Fraa Riksretten.

Bergh hev haldet paa kvar Dag alt fraa fyrre Fredagen og til no Thorsdag med Tala si um Ugildskapen hell Inhabiliteten til Domararne.
           
Ein laut vera streng i Kravet her meinte han, det var inkje Mannen, men Saki det galdt.
           
Han byrjad med aa greida ut kvat som var aalkjend Lovskikk i so Maate og Meiningi med Hovudstykkjet i Loven um dette at ingen Dommer maa dømme i de Sager, som hannem selv gjælde paa. Interessur og Æresak kunde gjera ein meir bunden og difor ugild til aa vera Domar enn alle andre materielle Hensyn.
           
Her laut ein granska og vanda meir og enn hellest, med di at det var so laga, at Klagararne hadde valt inn i Retten eit Yvertal av sine eigne Partimenn for aa utføra ein Folkedom; ja Lagtingsmennerne hadde voret med i Vinstreforeiningi.
           
Saki no var den, at Klagararne hadde det til sitt Augnemaal gjenom Dom yver Riksraadarne aa faa ei Doms-Avgjerd for, at Grunnloven skal forstandast paa ein viss maate. Og den som daa skal vera Domar her, maa vera før til aa døma um 9de Juni er med hell mot Grunnloven, anten den Avgjerdsla skal haldast for Grunnlov hell for aa strida mot Grunnloven. 9de Juni var Monarkiets Dødsdom, um den vart standande, etter det som mange av dei Kararne hadde sagt sidan sjølve.
           
Det var nok forskjellig Meining um det, anten det var Sanktionsnektingi hell 9de Juni, som hadde valdat den Landsskaden, som det er klagat paa. Og slikt skulde 9de Juni-Karane sjølve vera føre til aa døma um, dei burde fyrr stellast for Riksrett dei, meinte han, dei hadde sanneleg ogso eit juridisk Andsvar paa seg.
           
Riksretten skulde no vera eit skarpt Vaaben, eit Magtmiddel og inkje eit Retsmiddel meir. Det var dei valde paa. So maatte dei væl vera bundne og ufrie til aa kunna døma.
           
Desutan hadde Huser voret med i Protokolnemndi 1881, Bjering, og Leer og Lien var med i Odelstinget same Aaret.
           
Han umhandla dei fyrre Riksretter, men det var vanskelegt aa faa noko bindande av dei, daa det var so faae, men i 1836 var dei daa strenge.
           
No var det hellest berre 11 Mann han vilde gjera Krav paa aa faa ut: Bjering, Egge, Frilseth, Havig, Huser, Iversen, Kirkhorn, Kolbenstvedt, Leer, Lien, Lindstøl. Han vilde inkje krevja paa med dei andre, daa det var ei aalmenn Meining, at Riksretten inkje skulde hava faa-are enn 15 Mann, endaa han for sin Del inkje trudde, at Grunnloven endeleg sette Hinder for det.
           
Rettast var det meinte han, at desse 11 gjekk ut godviljugt, men um dei ogso inkje gjorde det, so kunde dei daa vist inkje vera med aa avgjera dette men maatte halda seg undan daa.
           
I Tilfelde av, at dei 11 inkje gjekk ifraa, so maatte den andre Delen av Retten stella seg det Spursmaalet: Skal me negta aa vera med i Voteringi? og det meinte han dei burde. For dersom Domstolen sjølv inkje paasaag, at det berre vart dei fullgilde, som kom til aa avgjera dette, kven skulde so avgjera det. Rettens kompetente Del vilde dog vel ikke aabne Plads for den Lære, at Exekutivmagten her skulde være rette vedkommende?
           
Klagaren Dahl