Fraa Stavangerkanten (Brev).

Gode Fedraheim! Det er sjeldan ein fær sjaa nokot fraa desse Kantar i dine Spalter, so det snart kunne koma til aa sjaa ut som me her var radt utan Hugmaal fyr Maalsaki. Diverre er desse mindre enn dei godt kunne vera; Grunnen til dette lyt det meir kunnuge Folk enn eg til aa peika ut; eg vil helder halda meg til meir kvardagslege Ting.
           
Vedret er no og hev voret fint og varmt med store Regnsbøiur attimillom, so Aaker og Grøda kjem seg reint gjilt. Paa Byløkkerne hev dei no bergat Mesteparten af Høyet. Det vert vel nokot mindre enn ifjor, men framifraa godt, so Aarvegen vel kann kallast god.
           
Her i Juni Maanad heldt Landets mest konservative Mand, Hr. Kapteinsløitnant Kjelland, eit Par Foredrag um det absolute Veto, belyst av Grunnlogi. Fyste Gongen var det haldet i Haandværkerforeningen og fyr dennes Medlemmer; men Publikum vart nok ikkje so stort, og for aa faa samla flere Tilhøyrarar vart det uppatthaldet med fri Adgang. Helder ikkje dette hjelpte, og etterpaa kom Kjelland usams med Referenten, og hev gjevet Foredraget ut i Trykkjen myket uppfiffad.
           
Vaabenøvingarne paa Madlasletti er no snart tilendes fyr iaar. Idag held Stavanger Bataljon paa aa mynstra fyr General Vergeland. Det er reint formyket alle dei Pengarne dette arme landet øyder upp til eit Militærvæsen, som sjølv Officerarne held fyre aa vera lite Gagn i. Me fær vona, at Riksretten vil hjelpa til, at Landsstjorni snart kjem inn i eit sunt naturlegt Gjenge.
 
- h.