Hadde dei berre tagt seg!

Daa hadde dei voret kloke, daa hadde mange havt betre Tankar um dei. Dei segjer at Vinstrebladi berre hev agitera upp den Stemning, som no er.
           
Ja hadde dei tagt seg no endaa, so hadde dei fenget mange til aa tru paa det, slike som no fyrst hev tekjet til aa høyra etter Politiken.
           
Aa for nokre Styvingar. Heile dette Aaret hev dei voret so snilde med Vinstre, dei hev spara dei for alt Bry, for med alt Høgre hev gjort og sagt, so hev dei inkje gjort anna enn aa agitera mot seg sjølve.
           
Nett so høvelegt legg dei sjølve fram fyr Folks Augo det siste Provet paa, at det som Vinstre hev sagt, det er so sannt, at det er inkje sannare aa faa det.
           
Var det inkje mange alt, som tok til aa fæla for, at det skulde vera noko i det Ordet som gjekk, um at Vinstre hadde si Rot i Vantrui og at det var Kristendomen det galdt?
           
Og so nettupp kom Kristendomsvenerne med Bøkerne sine i tusindvis og lagde det fram so greidt, so kvar kunde sjaa det, at det Ordet var det ingen Ting i.
           
Aa so mange Takk skal De hava. De hev tekjet Otten burt or mangt eit Brjost! Fædrelandet likaeins; mange Takk skal De og hava, De hev gagna annleids enn De sjølv hev tenkt det!
           
Ein hev lotet skrevet so mangt um Høgreprestarne, at ein mest kunde verta rædd for sjølv, at det gjekk for vidt.
           
Men no kjem Prest Schørn med dette Brevet sitt og sannar kvart Ordet, ja gjer det sannare enn nokon Vinstremann hev kunna tenkt det med seg sjølv og langt minder sagt det.
           
Desse snilde Statsraadarne, desse Hædersmenn hokken kann vaaga aa døma desse rettferdige? Daa kom dei setjande med denne Rustad-Greida, soleids at den Holmboeske Rettferdigheit gjeng som eit Ordtak yver heile Landet. Ein maa smila med seg sjølv yver kor rart det kann ganga til.
           
Men bakum den Smilen kjem det Taarer fram for meg. So ille hadde eg aldri fyrr visst det var.
           
Det er saart, naar ein maa finna det, at dei gamle Autoritetar søkk ned, og ein hev inkje nokon aa lita paa, ein vert som aaleine, og Livsens Aalvor berre ligg fyre honom.                       
 
t.