[Yverstyret for Folkevæpningsamlagi...]

Yverstyret for Folkevæpningsamlagi hev haldet Aarsmøtet sitt i Kristiania.
           
Kvart Skjotarlag skal senda inn Aarsmeldingi til Fyremannen i Folkevæpningsamlaget sitt fyre 15de Januar. Samlagi igjen skal senda inn si Melding fyre 15de Februar til Yverstyraren, som ein Maanad etterpaa skal hava Aarsmelding ferdeg for det heile.
           
For Skjoting i Hus vedtok dei ei Midelskiva 10 Ctm. i Tvermaal, 1 Ctm. millom kvar Ring, Blinken 2 Ctm. Vanleg Avstand 10 og 20 M.
           
For Skjoting ute skal Skiva vera 5-delt med firkantutt Deling, naar Avstandet er meir enn 400 M. Naar det er 400-600 M., skal ho vera 3 M. breid og 2 M. høg. Naar det er 600-800 M. 4 M. breid og 2 ½ M. høg. Naar det er 800-1000 M. 5 M. breid og 3 M. høg.
           
Blinken firkantutt og etter Maaten 8, 10, 12 Dm. høg og 4, 5, 6 Dm. breid. Skiva delast i 4 likestore Rader.
           
Rund Blink etter Maaten 6, 8, 10 Dm.
           
Dei bed Samlagi freista paa, um det er Raa til det aa faa istand Lekamsøving og vaapenbruk ved Skular og Skjotarlag, allvist spredt Fægtning og Felttenest.