Motlegg.

I No. 30 av Fedraheimen var ein Kritik av Bjørn Berge, som eg inkje kann tegja heilt til, daa eg inkje trur, den er rekti rettferdig i alt.
           
Eg kann inkje godt tenkja meg, at Forfattaren vil setja Bjørn upp som nokon Mynstermann, Boki er visst inkje anlagd paa aa vera idealistisk; det er eit Stykkje av Livet Forfattaren vil skildra so godt han kann det daa, so eg kann inkje finna det som nokot Mein med Boki, um Bjørn hev sine Karakterveilur.
           
Held inkje hev ein Rett aa klandra Boki, fyrdi ho inkje hev mykje av Livet paaHøgskulen 1) , det hev inkje Forfattaren havt til Uppgaava. Det kann inkje nytta aa kritisera paa den Maaten, som Bjørnson talar um, at naar ein ser paa ein Stol, kann ein fortelja, at det og det vantar fyr aa vera eit godt Bord, og naar ein ser paa eit Bord, at det og det vantar paa, at det kunde vera ein bra Stol.
           
Spursmaalet er, um Forfattaren hev løyst den Uppgaava, han hev sett seg; i dette Tilfelde, um han hev skildra Bjørn og dei andre sykologisk rett, so ein fær det rette Inntrykk av deim. Hev han det, so meinar eg, han inkje kann klandrast, fyrdi han inkje hev teket med sumt, som kunde vera nokkso godt aa høyra um, men som han rimeligvis trudde laag utanum Uppgaava.
           
Og fraa den sykologiske Sida trur eg, han so nokonlunde iallfall hev treft det rette. Skildringi av Mathilde Gran er etter mi Meining det veikaste. Endaa eg slet inkje kann vera einig i, at ho er beintfram ei Kokette, - det hev ein inkje Lov aa slutta so trur eg, det kunde komet klaarare fram, at ho er meir enn ei vanleg Bydama, som fær høyra nokre nye Tankar, som ho teoretisk finn er sanne. Ho kunde gjerne havt nokot meir moralsk Kraft til aa ofra litt meir for dei Tankarne, som ho i Teorien finn er rette, serleg naar no skulde verta Kona aat ein
Høgskulelærar, fyr dei lyt somen i vaare Dagar hava meir Kraft enn det skal til fyr aa elska ei Sak gjenom ein Mann i Solskin og Godvedr. Det er mogelegt, ho kann det, men det kjem inkje klaart nokk fram. Og kann ho inkje det og det burde Bjørn vita so er det inkje rett av honom, at han friar til henne.
           
At Bjørn paa sin Vis forelskar seg i Ingebjørg, trur eg er sykologisk rett. Han stod der uppe i ein upprivande Strid, uroleg i seg sjølv utan nokon, han kunde stydja seg til. Han hadde mange med seg, det er sannt, og det er alltid ei Stytta; men han trengde ei onnor. Alle desse skulde han rettleida, men han kjende, daa han sat aaleina, at han so saart trengde Rettleiding sjølv. Og det var det han i Grunnen søkte etter. Han fann den ingenstad. So saag han Ingebjørgs stille fagre Augo, det var det gjævaste, han hadde set kring seg der maatte Hjelpi vera, skulde den vera nokonstad. Han maatte faa eiga Hjelpi og fridde. Eg kann inkje kalla det nokor Karakterveile, men ein stor Uklaarskap yver seg sjølv. Han hadde havt ein eldre Ven med Klaarskap yver Livet til aa rettleida seg, so hadde han inkje fridd til Ingebjørg. At det seinare, naar han vart meir klaar yver seg sjølv, gjekk upp i Inkje, er heilt naturlegt. Men der er han veik, der burde han voret sann til Ingebjørg, somykjet meir, som ho til og med bad honom um det. Han burde det, men Menneskene er nu engang ikke saa gode, som de burde være, og eg trur, han er rett skildra.
           
Drøymingi i Snjokaven høver inkje, det er sannt, men Forfattaren kann gjerna lata Bønderne tru, at ein kann verta Prest i Amerika paa tvau Aar; det er hell inkje meir, enn som verkeleg hev gjenget for seg, at ein Skulemeistar hev vorte Prest der paa tvau Aar. Seminarskulen kunde utan Skade komet klaarare fram, det er sannt, men eg trur inkje, der er so stor Skade i, at han inkje gjer det, daa den Utvikling hell Innvikling, Bjørn der fekk, inkje beit so store Merkje i honom, at Forfattaren trengde gjera det altfor breidt.
           
Maalet i Boki er godt, so det skal Oddmund Vik hava Takk fyr. Eg trur inkje, det vilde vorte betre, um han hadde lagt seg meir etter Telemarksmaalet.
           
Eg kann hell inkje setja Bjørn Berge so svært høgt som Diktarverk, men me fær hugsa paa, at Boki er Forfattarens fyrste Arbeid, og det er mykjet godt i henne, um det er sumt, som kunde vera annleids, enn det er.
           
* * *
 
Til G.s Kritik i Dagbl., at den Kampen millom Grundtvigianisme og Pietisme er eit attendelagt Emne i Literaturen, vil eg berre segja, det er godt, at inkje alle Forfattarar gjeng so fort, at dei ser paa det som fraa seg gjort, som berre Fyregangsmennerne fyr kort Tid sidan er komne yver. Det skal meir til ei Folkeuppdraging, enn berre det, at sume at dei fremste kjem til Klaarskap. Tyngste Taki ligg atter seinare, og dei gjerer oftaste størst Gagn, som arbeidar med det, og inkje blæs det fraa seg som attendelagt.
           
Og at den Kampen inkje er fraa seg gjord ute i Folket, kunde ein fælt godt sjaa, naar Vestlandsposten i Vinter kunde utan Bladstyremotlegg taka upp Stykkje, som stelte Grundtvigianarne upp som Motsetning mot dei kristne, det vilde der naturlegvis segja Pietistarne. Det er leit nokk, at det skal vera so, men ein Forfattar bør korkje sjaaast ner paa hell faa Vondord, fyrdi han i ei Skildring utor Folket tek det, som rører seg derinne.
 
Eid 10/ 8 83.                     L. T.
 
 
1) Eg er einig i, at det var væl verd aa skrivast um.