Tidender.
Kristiania,
den 12te Januar.
Riksretten tok til att den
10de Januar etter Fritidi, som dei hadde teket seg i Joli, Havig var
Præsident, men Lange er ogso no i so god Betring, at det er Von han
snart kann taka i att. Bergh gjorde fraa seg fyre Jol med Forsvaret
av Statsraadsaki, so er det tvo andre Karar, som no skal taka kvar si
Sak, Heffermehl Folkevæpningsaki og Heyerdal Sunddelingi av
Stortingsavgjerdi um Jarnvegsstyringi. Den fyrste av dei er det meint
skal inkje halda paa meir enn snaudt tri Møte, so at den andre kann
taka til utpaa Laurdagen nokot og verta ferdug Maandagen. Um so er,
kann Aktoratet byrja Svaret sitt Tysdagen og verta ferdug(paa 10
Møte) Fredagen den 25de, og Defensorarne taka til med Svaret sitt
alt den 26de. Dei vil hasta, ser det ut til, kvat no Grunnen til det
kann vera.
Heffermehl
var daa den som tok i um Torsdagen med Folkevæpningsaki, og der kom
han med mange undarlege Ting. I 1879, sagde han, kom det upp Strid i
Centralforeiningi, som til daa hadde haldet seg reint utanfor
Politikken. Or denne Striden rann Folkevæpningsamlagi upp. Den
politiske Tanken med desse kom væl fram alt daa, men stillt og
løynt, men sidan vart det meir og meir openberleg sagt, so det no er
audkjennt; det kom ogso tydeleg nokk fram i Ordskiftet paa Stortinget
i 1882, men av dei 70, som røystad for dei, var det vistnok ein stor
Del, som inkje skynad, kvat dei gjorde.
_
Det maatte vera klaart for alle, at det høvde inkje med god Skikk aa
lata politiske Parti dana væpna Korps for aa halda uppe sine
Meiningar. Naar Vinstre gjorde slikt, maatte ogso Høgre hava Løyve
til det. Men det kunde inkje tillatast nokon einskild Borgar aa setja
seg upp mot Raadsmagti, fordi han fann, at ho handlad illa, slikt var
nokot, som gjekk inn under Kriminalloven. Det var heilt igjenom ein
revolutionær Tanke. Dette fylgde beintfram av Grunnlovens § 25, som
viste at det jamvæl var ei Plikt for Staten aa avvæpna slike
Flokkar.
_
I andre Land, soleids i England, kunde det væl tillatast slike
friviljuge Samlag, som kunde nyttast i Tilfelde av Krig og væl aa
merka
motUpprørarar
men inkje
med
dei soleids som Folkevæpningsamlagi her.
_
Hellest var det ogso altfor flust etter vaare Høve aa lata til
Pengar for aa gjeva private Folk Riflur, fyrr sjølve Heren hadde
fenget Nøgdi.
_
Regjeringi hadde soleids fullgod Rett til aa negta for Skuld sjølve
Saki, og inkje minder Rett hadde ho til det etter Lovarne. For naar
Stortinget gjev Pengar, so er det berre som ei Tillating til
Regjeringi, um ho sjølv vil, for det var greidt, at det var ho, som
hadde aa avgjera, um ei slik Pengegjeving utan Faare kunde brukast i
militære Fyremaal. Kor som var, kunde daa ingen lasta Regjeringi,
for den Meiningi ho hadde havt um denne Saki.
Bondestudentarne
vert no utskjellt verre enn Hundar. Like sidan Garborg gav ut Boki si
um dei, heve det i Fedrah. voret det eine Stykkje fælare enn det
andre; men daa eg no i det siste Nummer las Ein Snartur i
Telemorki, daa kom eg so livande ihug Æsops Fabel um den gamle
Løva, som gamal og sjuk laag og vilde døy, og daa dei andre Dyri
saag det, gjekk dei stad og sparka til henne, fyrst eit Vildsvin, so
ein Ukse og sistpaa eit Æsel; men daa Æselet kom, sagde den døyande
Løva: At eg maa tola deg, du Naturens Skjemsel, gjerer meg so
vondt, som umeg døyr tvo Gonger. Det er mykje Likleike. Fyrst var
Garborg den modige, som gav dei det fyrste Sparket; men det var no
for ein stor Deil fortent, so kom dei andre Rovediltarar med Uheil
Daning og kva det heitte no altsaman. Det berre murrad me til; men
naar det so kjem ein og samanliknar oss med Hundar, daa er det so
fælt freistande for oss aa samanlikna honom med eit Æsel. Og til
deg gode Fedrah. vil eg segja, at tillet du lenge, at eit slikt Dyr
sparkar og beljar i Kjellaren din, so kann me snart skræmast or
Hust. Det Barn, som altid vert skjellt paa, veit du, vert utskjemt.
Fleire Ord vil eg
ikkje ofra paa denne Saki, for eg tenkjer du sjølv skjynar, kor
litet Æselspark gagnar.
Ein Bondestudent.
Um
Pening-Tilstandet vaart i 1883.
Av
Trelast
vart det ført ut or Landet 917,552 Reg. Tons i 1883 dei fyrste
11Maanar(I 1882 var det 896,238 R. T. og i 1881 828,797 R. T.).
Inkjefullt Halvdelen av dette var skoret hell hyvlat. Pitprops var
det 137,086 R. T. av. Yver Halvdelen av all Trelasten hev gjenget til
Bretland, dinæst kjem Frankrike, Holland, Tyskland, Belgien,
Danmark, Australia.
_
Fraa Fredriksstad er det ført ut mest (154,495 R. T.), deretter kjem
Drammen, Kristiania, Fredrikshald, Porsgrund, Larvik, Arendal,
Kristiansand, Skien, Risøyr, Trondheim, Moss, Sarpsborg.
_
Dei hev tekjet til mykje meir aa skipa ut hyvlat Last no paa dei
siste Aar, det gjeng det dubbelte av denne mot i 1875. Utføringi av
Pitprops hev ogso aukat mykjet.
_Det
vart utført
meir
ifjor enn Fyrre-Aaret, men Prisarne var mindre ifjor, so det snaut
vart nokon Meirmun i Innkomur. Det er inkje mange Forretningsgreiner,
der Prisarne hev gjenget so mykjet ned sidan 1873/74 som dei hev
gjort for Trelasten, dei fær inkje stort meir enn det halve no mot
daa; og det ser inkje fælt ljost ut for dette Aaret, som kjem hell.
Med Tremjølet (Træmasse)
hev det gjenget fort fram, det er inkje mange Aar, sidan dei byrjad
med dette, i 1875 vart det skipat ut for Kr. 683,000 og i 1881 var
det aukat til Kr. 4,280,000. Men det hev væl gjenget væl fort fram
ogso der, so at alt i 1882 tok Prisarne til aa minka ned til 3
Femtedelar av det som var Aaret fyrr.
Lofotfiskjet
var kleint ifjor, det hev inkjevoret so kleint paa 19 Aar. Det var
litet av Fisken, og mager var den, som var. 23
_28
Mill. plagar det vanlege Talet paa Skreid aa vera der, ifjor var det
berre 16 Mill.
Vaarsildfiskjet
ved Hordaland og Rogaland, som var so gildt ei Tid, tek til aa koma
seg so smaatt igjen, men det var snaudt verdt meir enn ein ½ Mill.
Kr.
Feitskildfiskjet
i Nordland og Trums gjekk fint, dei tok upp umlag
1/
3
Mill. Tunnur.
Bergverksdrifti
hev gjenget umlag som fyrr. Paa Bømmeløyi hev dei funnet Gull.
Skjerpesjuken hellest hev inkje gjevet nokot større av seg enndaa.
Sylvgruva paa Kongsberg
hev gjevet nokot meir av seg ifjor enn i 1882.
Koparverk hev voret i Gang
paa Røyros, Vigsnes og Aamdal (Telemork).Det er ført ut 3,619,230
Kilogram Koparmalm, det hev minkat jamt me den Utførsla sidan 1880,
daa det vart ført ut væl 5 Mill. Kilogr.
Nikkelverk hev voret
drevne i Evje, Bamble og Vesteraalen, men Utførsla som gjekk upp til
Aar 1882, (1,643,202 Kilogr.) sokk ned att til 800,713 ifjor, og
Prisarne vert berre laage.
Apatitgruva i Bamble, som
fyrre Aaret hadde 900 Mann, hadde ifjor berre 100 umlag.
Jarnvegjen
millom Vors og Bergen vart ferdug ifjor. I alt er det ferdugt 1660
Kilom. Jarnveg. No held dei paa med aa byggja Bane millom Ofoten og
Luleå.
_
Innkomurne hev stiget jamt.
_
Kr. 3,304,000 i 1879
_80
og det siste Driftaaret var det Kr. 6,692,900. Utgifterne hev stiget
fraa Kr. 3,510,000 til Kr. 4,739,800 i dei 3 siste Aar. Kapitalen,
som er nedlagt i Jarnvegsbyggjing er Kr. 113,900,000, som Yverskotet
ved Drifti gjev Rentur av til inkje fulle 2 for 100.
Ølbryggjingi
hev voret paa Lag som fyrr. Brennvinsbrenningi hev aukat, so det no
vert ført ut av Landet ein god Del meir Brennvin og Spiritus, enn
det vert ført inn.
_
Drykkjen hev minkat i Landet, for 6 Aar sidan vart det drukketupp 22
Liter Øl for Mann og ifjor berre 16 L. For 7
_8
Aar sidan vart det dukket upp 6 ½ Liter Brennvin for Mann og ifjor
berre 3,9 L.
Statstelegraffen
hev inkje gjenget fullt so godt som ifjor.
Tollinnkomurnehev stiget jamt, i 1879 var det Kr.
14,956,000, og ifjor Kr. 18,235,000.
I det heile ser det ut
som, at Peningstellet vaart hev betrat seg nokot i det siste Aaret,
enndaa det hev høvt ille til paa ymse Leider. Det maa daa helst koma
av, at Folk hev lært aa spara nokot betre, og at det hev vortet meir
Tiltak paa heimlegt Arbeid, som ogso Industri- og Kunstutstellingi i
Sumar vitnad um.
(Etter Dagbladet).
Teikn imot Teikn.
Alt vert granskat
no, som hender paa Himel og Jord og uttydt som Teikn um Politikken.
Soleids hev det i lange Tider voret jamleg Kveldsraude, som
Vitenskapsmenn trur kjem seg av fine Isnaaler i Lufti, men som
Høgreprestar hev tydt som Himlens Trugslur mot Vinstre. Og tyder dei
Himelen, so maa daa me faa tyda Jordi i det mindste. For med
Riksretten held paa og Anarkiet raser, plukkar dei friske
Blomar her og der paa Midvinters Tid. Hell kanskje dei trur, at det
er under Statskupsmennernes heite Raadleggingar, at Jordi skyt
Blomar. Aa nei under Statskupmanns Fot gror nokk ingen Blom, men der
som Rettferds Aande blæs. Naar alt skal tydast, so maa me tyda det
som Fyrebod um Sol og Sumar etter Riksrettens reinskande Aprilveer.
n.
Romsdals Amts
Vinstreforeining
lagad seg den 4de
Januar. 71 Sendemenn møtte fram. Til Styre vart valt: Christophersen
(Fyrimann), Baartvedt (Næstfyrimann), Erling Moen, Brodtkorb,
Bjørset, Baade, Liabø, Schneider, Johnsen.
Biskop Darre,
som døyde for 10 Aar sidan i Spania, er no fyrst vorten gravlagd, i
Trondheim.
Kongen
skal nokk koma til Kristiania for aa opna Stortinget sjølv, segjest
det no att.
Kvat vil
Kongen gjera?
spør Høgrebladi. Naar
tru skal desse Bladi læra Folkeskikk? Dei som sjølv rosar seg for
aa vera Maalsmenn for Daning og Intelligens i Landet, dei kann aldri
lata vera aa fornærme Kongen. Dei som kallar det Majestætsbrot, um
eit Vinstrebald fortel ei Sanning, dei slengjer sjølve ut dei
hardaste og styggaste Skuldingar imot Kongen og gjeng fri.
_
Kvat Kongen vil gjera etter Riksrettsdomen? Skulde daa nokot
skikkelegt Menneskje tenkja, at han vilde gjera nokot annat enn si
Pligt. For kvat hev væl ein god konstitutionel Konge annat aa gjera?
For det han gjer utanum si Pligt, det gjer han inkje som Konge som
Embættsmann, men paa same Maate og under same Vilkor som eit annat
Menneskje. Naar ein altso segjer, at Kongen kann koma til aa hava ein
Vilje, som han kan freista aa gjenomføra, utanum, jamnsides det som
er gjeldande etter Landsens Skikk, etter Lov og Dom, so set dei honom
plent i Breidd med kvar ein annan Borgar, som vil setja seg og sitt
eiget fram, og trassa all Rett, og ein slik ein kallar me ein
Brotsmann og ein Upprørar. Og her skulde Kongen tenkjast aa setja
fram ein Vilje einskild. Sanneleg inkje nokon Vinstremann kunde segja
slikt. Og det er inkje Fornærming mot Kongen personleg berre, men
ogso mot Regjeringi, dei som er dei einaste, som kann bera Andsvaret
for det som vert gjort gjenom Kongen. Hev dei so daarleg Tru um
Regjeringi, trur dei, at dei skal vera slike Dottar, som inkje visste
meir um sine Pligter og sin eigen Vyrdnad, enn at dei skulde sleppa
ein einstaka Mann, um han og var Konge, til aa gjera noko serskilt,
paa eiget Andsvar. Sanneleg er slikt verre Klagemaal mot ei
Regjering, dette som Høgre segjer med sine ville Ord, enn det, som
Odelstinget hev klagat dei for. Daa maa ein segja, at dei er lite
saara paa Æra og Vyrdnaden sin, dersom dei læt slike Ord gaa
usnikka. Hadde her voret ei kraftig og ærekjær Regjering, so skulde
aldri nokon vaaga seg fram med slikt.
Men fyrst og fremst er
slike Ord Fornærming mot sjølve vaar Forfatning. Dette er reint som
paa Spe, naar slike kallar seg Konstitutionens, Grunnlovens Vern.
Fraa Nordre
Østerdalen.
Me veit alle, at Høgre
jamt skryter av det at det hev med seg alt det som kann kallast
Daning (Intelligens) og Pengemagt. So er det iallfall ikkje i
Østerdalen. For den som ikkje vilde tru det fyrr, maatte det verta
klaart no etter det politiske Møte, som var i Reindalen fyrre Fredag
og Laurdag.
Det var baate Høgre og
Vinstre som hadde voret med og bedet til Møtes, so ein maa tru, at
alt som Høgre eig og som ikkje er berre Stemmefæ maatte møta
fram. Lel vart det ikkje meir enn 30 Høgre mot 370 Vinstre hell so.
Og Ordskiftet gjekk slik, at eg ikkje trur Høgre oftare vil freiste
aa vinne Sigerskransar ved open Forhandling i Reindalen.
Fraa Høgres Side var det
Seminarielærar Saxe, Brendevinsbrennar Sælie forhenværende
Bonde Tolleiv Bjøntegaard og Lensmann Enevoldsen som skulde vise
oss, kor gjildt det er dette absolutte Veto, og korleides Høgre kann
faa til det, at det staar i Grunnloven; ja det siste var daa No. 2
(jeg holder paa det absolutte Veto, fordi jeg tror, at det er til
Landets Bedste, sa Sæhlie).Men so var det og Karar paa den andre
Sida som letvinnt kunde leggja fram Stakkarsdomen i Høgres
Tenkjemaata. Der var av Tingmennom vaare Jakobsen, Hektoen og
Mortensen, og Talaranne Erik Vullum og Jakob Sverdrup.
Høgre var matt. Det var
greit aa skyna, at det var smaae Voner dei hadde, daa dei kom, og
endaa mindre, daa dei reiste. Dei torde ikkje eingong truga med
Statskupet, Krig med Sverige, Barkbraudet og meire slikt, som netop
er det dei same Kararne hev største Styrkjen sin i, naar dei raakar
Folk, som dei trur seg til.
Me Østerdøler let oss
ikkje skræma. Her har me baate Dugleiken og Pengemagta paa vaar
Side. Lat so nokre stakkars Embættesmenn og deira Rovediltarar
skrike og truge. Her er me samstelte:
Spyrst det so ymse au
Det har inga Nau
Me skal nok faa Folk
Te halda Fre
o.s.v.
P. M.
Sylvbrudlaup.Bonde Erik Monsen Haug i Odalen og Kona
hans heldt Sylvbrudlaup no den 6te Januar. Eirik Monsen er ein av dei
megtugaste og mest dugande Menn i Bygdi, og Bygdi hev og vist aa
nytta honom. Han hev i lang Tid voret Valmann, og som sodan hev han
havt myket aa segja. I 25 Aar hev han voret Kommunemann og Ordførar;
andre Tillitspostar hev han og havt.
Han er frilynd, og um me
inkje minnest feil, so var han med i Toget til Sverdrup og ved
Wergelandsstytta.
Paa Heidersdagen var han
gjestat av mange baade Bønder, Husmenn og Embætsmenn, i det heile
120.
Brudlaupsgaava vart inkje
gløymd. Folk hadde skote saman ikring 500 Krunor og for dei kaupt
eit fagert Stovemøblement, som dei gav Brudefolket.
Ut yver Kvelden vart det
haldet Talar og sunget, og Ungdomen fekk seg ein Svingum. Mange
Stader i Bygdi var Flaging.
Spilmannen
Halvard Lie
fraa Telemork reiste til
Amerika, no um Dagen. Han vil spila der. Me spaar han vert væl
fagnad.
I eit Vindaugei
Karl Johans Gata er uppstelt ei liti Byste av Chr. Friele.
Kunstmannen hev raamat godt.
Norsk Ugeskrift(utgjevet av
F.
Bætsmann
) No. 2 utkomet. Innehald:
Sorenskriver Ludvig Daae: Nogle Ord om Stemmeretssagens nuværende
Stilling og Udsigter.
_
De Uafhængige.
_
Norge i 1883. Juli
_December.
_
Smaa
Bidrag til Norges nyere Historie.
_
Udefra. Krigen i Østasien.
_
Notiser. Fraa Sorenskriver Sørensen.Den norske Handelsflaade i 1883.
Sveriges Udenrigshandel. Jernbanernes Trafik-Indtægter.
Sparebankerne.
Kostar 4 Kr.
Fjordungaaret.
No.1 av
Kristelig Tidende
for 1884
(Metodistarnes Blad) innehald: De norske metodisters taksigelsesfond.
Bogavertissemanger. Nytår(digt). Et godt Nytår. Sangforeningerne.
Er ikke bibelen selv sin egen bedste fortolker og forsvarer? Den
skandinaviske metodisme. Reformasjonens indførelse i Norge. Digt, Så
er det i Amerka. Kristelig Sang. Mistænksomhed. Advarsel for
predikanter. Korrespondanser. Nilens historie (føljetong). Kirkeligt
fra vore menigheder. Personligt. Dødsfald. Et og andet.
Bladet kjem ut kvar
Vika, kostar 1 Kr. Fjordungaaret. Ekspedition Thv. Meyers Gate
56, Kristiania.
Til aa sannprova
Bibelen
i det historiske og
vitenskapelige hev dei lagt Raad paa fleire Møte i London; dei er
tenkt paa aa faa i Stand ein ny Mision aa kalla til dette Fyremaalet.
Dei vil senda dugelege Menn iveg, som skal halda Fyredragi dei
største Byar i England, Skottland og Irland.
Talen av Paven,
som han heldt Jolkvelden aat Kardinalarne hadde ingen god Laat. Han
klagad seg for det Hatet og den Motviljen, som Kyrkja naut av
Fiendarne sine, og serskilt densyrgjelege Stelling, som Pavedømet
hadde i Rom. Jamvæl i katholske Land tok dei seg til aa meinka den
kyrkjelege Innverknaden paa ymse Ting. Han let ille um Italias
daarlege Presse, som paa Lutherdagen hadde heidrat denne
Vranglæraren, denne fraafallne Gudløysa. Og Hovudgrunnen til denne
Rosen var Uppreisten hans mot den katholske Kyrkja og den
forsinnaStriden, som han førde mot Pavedømet.
Parnell og den
irske Flokken
i Parlamentet hadde eit
Møte straks etter Jol og samraadde seg. Dei vart samstelte um, at
dei skulde dela seg i fleire Lag. Eit Lag skal verka for aa faa
Røysteretten i Bygd- og Landsstell likaeins i Irland som i England.
Eit annat Lag skal arbeida paa aa faa Samstelling av dei irske
Valringarne. Eit tredje skal syrgja for aa nytta Irlendingar i
engelske og skotske Valringar paabeste Maaten. Det fjorde skal faa
istand Lov-Framlegg, det femte skal ganga paa Regjeringi og seinka
Underhuset med Endringsframlegg og liknande.
Den franske
Nationalforsamling
vart opna den 8de
Januar, Umboti av Forfattningi kjem væl fram no att. Det er tvo
Ting, som ho serleg gjeng ut paa. Det eine er, at Senatorar inkje
skal veljast paa Livstid, soleids som det no er, og det er det væl
Von um aa faa umgjort. Men verre er det med det andre, Listevalet(at
større Landsdelar vel tilsaman, medan, som det no er, Smaadelar vel
kvar for seg). Det var dette som Gambetta stridde for, men inkje fekk
fram, og det er endaa uvisst, korleids det kann gaa. For det er
visst, at dersom Listevalet gjeng igjenom, vil mange Tingmenn verta
sitjande heime, som no er valde ved Hjelp av Skyldskap og Kjennskap i
Heimbygderne, utan at dei kann hava umframs Gaavur hell vera
godkjende i vidare Krinsar. Og det skal vera vandt, um dei daa vil
skriva under Dauddomen sin sjølve.
Den rysske Czaren
er saarad i Armen, sume melder, at han hev støytt seg paa ei
Sledeferd, sume segjer, at det er Nihilistarne, som hev teket paa
honom.
Publisert