Fraa Brunkeberg. (Brev.)

Det hev voret eit undarlegt Ver her i Sumar. Ifraa Vaaren og ut igjenom var det utifraa fint; men no sidan Slaatten byrja hev det voret mindre godt. Grøa stend ven og gjild, so det kann verta eit utifraa godt Aar; men daa maa her koma betre Høyver; for no hev det sjeldan haldet upp aa ringt ein Dag i heile Slaatten. Folk hev difor att mykje usleget; for dei hev tenkt det inkje kunde nytta aa slaa, naar det inkje var Bergingsver. Men vert det Godver no, so fær me eit reint Floraar.
           
I Juni var her so hardt Ver, at inkje dei eldste Folk hadde set Makjen paa den Tid av Aaret. Det var Braaing og Toreslag, so mange trudde, det var paa Enden med Verdi. Og so fekk me eit fælande Haglver, som paa mange Stader slog heilt ned Kornaakrarne. Hagli var so store som Toppepli og braanad kje fyr den andre Dagen. Etterpaa kom det Regn, som gjorde heiltupp Smaabekkjer der, som det aldri hadde voret fyrr. Det gjorde stor Skade mange Stader, og fleire Menn hev haldet Takst paa Skaden for aa faa Avslag paa Skattarne.
           
Politikken fylgjer me med Liv og Sjæl. Eit Samtalelag er skipa og vert aalment søkt baade av unge og gamle, Karar og Kvendi.                                   
 
L.