Vestmennerne.

Bergenskararne ser me so reint litet til no i Maalvegen.
Korleids er det laga?
           
Eitid var det dei aaleine aa kalla, som heldt Maalsaki uppe. Dei skreiv Blad og dei skreiv Bøker, det var der vestpaa einaste, at Maalsaki tottest hava ein Heim.
           
Dei klagad paa Austmennerne, at dei inkje var med, og var glade, naar det synte seg nokot Liv der austpaa ogso, og naar dei fekk nokor Hjelp derifraa.
           
No i dei siste Maal-Tider er det Austlandet, som hev teket seg iveg og gjeng fremst baate med Blad og Bøker og Vestmennerne er som signe attum, so det er berre som eit Hende, naar me fær sjaa nokon derifraa er med, til Dømes i Fedraheimen, som skulde samla alle.       
           
Det skulde vera forvitnelegt aa faa ei Greida paa detta.
           
Er det so, at Hugen hev kolna for Maalarbeidet meir hjaa dei skrivande og lesande Folk der vest og siget attum for Politiken hell anna? Hell tykkjer dei, at Austlendingarne gjer det so godt aaleine, at det inkje trengst um dei lenger?
           
Hell tykkjer dei, at Austlendingarne hev dregjet seg sjølve for langt frami med sine Maalføre og sine Interressur, so det inkje vert Rom for dei, hell so at dei inkje likar aa arbeida saman med dei, men helst vilde hava sitt for seg sjølve, um det skulde vera nokon Mun i det. Anten sitt eiget reint og inkje noko Samarbeid og Blanding med Austlendingen hell so ingen Ting? Fyrr var Bergensbygderne haldne for dei gjævaste i Maalvegen, og no høyrer me ingen Ting ifraa dei, no er dei reint som burtgløymde. Men vil De vera med i Arbeidet godt Folk, so kann De inkje venta, at me skal bera Dykk fram, De maa sanneleg kava Dykk fram sjølve.
           
Og me treng Dykk og, Landet er inkje større, og Maalmennerne inkje fleire baate dei som skriv og dei som les, at me treng væl alt saman, kor det finnst.
           
Eg skal inkje rekna upp Namn, men eg hev sett upp ei heil Lista paa dei Menn, som var med fyrr, og som ein no inkje høyrer det Slag fraa, det er inkje so reint faae. Og so hadde eg ventat det, at det etter slike gode Maaltider som no hev voret, sodane som dei stundad so etter dei gamle Bergensmaalmennerne, no skulde det hava vortet alet upp og vakset til mange nye Menn ogso, so Krullen var ventande at han hadde auka seg baate sterk og stor.
           
Eg vil plent hava Greida paa detta, korleids det er laga med det. Kom og skriv nokot um det i Fedraheimen.
           
Eg vil mana kvar og ein til aa friska upp att det gamle Gjetordet, so det kann syna seg i Fedraheimen baate med Tinging og Skriving, for der kann De samlast alle, no daa han er slik, at ingen kann hava noko aa utsetja paa honom.                       
 
N. M.