Tidender.

Kristiania, den 25de August.
           
Verjaren til Regjeringifor Riksretten hev Høgre voret fegne, dei hev inkje kunna dy seg, det er glimande det er storsleg dette Fyredraget hans. Men det meiner han vist inkje sjølv, i Sluttningi av Talen sin fell han so reint isaman, at han mistvilar um alt han hev sagt, at det kann gjera nokon Mun alle fagre Ord alle sterke Grunnar. For han peikar paa Skoft og Statskup som siste Raadi kanskje til aa faa fram sitt. Og naar ein Sakførar maa forlata Ord og Grunnar og skjota til Trugslur og slike Ting daa kann ein inkje segja, at han liter stort paa seg sjølv og si gode Sak lenger.
 
           
Prest Schjørn hev lotet vridet paa Ordi sine i Brevet til Lien.
 
           
76 Adressurhev Selmer no fenget, 9,494 Mann fortel Fædrelandet med feite Typar. Det er litet til aa verta feit av det.
 
           
Den vonde Aand paa Graatenmoen,som General Wergeland klaga paa, vart innført der for 3 Aar sidan den hev vaknat uppatt iaar: dei hev klaga paa sjølve Generalen til Armekomandoen for Tala hans ved Mønstringi.
 
           
Leiv Sandsdalen, Spilemannen fraa Seljord hev spilat i Kristiansand og Stavanger, og han hev vortet væl umtykt.
 
 
           
Misskriving.No. 31, Kjellaren siste Radi øvst paa stod Illhugen til aa standa til det, les: Mot og Hug o. s. v.