Lydrike-Tanken i Lærebøkerne.
(Framhald.)
(Del 2 av 4.
Fyrste delen.)
Dei, som helst vil,
at me skal gjeva upp vaart eiget, likar ikkje heiltupp Hendingarne i
1814, slik som dei i Røyndi var
_
Sjølvuppgjeving-Tanken var
_
Gud vere lovat fyr det
_
ikkje vidare uppe i den Tidi. Difyr lyt Sjølvuppgjeving-Mennerne
vrida litet paa desse Hendingarne, so me ikkje skal faa so stor Gleda
av Fridomsverket: Dei skrøyver upp alt, som svenskt er, og allvisst
Karl Johan. Det er han, som er Hovudet fyr det store Samlaget mot
Napoleon, Svenskarne slæst med gamalt Mot i mange Slag, Fyrstarne i
Samlaget veit ikkje, korleids dei skal fulltakka Karl Johan. Han snur
seg mot Danmark, og Danskarne ryk med ein Gong, tapar i alle Slag. So
kjem Karl Johan, studd av alle Fyrstarne, med den sägervana
svenske Heren mot Norig. Det norske Folket, Stakar, det hev svoltet
og lidet vondt, det er eit fatigt Fjellfolk, som ingen kjenner og
ingen bryr seg um; Kristjan Fredrik hev gjevet detta Fjellfolket ei
Grunnlog; naar so Karl Johan kjem, so let han detta stakars
Fjellfolket faa hava Grunnlogi si, av Kongens Naade. Naar alt hev
gjenget slik fyr seg, so er det ikkje vandtaa finna absolut Veto
baade her og kvar i Grunnlogi, og ho vert daa berre ei Indskrænkning
i Enevældet. So kann Vetostyringi sistpaa verta so hard, so
Folket, det norske Husmannsfolket, helder gjer ein ny Kontrakt
med Husbonden og gjeng med paa eit Unions-Parlament, og so er me paa
den breide Vegen.
No skal me sjaa, um me
ikkje finn det meste av detta i Lærebøkerne.
I L. Kr. Daas Lærebog
i den nyere Historie S. 676 stend det: I det følgende Aarunder
det afgjørende tyske Felttog viste Karl Johan ligesaa store
Tjenester imod Napoleons Fiender. Først sluttede han i Mars og April
1813 Forbund med England og Preussen, hvilke begge lovede ham Norges
Erhvervelse. Den svenske Hjælpehær paa 30,000 Mand stred tappert i
mange Slag. Karl Johans Ledelse af et meget større Korps Tyskere og
Russer var farlig formedelst hans Kjendskab til hans forrige
Vaabenbroders mesterlige Krigskunst.
So nemner Daa av dei
Slagi, som Karl Johan vann, Slagi ved Gross Beeren og Dennewitz, og
Daae og Drolsum segjer, at Franskmennerne under Oudinot blev
imidlertid den 23de August ved Grossbeeren slagen af Karl Johan og
dennes Underbefalende Preusseren Bülow, men nemner ikkje Karl
Johan ved Dennewitz.
Um Karl Johan stend
det soleids i Weber, Geschichte des Neunzehnten Jahrhunderts
S. 455:Yverföraren fyr Nordheren var
Krunprinsen av Sverige, den ærerike Marsjallen Bernadotte, som var
Son til ein Rettslærd i Pau og no hadde stiget upp, so han skulde
fylgja etter Vasa-Ætti. Det hadde mest altid voret graatt millom
Napoleon og Bernadotte, og Bernadotte hadde strævat alt det han
kunne, mot at Napoleon skulde verta Fyrste-Konsul. I fleire Slag, som
ved Averstädt og Wagram, hadde Marsjallen faret aat slik, at
Kjeisaren jamvæl tottest hava Grunn til full Unaade. Likevæl kunne
Bernadotte takka Vaapni hans Napoleon, fyr di han so forunderleg var
komen upp i Høgdi, og det fall tungt fyr han aa draga i Herferd mot
sitt eiget Folk som Førar fyr framande og litet vyrde
(geringgeschätzter) Soldatar. Magterne gjorde seg mykje Umak fyr aa
faa Krunprinsen i Samlag med seg, og hadde reint for store Tankar
(eine überstrieben hohe Vorstellung) um hans millitære Gaavur. Men
den Voni, som dei hadde um Herførar-Gaavurne hans, slo ikkje vidare
inn. (gingen nur sehr unvollkommen in Erfüllung). Det drygde lenger,
enn rett var, fyrr Krunprinsen kom paa tysk Grunn, Herstyrken hans
var ikkje so stor, som dei hadde tiltingat seg, og ikkje i vidare
godt Stand. Han let Hamburg falla, var uhugad paa alle djerve Tiltak
og sparde paa heile Herferdi Svenskarne sine so mykje, som det berre
var Raad til, so han fyrst det trengdest kunne bruka dei mot Danmark
og ikkje vekkja altfor mykje Harm imot seg hjaa dei, som fyrr hadde
voret hans Folk; for den Gongen leikad det i Hugen hans fyr fullt
Aalvor, at han skulde vinna den franske Kruna, so æresjuk var han.
Med braglande Marsar(mit stolzen Bewegungen) narrad han
Samlags-Venerne sine; men skulde han gjera nokot, laut dei beintfram
tvinga han. Den Tiltrui, som dei synte han i Fyrstningi, minkad av
meir og meir, daa dei skynad, korleids han hadde tenkt aa halda seg
undan under Ufreden. Naar Nordheren likevæl var med og avgjorde
Striden med Æra og Kraft, so var det berre dei preussiske
Korps-Førarar, allvisst Friedrik With von Bülow, Borstell og Grev
Tanenzien. . . ., ein kunne takka fyr det, Generalar, som var kunnige
i Herførar-Kunsti og fedralands-kjære og som hadde Framferd; desse
hadde heile Tidi Krangl med Yverføraren, men det var dei, som førde
frisk Kraft inn i Herferdi til Nordheren.
I denne
Framstellingi skollar korkje Karl Johan elder Svenskarne so stort. At
Weber kallar Svenskarne gering geschätzte, synest undarlegt.
Det er vel, fyr di Svenskarne var so faae, han talar so
uvyrdsleg um dei, Victor Durug sameleids. I
Historie de France
2de Bindet S. 586 segjer han, at Sverige i 1806 lovad Preussen
son
fragile appni
(si skrøpelege Hjelp).
Nordmennerne kallar Weber die kräftigen Norweger (S. 480); dei
djerve Nordmennerne.
Fyrr eg legg ut um Slagi
ved Grossbeeren og Dennewitz skal eg nemna andre Vitnemaal um Karl
Johan, som høver med Utgreidingi hans Weber.
Vaaren 1814 sagde Jarlen
av Grey i det engelske Parlamentet bland annat: Etter Slaget ved
Bantzen, daa det saag vonlaust ut fyr Europa .... hadde Sverige ikkje
ein einaste Mann i Herferd elder paa Vegen til Slagmarki. Endaa so
seint som Slaget ved Leipsig, spyrr eg, um Sir Charles Stewart ikkje
skreiv til Ministrarne, at Krunprinsen av Sverige hadde latet vera aa
gjera det, som Riksstyret hans hadde teket paa seg? Og eg vil spyrja
um det og: Kvat hev Krunprinsen gjort etter Slaget ved Leipsig? Hev
han gjort ein einaste Mars, som kunne fremja Hovudformaalet fyr dei
sambundne Magterne? I Februar og Mars Maanad, medan Blodet fløymde i
Frankrike, sende ikkje Krunprinsen ein einaste Soldat til aa arbeida
ihop med dei sambundne. Ikkje ein einaste Mars gjorde denne Prinsen
ihop med dei sambundne radt til 19de April, daa han totte det høvde
bra aa lydast innum Paris. Visst var det, at den svenske Heren stod
og ingenting gjorde og ikkje hjelpte dei sambundne, til dei hadde
naatt Formaalet fyr Ufreden; daa drog Krunprinsen til Paris fyr aa
vera med i Triumfen. Den same Talaren hev mykje Godvilje fyr Norig
og kallar det fyr den beste Helvti av det danske Monarkiet, mykje
større i Landvidd og Forsvars-Styrke og med mest Helvti av
Folkemengdi. Prins Kristian Fredrik valde det, som han totte best um
(han hadde Valet millom Norig og Danmark), og var eg i hans
Stelle, hadde eg visst og sannt valt sameleids.
Publisert