Brev.

Ein spør um han kann faa Lov til aa skriva i Bladet.
Jau jau. Send til Bladstyret for Fedraheimen, Kristiania.
 
 
Ein spør, um me tek mot Stykkje paa Dansk og set um sjølve.
Ja er det godt so.
 
           
Mange er fælt uvyrdne med Maalet og Rettskrivingi. Dei maa leggja meir Vinn paa dette.
           
Det er lettvinnt aa temja seg til no, daa det er so mange Lærebøker um Maalet, fyrst og fremst Norsk Grammatik av Ivar Aasen, som kvar den maa lesa, som vil verta nokot til Kar, den er stor og nokot dyr, men os er det mange smaae, av Nygaard, av Hægstad, og av Høyem. Dei kostar berre umkring ei halv Krune.