Torni Slyngstad.

[Del 3 av 15. Første delen]
 
(Av Hans Mo.)
                                   
III.
           
Husbondsfolket aat Torgeir tykte det var undarlegt, at han no skulde faa det paa seg, som dei kallad det. Dei hadde so halv Vegs tenkt, at ho Ragnhild upp i Garden skulde koma til aa draga av med han. Elles hadde Matmoeri no paa det siste Bilet helder tenkt paa Dordis, Tenestgjenta deira. Ho var ung endaa, men saag ut til aa veksa seg ovlege fager.
           
Men Torgeir tenkte korkje paa Ragnhild elder Dordis. Han kom i Hug, naar han i Lag med Vatnefolket skulde helsa paa Slyngstadfolket, soframt Baatarne samstundes lagde aat Voren ut i Vats-Osen. So litet som han torde vona, var det daa likavel nokk til aa fylla han med ei undarleg Samrøring av Gleda og Otta. So kunde vera, ho tenkte paa han, og so kunde vera, det berre var han, som byggde Voner paa ikkjevetta. Og so hadde han eit Fyresviv um di ogso, at Foreldri hans kunde hava eitkvart utestandande med Slyngstadfolket.
           
I Grunnen hadde Torgeir aldri voret nær inn aat sine Foreldri. Han visste, at hjaa Moer hans var nokot sermerkt, nokot skirt, ei Gjæve av hildrande Finleike, som det ikkje var Bruk fyre i Samlivet med Tergje Plassen. Um honom hadde Torgeir aldri høyrt nokon segja, at han var god. Skulde Guten utom dess hugfesta seg ymse Ordskifte millom Foreldri um Slyngstadfolket, so kom han i Beit, for dei hadde gjenget ut paa aa dylja Emnet fyre han.
           
Soleids vilde, kor han saag, ingen Ting auka Voni, som han likavel ikkje kunde sleppa. Ho bar honom heim gjenom Dalen ifraa Aarsetskaret; ho kviskrad til han, at Gjetordet um, kor vel dei likad han paa Aarset, ein fager Dag kunde naa inn i Nyestova paa Slyngstad. I Grunnen vilde detta vera det einaste til aa lita paa, naar detberre ikkje var so mange andre, som hadde Hug paa Torni Slyngstad, og som vel kunde byggja si Von paa det same. Elles er det fulla godt, at Ungdomen kann finna Dugleike og personlegt Værde hjaa sjølve seg. Men Torgeir log upp av Tanken: stakkars Gutar! i eit er me alle like i Sjølvkjærleiken.
           
Det var endaa tidla Morgon, daa han alt var komen heim aat Bøgarden paa Vatne. Fram paa Riset berre, og so laag heile Bygdi glimande i Morgonsoli. Torgeir sette seg i Bakken i Livd fyr den kalde Snoi fraa Dalen. Han var skumande sveitt. Fyrst daa han hadde kvilt litetvetta, kjende han, kor trøytt han var og svolten. Men det vyrde han ikkje. No vilde han fyrst skoda inn og ned yver Vatne og dei nærmaste Gardar der; sidan vilde han sjaa ut til Slyngstad.
           
Men Trøyttleiken gjorde sin Verknad. Just som Torgeir vilde samna det vigtugaste av det, han hadde tenkt paa Vegen, gleid det eine ut fraa det andre; rundt ikring bygdest ein Kvelving av dirrande blaa Luft, men som myrknad og seig nærre inn paa, tildess det var nokot, som sloknad og brast som ei Bola paa Vatnet med blinkande Fargar ikring.
           
Det siste, han høyrde, var Elvasusen. Men sidan var det Luftdraget, som bar ein Salmetone yver til han; for Torni sat paa ein Haug i Nærleiken og song. Han vilde yver til henne; men med det same skræmdest han, so han gav ein Skrik. Faer hans stod der trugande midt i Vegen. Han skalv av Sinne. Den vesle mjaage Mannen vart til ein Rise. Myrkt vart Andlitet; Augo brann, og Munnen bibrad. Faer! vilde Torgeir ropa; men Tergje greip han i Bringa med den eine, yver Munnen med hi Handi. Kalde som Is var dei baade. Skal ho der vera di? sagde Tergje. Men daa kjende Torgeir lik ei drepande Rædsla, at Blodet vart som til Is i Aadrom; for han trudde, han skulde missa Torni avdi han fekk ikkje svara. Skal ho der vera di, og eg skulde ikkje faa den eg vilde? kviskrad Tergje og snudde seg aat Torni. Samstundes fekk Torgeir Maalet upp og spyrde gjenom Graat: Enn Moer daa? Til Svar kom ein skjerande Kaldlaatt, som høyrdest yver all Bygdi, og so var han kvorven. Daa vaknad Torgeir og kjende ei stor Gleda ved di, at han berre hadde drøymt.
           
Fraa Vatne kom det no Kyrkjefolk ned etter Vegen. So laut Torgeir skunda seg, um han vilde fylgja med paa ein av Baatom. Han fekk paa det knappaste Tid til aa sviva inn um paa Plassen. Daa han kom der ned, stod Døri paa vesle Stova paa vidan Vegg. Angjen av Hegg stod ut av den; Moer aat Torgeir hadde skurat Veggjerne og stunget Lauvduskar og Blomar inn i kvar den Rivja. Ho stod attmed Gruva og visste ikkje av, fyrr Torgeir frisk og varm kom drivande. Signe deg, kjære Moer mi! sagde han, treiv og kysste henne. Det fekk ho fyr Draumen si Skuld.
           
Ein Baat kom ut yver langs med Strandi. Torgeir gjekk ned paa Tangen og vittad med Lumeduken, fekk fylgja med og vart boden til Sessar. Kvendi fyllte Bakskuten. Dei kvite Skauti deira speglad seg i Vatnet. Det saag ut som Snjodottar burt og ned i Djupet.
           
Upp under Slyngstadlidi drog seg ein Baat ut yver. Torgeir saag det nokk, men kunde ikkje skoda lengje dit. Vatnegutarne brukad Augo sine, dei ogso. Torgeir tok upp Salmeboki og bladad i den. Men Bokstavarne flaut yver i kvarandre elder liksom flutte seg til Sida og vart til tvo av ein.
           
Vatnebaaten naadde sist yver Vatnet. Men Gutarne skundad soleids paa, at eit Møte paa Vegen vart naudsynlegt.
           
Torgeir lagad det so, at han hadde ein av Gamlemennerne aa snakka med. Men den smilande Kona fraa Slyngstad helsad paa alle, ho.
           
Aanei daa! Kjem her Framandfolk ogso? sagde og til Torgeir.
           
Det skal so vera, var han um aa svara.
           
Velkomen til daa, sagde ho og tok han traust i Handi. Torni laut gjera det same; men det var nettupp sovidt han kjende det i Handi. Samstundes var han med Augo burt yver Vatnegutarne. Han tykte, dei smilte og rengde Augo aat kvarandre. So tok dei til aa skunda seg. Torgeir laut fylgja fyr Skuld Folkelegheiti. Men paa Kyrkjebakken kom han atter til aa standa Slyngstadfolket so nær, at Kona talad til han. Ho drog endaa Torni inn i Samrøda og sagde, at no kunde ho faa Helsing til ei Frenka, som ho hadde der nord. Elles skjemtad ho um di, at det var so mange fagre Gjentur i Aarsetbygdi. Eikvar av dei vilde vel koma til aa draga av med Vatneguten, o. s. b.
           
Men paa Heimvegen fraa Kyrkja lovad Torgeir seg sjølv, at han ikkje vilde gaa til Aarset att, fyrr han hadde fenget sagt Torni, at han elskad henne.
 
                       
IV.
 
Andre Kvitsundagen um Kvelden reikad Torgeir ut aat Elvi og leitad upp den Staden, der han fyrste Gongen saag Torni Slyngstad. Det var Skil paa den vesle Gjenta i blaa Kjolen og med det rike Haaret laust nedyver Ryggjen og den vaksne Gjenta, frodig og blømande, som ho no var!
           
Torgeir stod eit Bil ut med Elvi og tenkte paa detta. So gjekk han heim att; for her var ingjen Ting aa gjera. Paa Slyngstadsida var ikkje livande aa sjaa. Det var Helg endaa. Torgeir tykte, det var tett aat stygt av han, at gaa der og grunda paa Elsk og Gjiftarmaal, medan hitt Folket sat og song Salmar.
           
Men Tredjedag um Kvelden kom han til aa lydast ned aat Vatnet. Den gamle Høgbaaten aat Tergje laag der paa Sida. Torgeir sette Kneet inn under Æsingi og lettad. So gjekk han aat Framstamnen og tok i der fyr Moroskuld! Var du ikkje tyngre, gamle Skrap! sagde han, daa Baaten flaut. Det var ikkje ein sovoren liten Vatsbaat helder, men ein stor Fering, som Tergje hadde kjøpt ut paa Øyom. Men jamen var han gjigtbroten no. Ein laut fulla smaaskunda seg, som yver Elvaosen skulde koma i slik Fargreida. Det fyssad soleids inn millom kvart eit Bord, at det stod som i ein krans av Straalar.          
           
Daa Torgeir lagde upp i Slyngstadstødi, stod Vatnet jamhøgt med Tofta. Men kor skulde han no faa bryna Baaten? for sjølv um han hadde havt eit Auskjerald, vilde det vera raadlaust aa tøma slik ei Brygja. Han vilde velta elder kolva Baaten upp aa den eine Voren. Men det let seg ikkje gjera, for slik ein Fering kann vera lika stor som ein maateleg Treæring, og heile Bakskuten hekk att og bak jamtrømad med Vatn. Men kunde Torgeir ikkje faa tøma Baaten, so hadde han ikkje Fargreida tilbake yver Elvaosen helder. Daa kom han i Hug, at Feringen kunde liggja der inn med Land full av Vatn utan aa sekka. So kunde han vel vaka no ogso med ein vaksin Kar i umfram Vatnet? Det tenkte ikkje Døleguten etter endaa, ser du. Han vilde prøva, men høyrde, at det var einkvan i Nærleiken, som røyvde seg. Daa han skulde sjaa til, stod der Torni Slyngstad og log! Det var fortærande. Ho var no vel den siste, han vilde, skulde sjaa, kor uppraadd han var. Han treiv i Framstavnen ein Gong til og skutad. Samstundes vart han fatad i Armen: Du vil vel ikkje ut paa og drepa deg? sagde ho.
           
Aanei, svarad han. Var det du, som log.
           
Ja, det var stygt av meg. Kom, skal me hjelpast aat og bryna Baaten, ha! ha! ha! Kvat slags Baat er det? - ha! ha! ha! Nei, eg kann ikkje hjelpa fyre det, - ha! ha! ha!
           
- Aa, - du aa du! No skal eg hjelpa deg, - ha! ha! ha!
           
Aa, du er no meir enn snild daa, sagde han og log seg mett, han ogso.
                                               
( Meir.)