Fraa Aamot.

Du kjenner kannhenda inkje ei Bygd, som hever Namnet Aamot, og det kann no inkje vera aa undrast paa, for det finnst inkje mange Maalmenn her, skal eg tru. Eg fær daa segja deg, at Bygdi ligg i søndre Øysterdalen paa baade Sidur av Gloma. Det er inkje oveleg naturfagert heruppe, men nokot av det øysterdalske Draget hev det i seg her med. Den friske Lyfti og Skogen gjer ein frisk og lett um Hjartat. No, ja det var no inkje dette, eg vilde røda um. Eg sagde, at det inkje fanst mange Maalmenn her, og det er nokk dessværre so. Men so maa dei væl vera svære Karar i Politikken, deruppe! meinar du? Aa jau! - No fyr ei Tid sidan var det Val paa 4 Menn til Heradsstyret fyr Bygdi, og Aamotingarne valde tvo Høgremenn! Desse tvo hev no teiknad under ei Adressa aat Selmer. Den eine av dei er Klokkar Arnestad og den andre heiter O. Kjendlie og er Lensmann i Aamot. Arnestad er ein Kar, som fer og ranglar millom Partiarne, so han inkje er nokot aa lita paa, korkje fyr Høgre hell Vinstre. Lensmannen er no, som alle Lensmenn, Høgremenn, og det kann no inkje vera nokot rart, men det rare er, at desse Kararne vart valde. I Aamot finnst det nokre og nitti, som hev Røysterett, og av dei er det 16 Høgrekarar. Men korleids kunde det so ganga, at Høgre fekk desse tvo fram?
           
Jau, Vinstre valde dei med Vilje og Forsett!
           
Kvifyre?
           
Ja, det veit dei nokk mest inkje sjølve! Det er reint kleint, at Vinstre inkje skal vera komne vidare enno, enn at dei gjeng i Veg og veltar Tillitspostar paa Folk, som set Namnet sitt under Takkadressur aat Selmer. Det vitnar um ei grøteleg Likesæla, som no inkje lengre skulde finnast hjaa dei. Og so slike Born av Liv. Smitt, som Klokkar Arnestad er! Folk, som ein inkje kann lita paa, kor ein set dei! Men det verste her i Aamot er, at det er so litet Samhald millom Folk, var det nokot meire Samhald, gjekk det aldri so. Fyr aa faa nokot fram, lyt Folk flokka seg saman, daa fyrst vert ein sterk. Det vert aldri talat um nokot Møte fyreaat Vali her, der dei kann semjast um, kven dei skal velja; men det er Von, at dette vert no; for det er fleire, som er kokande harme paa dette, at me enno lengre skal dragast med slike Folk. Fraa Osen, som er Anekset aat Aamot, hev dei au valt inn ein Høgremann, ein Lesar av ægte Slaget, som heiter Klokkar D. Nilsen, so me no i alt i Heradsstyret hev 3 Høgre. Slikt er skammeleg i ei so frilyndt Bygd som Aamot. Det er nokk ut til, at det trengst aa ruskast upp litet.                            
 
W.