenterne var, at dei inkje kunde faa Lov til aa gaa
utor Statskyrkjan, om ein vilde, før enn han var 18 elder var de 19
Aar.
Daa me skulde til aa
skiljas aat, minte
Kuløy
om, at han trudde, at de vist maatte vera der tett ve, at Olav
Haraldson laag Natta før Slage og at de var der Tormod song de gamle
Bjarkemaal, so heile Heren vakna. Han peikte paa, at vi turvte au til
aa kvile og bu oss til Kamp, Kamp for alt, som var gott. Eg maa i det
heile segje de, at de var eit av dei mest huggelege Folkemøtom, eg
har vore paa.
Sparbu
_21
_1
_84.
O. Aa.
Publisert