Ferdabrev.

[Del 1 av 4]
 
Eg likad inkje Bylufti. Røyk og Dumba laag i alle Gaturne, so det var meg mest Uraad aa draga Pusten. Det nærmad seg og mot Riksretten, og eg hadde leset so myket i Morgenbladet, at eg den Dagen ventad meg noket av kvart. Rædd for Skjinnet mitt er eg og, so eg tenkte, at det nok var det beste aa tokka seg fraa Byen den Dagen, daa Selmer skulde fram for den høge Retten. Eg tok difyr Kufferten min i Handi og brukad Beini mine, so godt eg kunna, nedyver til Jarnvegsstasjonen. Ender og daa saag eg att um meg, um eg skulde sjaa nokot til ei sterk Regjering og kvat ho kunna finna paa den Dagen, men alt var som vanlegt: Folk gjekk til og fraa, og alle saag fornøgde ut so nær som Selmer; men han saag inkje ut til aa hava nokon Kjennskap til noket, som heiter ei sterk Regjering. Daa eg var komen paa Jarnvegsvogni, sat eg og lydde, so godt eg kunna, um det skulde byrja aa smella uppe i Voldgata elder i Aftenborgi; men det var reint stillt. Daa Toget sette i Veg, var eg sjæleglad, for eg tenkte, at um det vart Basketak der inne, so skulde daa ingjen faa den Gleda aa flaa Skjinnet av meg.
           
Det gjekk fort upp yver, og di lenger eg kom fraa Byen, di tryggare vart eg. I Vogni jamte meg sat ein oversleg fin Mann i Uniform. Eg grunad paa, kvatslags Mann det kunna vera; men so vart eg var, at han hadde eit Skjipsanker paa Kjoleermi si, og daa eg saag nærare paa Klædi hans, vart eg overtydd um, at han høyrde til Marinen. Eg hadde Hug til aa koma i Prat med Kameraten min, og eg sat nettupp og grunad paa, korleids eg skulde faa ei Samrøda i Gang, daa han spurde meg, kvat ein Stasjon, me kom til, heitte. Eg svarad paa det, og snart var Samrøda i full Gang. Dei flaggad ved alle Jarnvegsstasjonarne, og eg gjorde meg so toskutt, at eg inkje hadde nokor Greide paa, kvat Flaggingi skulde tyda, og spurde so Kameraten min um det. Jau, det var daa Geburtsdagen aat ein av dei kongelege. Eg tenkte mest, at det var for Riksretten, lagde eg skjemtande til, og dermed var me inne paa Politikken. Eg gav meg so smaatt ut for Høgremann og spurde, kvat me kunna vona av Sjøforsvaret vaart, um ei sterk Styring vilde finna paa aa senda Tinget til Bloksberg. Han svarad turt, at so vidt han kjende til Marinefolket vaart, so kunna Styringi den Dagen, ho prøvad slikt, passa seg for, at ho inkje kom til Bloksberg sjølv. Eg vart sjæleglad, kann du vita, for Krigsfolket til Lands kjenner eg fyrr. Eg kunna inkje annat enn føra Monrad og Morgenbladet med alle deira ville Draumar um Statskup paa Tale, og me log baade tvo aat Daarskapen deira. Ved neste Stasjon drakk eg og Kameraten min eit Glas for den norske Krigsmakt til Sjøs og til Lands.
           
Daa me kom ut paa Platformi paa Hamar, talad alle Folk i Munnen paa kvarandre um Riksretten. Sume likad han vel, og sume likad han ille. Det er rigtig, som det skulde være Ironi i dette, høyrde eg ei feit Fruve segja til ein mager og skallutt Mann, som saag ut so sutefull som ei Selmeradresse, at vi skal flagge idag, naar de snille Statsraaderne er indstevnede for den stygge Riksretten.
           
Ak ja! min kjære! Det ser desværre saa ud. Det er forskrekkelig saa urolige Tider, vi lever i; rigtig forskrekkelige Tider. Sig mig, skal vi ikke gaa ind og faa os en Kop Kaffe? svarad Fleinskallingen. Eg og Kameraten min saag paa kvarandre og smaamylte. Um disse tvo nedtyngde Krokarne fann Trøyst i Kaffikoppen elder inkje, det hev eg inkje høyrt nokot um; men trulegt er det, at det var myrke Tidender, dei saag i Gruten, for dei saag usælare ut, daa dei hadde fenget Kaffien til Livs enn fyrr. Eg var daa med Trænet so langt, som eg hadde tenkt. So bad eg Farvel med Kameraten min og sende Kufferten vidare, og so kom Skreppa paa Ryggen, og so ruslad eg burt etter Vegen. Eg hadde tenkt meg til aa gaa ein Skogveg burtyver mot Fjellet; men det tyngde so til med Regn og Toka, at eg slo det fraa meg for det fyrste. Eg ruslad daa ikring paa Gardarne og talad med Bønderne, og det var det sama, kvar eg kom, so vart eg spurd um, kos det stod til i Kristiania; kven som var mest mannsterke anten Høgre elder Vinstre o. s. b. Eg svarad, at Høgre hadde dei fleste Røyster ved Valet; men at eg trudde, at Vinstre nokk hadde dei flestalle Armarne. Det er endaa ei Trøyst, sagde ein Storbonde til meg, um Styringi skulde finna paa aa vilja bruka Vald mot Tinget. Trur du paa nokot sovoret? spurde eg. Aa nei, sagde han; men eg tykkjer, at det er undarlegt, at Monrad og Morgenbladet inkje hev fenget Straff for Raaskapen sin, so eg trur me gjer Rett i aa standa paa Vakt. Me gjev oss inkje i denne Striden, lagde han attaat.
           
Eg ruslad vidare fram etter Vegen og kom til . . . sjøen. Vedret lettad, og Sjø og Skog og Bøar laag og glimad i Solglansen. Eg tykte, der var guda godt at vara og gav meg gode Tider. Ein Husmann skulde uppetter Sjøen, og med honom fekk eg fylgja eit Stykke. Me lagde i Land mange Stader, og eg fann meg Ærend upp i Gardarne for aa kjøpa ein Mjølkeskvett elder ein Kaffikopp, og eg fekk paa den Maaten godt Tilhøve til aa tala med Folk. Avisur var det alle Stader, og det var inkje nokot Sersyn aa sjaa Dagbladet, Verdens Gang, Nordmanden og Oplandenes Avis i sama Huset. Det var Gutar, som prøvde aa fylgja med Tidi. Det var fleire, som hadde leset det meste av det, som er skrivet baade for og mot det absolute Veto, og det var hugnalegt aa høyra, kor greidt dei kunna tenkja og tala. Eg ynskte fleire Gonger ved sjølve meg, at mange av dei velkjende Novemberkultarne skulde voret med meg, for eg trur det, at naar dei fekk tala med desse staute og frilyndte Bønderne, so skulde dei koma til aatala med meire Vyrdnad um Massen og de uoplyste. Eg trur, at Groseraar Gulbranson og Dr. Daae og Professor Getz vilde faa ei Kjensla av, at det kann vera Vit i Hausen paa Folk, um dei inkje ber Groserarskjegg og Doktorhatt og Professorkaape, dersom dei kom i ei rett Røda med han Lars og han Haakon og, kvat dei no heitte alle desse gjæve Kararne, som eg rødde med.
           
Som sagt, eg likad oversleg godt Folket paa den Kanten, fordi dei hadde Interessur for mange av dei Spursmaali, som er uppe no i Tidi; men det var no inkje alt, eg fann som eg vilde helder. Eg hev det mot fleire Trakter av Østerdalen, at dei dyrkar for kleint Gardarne sine og liter for myket paa Skogen. Det gjeng snart aa finna nokre hundrade Krunur i Skogholtet; men det skal hoggast so hart, som det hev voret hogget no ei Tid, so vert det inkje so lengje, fyrr der stend att berre Stauren. Eg kom upp til eit Jorde, der Folket dreiv med Slaatten, og um ei Stund var eg og Mannen der paa Garden i full Røda um Gardsbruket. Slaattelendet var inkje rart. Steinutt var det, og Kaldvæta stod sur og grinutt i Bakken. Men du Ola, sagde eg, du skulde grava ei Sneidgrøft upp i Bakken og so rydja vekk nokot av all denne Steinen, so vilde du kunna hausta minst 6 Gonger so myket Høy. Aa, svarad han, det løner seg inkje Gardsbruket her. Det er Skogen, me hev aa halda oss til. Ja, tenkte eg, det er rimelegt, at Gardsbruket inkje løner seg, naar ein driv Garden sin so ille som du; men eg let som eg tok Tanken hans for god og leidde Talen inn paa Sæterstellet, og spurde, um det varnoko Vinning ved det. Jau, han let væl. Det gjev meg ein god Handskjiling um Aaret, sagde han. Ja ser du, sagde eg, Gardsbruket løner seg inkje so ille endaa. Hadde du dyrka Bøen din 4 Gonger so godt, som du no gjer, so kunna du hausta 4 Gonger so myket Høy og føda 4 Gonger so mange Naut, som no, og so vilde du og faa 4 Gonger større Inntektur av Sæterstellet ditt. Ja, han tykte nokk, at det var Grunn i detta, og eg trur, at mange Østerdølar gjorde Rett i aa draga seg detta simple Reknestykket til Minnes. No er det paa altfor mange Stader slik, at dei hev ein heil Del Skrapemark paa Bøen, og so hev dei Fjellslaatt, som er endaa uslare. Hadde no Bønderne i Staden for aa halda 4-6 Mann i Fjellet ei 8 Dagar um Aaret sett dei sama Menn i so lang Tid til aa brjota Stein og grava Grøfter, so trur eg nokk, at dei snart skulde vinna paa det. Graset vart betre, og det er nokk av dyrkande Jord nede i Dalarne. Eg er litet kjend paa desseTrakterne; men eg synest aa tru, at Gardsbruk og Sæterstell skulde føda sin Mann, um han inkje hadde Skogen aa fljota paa. Det reiser mange til Amerika fraa Østerdalen, baade Husmannsgutar og Gardmannsgutar, og eg hev ofta faat hjartailt, naar eg hev sett desse staute Kararne dreget fraa Brygga i Hovudstaden. Eg tykkjer, dei helder skulde rydja seg ein Heim her i Landet, for her er Jord nokk, og paa Fjellet er Somarsføde nokk for Buskapen. Det vart kanskje inkje so feitt med det sama; men det er no inkje sagt, at allt er Gull og grøne Skogar i Amerika helder.
           
Eg fekk ein Mann til aa skjussa meg vidare. Me rødde saman, og eg fekk daa vita, at han var berre Husmann. Eg hadde Hug til aa vita, korleides Husmennerne hadde det paa dei Kantarne, og han let bra. Bønderne var hjelpsame og snilde, sagde han, so han vilde inkje klaga. Eg hadde voret inn i mange Husmannsstovur, og det saag alle Stader reinslegt og pyntelegt ut. Den Griseskapen, som er so vanleg bland Husmennerne i Akershus, saag eg inkje nokot til her. Skjusskaren min var ein vitug Kar, og ein Skalk attaat. Me skjemtad baade tvo, som det var Løgje i, so log han, so eg saag honom like ned i Halsmotet. Det kom ei hard Regnskur, og eg gjøymde meg under Regnskjermen so godt eg kunne; men endaa vart eg vaat. Eg grein for det; men Roaren berre log aat meg. Han var no vaat all igjenom; men di vaatare han vart, di meire skjemtande og lægjande vart han. Han var vand med aa taka seg ei Bløyta, saag det ut for. Eg byrjad aa frjosa, og glad vart eg, daa han lagde til Land. Paa Garden eg hadde tenkt meg til, var det Posthus, og eg vilde senda Brev. Dei nyaste Avisurne hadde eg og Hug til aa lesa for aa sjaa, kos det gjekk i Riksretten!
                                               
Meir.