Morskap hev vortet Aalvor.

Er ho morosam? so var det dei spurde, det fyrste eg kann minnast.
           
Var Boki inkje morosam, so var det inkje noko aa lesa, utass det daa netupp var Gagnsbøker, som var utgjengne paa Lærdom. Men med dei andre, Dikt og Forteljingar og slikt noko, der var et det einaste Domen gjekk etter, um ho var morosam.
           
Slik Lesning var inkje so mykje vyrdt av Aalvors Folk; det var berre, naar dei hadde slikt Slag gjera og vilde trøyta ei Fristund, at dei tok sovorne Bøker for seg, og ein Romanlesar, det var inkje nokot godt Tilnamn, det var det sama som ei Dugløysa, ein som inkje hadde Hug til anna enn til aa ganga slengja og hava Goddagar.
 
           
Er ho god?
           
Daa er det same Kravet, men det er lagt meir Tanke og Meining inn i det.
           
Men daa er det inkje aa trøytaLivet, det er aa njota det.
           
Gjenom Bøkerne vil dei plukka Blomar, som det er uvist, um dei hellest kann naa. Dei vil nessa seg i den søte Angen, der vil dei vermast av Livsens Elsk og Glo, der vil dei sjaa Livet baate med det flør og det fell og det utan at dei tarv væta sin eigen Fot. Men daa maa Boki og vera eit rett Kunstverk, samhøveleg med Innhald og Form, so alt saman stort og smaatt sem seg ihop til reine klaare Tonar.
 
           
Er ho tankerikog vekkjande?
           
Desse bryr seg inkje um Tidatrøyten hell Njotingi. Dei vil hava noko, som kann lyfta Hugen upp fraa det daglege Slitet, so dei gløymer Armod og Sut; noko som gjev Draum og Lengt etter noko høgre; noko, som teiknar Ideal fyri dei, som hev Dragkraft og Maning i seg til andre um aa fylgja etter, noko som kann vekkja og driva fram dei løynde Krefter i Folk.
 
 
Er det nokor Meiningmed henne?
           
Er det nokor god Meining hell Lærdom i henne, som kann gjeva Folk Ettertanke og Maning til aa fylgja det gode og sky det vonde?
           
Hell er det nokon Tendens i henne, som kjem fram av alle Mitingarne millom forskjellige Folk og Livsvilkor og av Hende og Utgang, er det nokon slik som Boki ber fram?
           
Er ho skrevi for anten aa rykkja Grunnen umerkjeleg undan noko gamal Sed og Skikk hell for aa jamna Veg aat nye Syn paa Liv og Tilvære? Ja daa stend ho seg for dei.
 
           
Er ho sann?
           
Skildrar ho Livet som det verkeleg er utan aa leggja til hell taka fraa. Inkje maa ho blenkja det, som er audt og tomt i seg sjølv og inkje maa ho avskrøyva det, som heve Verde.
           
Men her er og Kravi paa ymse Vis.
           
Sume vil, at Boki skal stella fram Livet plent soleids, som Skrivaren sjølv ser det. Sume vil, at han skal leggja det fram soleids som dei ser det dei Menneskje som Boki umhandlar. Og andre vil, at han skal halda baate seg sjølv og andre Folks Syn reint utanfor og leggja Livet fram som ein finn det for seg, utan aa syna anten Samhug hell Mishug med det eine hell det andre, inkje vera rædd anten det ber burt i det som er fint hell grovt. Soleids at det snarare vart aa kalla eit vitenskaplegt Arbeide enn det som dei krev av eit reint Kunstverk.
 
           
Det er rett mange Krav, som kann gjerast til ei Bok, og endaa er det inkje nokor, som hev fullnøgt dei alle. Det er hell aldri ventande, Livet er so fatikt, so ufullkomet og i Smaastykkje, det er aldri noko heilt. Det er so trongt her, at kjem det noko nytt, so kann det berre faa Rom ved aa trengja til Side mykje av det gamle; det maa finna seg i aa stuvast burt i ein Krok og sjaa paa det unge og nye, um det sjølv er aldri so godt og gagnlegt. So hev det voret alle Tider. Fyrst naar det lid um ei Stund og det nye hev vokset ifraa seg, kann det gamle koma til sin Rett igjen, men daa kjem det likevæl ikkje igjen plent soleids, som det hev voret fyrr; det hev soget inn i seg det beste av det nye og reinska seg for mangt av det gamle, som verkeleg var for gamalt, og fær daa ved det ei serskild Gjerd ved seg, so ein inkje veit, anten ein skal kalla det for det gamle hell for det nye, det er inkje noko av Delarne plent, det er sjølv noko nytt, som inkje fyrr hev voret, men avla av det gamle og det nye tilsaman, Slik gjeng Verdi.
 
           
Det er Kravet etter aa faa Bøkerne so verkelege og beintfram etter som all Ting er, som no er mest framme.
           
Eg veit det er mange, som tykkjer det er uhuglegt dette, det vert inkje anten Moro hell Mun i Bøkerne meir. Dei ser ingen Nytte i det, for me hev nok av slikt lel, so me treng inkje aa lesa um det i Bøker.
           
Det er væl so, at det inkje vert fullkomet paa denne Gjerdi hell, men det er inkje godt aa venda Kravet, fyrr det vendest av seg sjølv.
           
Solenge denne Tidi stend paa, er det daa best aa nytta ut det gode, som er ved dette Bokslaget, veit eg.
           
Fyrr var det ein Del Menneskje, som det inkje laag for Naturen aat aa lesa Romanar, Dikt og sovoret. Dei kallad det berre for Fjas og Burthefting av si Tid.
           
Men no er det annleids, det er Aalvor meir med dei Bøkerne no, ja det er skire Aalvoret.
           
Dette Verdet iminsto hev Bøkerne no, at Folk slepp øyda so mykje Tid og Gransking for aa faa Kjennskap til Livet og Menneski, dei kann faa paaliteleg Rettleiding um det i Bøkerne, so dei treng berre aa samanlikna og kontrollera dei der, som dei hev serleg Interesse av det.
           
Den som les av Forvitna einast, vil snart tykkja leidt. Men for den er det gildt, som alt gjeldst um for aa verta gullgod Arbeidskar for Framgangen og Utviklingi i Verdi, og difor treng aa sjaa Livet i ei Samtid so upartisk og objektivt og reint som mogelegt, so han veit kva Slag Folk han hev aa stella med, daa kann han laga sitt Arbeid og si Kraft paa den Maaten, som kann best for Samfundet høva.
           
Um det ogso vert løyst upp til inkjes mangein Illusion, so er det inkje forkastande for honom, daa han fyrst treng eit godt Grunnlag av det faktiske.
           
Denne Nytten av Bøker trur eg er for lite tenkt paa. Men eg meiner, at det paa slik Maate kann segjast, at av Morskap hev det vortet Aalvor.
                                   
Ein Arbeidskar.