Folket.

Professor G. V. Lyngh hev skrivet eit Stykkje i Dagbladet um den politiske Striden. Han er reint Vinstremann, men aristokratisk, tykkjer eg, likasom so mange, idi at han segjer ein Stad, at det sanne Forholdet med Bønderne skal vera, at dei er det kontrollerende og ligesom Folkets aandelige Fordøielse.
           
Det er vist dei fleste Vinstremenn, som meiner det same. Storhopen vert daa berre som Magasekken, som maa taka imot det, som dei hine hev laga til og togget ut og sendt ned til dei. Dei skal høyra paa det som dei andre segjer og talar um og fylgja med og sjaa paa dei Saker, som vert fyrilagt dei til Doms, so at dei kann røysta, men so trengst det inkje meir.
           
Dei skal sitja som ein øvste Domstol med sitt absolute Veto med Vyrdnad som dei gamle Einvaldskongar, som alle maa gjøla for, men likaso vrange og belevande som dei og mykje meir konservative.
           
Det er inkje berre det, at det vil ganga so overlag seint med aa faa fram noko nytt paa den Maaten, det maa setjast i Verk store Ting for aa faa tukka paa slik ein Maskin; det er meir det, at Folket vert for mykje nedsett og kjem inkje til sin fulle Rett. For aa setja ein for høgt, det er paa Lag det same som aa setja honom utanfor Livet, vil du gjera ein magtlaus, so skal du helst gjera honom til Konge, setja honom paa ein høg Trone, klæda honom med Kruna og kosteleg Bunad og ganga og kyssa honom paa Føterne, soleids som dei hev gjort det med Kongarne sine i Engelland, og soleids som Folk flest vil gjera det med Gud dei gjer ein ifraa seg med ein Pening og nokre Bragder, so er dei frie ein slik hellest i Livet, dei kann daa stella seg som dei vil.
           
Naar det er ein Mann, som er Styrar, so maa det vera so, at Kongen er til for Folket, men naar det heile Folk vert sett paa Husbondsstolen, daa gjeld inkje det Ordtaket lenger, at kongen er til for Folket; for Kongen vert daa dei mange, og Folket dei faae, det sanne Folk ja, Intelligensen, nei daa maa det snuast um, skal det verta Rett, so det vert til, at dei faae er til for dei mange, Folket er til for Kongen.
           
Eg fæler hellest for, at her vert eit Aristokrati, eit Faamannsstyre med Folkets Veto bakum seg som ein stø Mur imot alle Aagrip, for det norske Folket er artistokratisk, det er so fælt glad i Autoritetar, kvat Slag det kann vera, dei trur seg inkje til noko paa eigi Haand; og dette høver best med den Latmanngjerdi, som ligg i oss alle, aa faa alt væl fyributt og gjevet inn med Skeider, faa Sakerne logt i vaare Hender, fyrr me vil gjera noko sjølve, og so slepp me endaa ifraa det berre med aa røysta og kann endaa rosa oss sjølve etterpaa, um me vert sopas samstelte, at me ser noko ført igjenom.
           
Dette absolute Veto hjaa Folket kunde kanske treffa til aa verta likaso faarlegt for Fridomen sume Tider som det, dei no vil gjeva ein Konge. Men Rett skal vera Rett likavæl.
           
Eg trur paa Demokratiet, men eg trur det gjeng seint, so me maa venta lenge, men det er det same. Det er rimelegt at den sterkaste maa hava Magti, vil nokon faa ho, maa ein magna seg upp, so han vert sterkare enn dei andre.
           
Det er ingen plent no, som arbeider for eit reint Folkestyre.
           
Denne Styringsmaaten vaar med utnemnde Embætsmenn og valde Repræsentantar er til stort Mein for det. Og det er inkje lagt det Slag Arbeid paa det, det er for lite historiske Vilkor, Mangmannen hev for faae personlege Interessur, so maa han berre slaa seg i Lag med dei faae, som heve dei.
           
Den demokratiske Tanken er slet inkje framme no, inkje eit einaste Blad hev han. Hellest er det inkje mykje Tankar ute millom Folk no i det heile, det er berre denne Striden, spyrja og fortelja nytt fraa den.
           
Det hev voret eit Faamanns-Styre, det som hev voret til dessa og, det var eit Aristokrati fraa det fyrste, dei beste og gjævaste Menn her var; men dei kunde inkje standa seg for Elda dei meir enn andre, Tidi gjekk framum dei, og dei hadde inkje Evne til aa fylgja med, det vart Gamalmannsstyre, og no trengst det difor til friske Krafter og nye Safter, som kann strøyma noko raskare gjenom vaart Samfundsliv. Det vert inkje so stor ein Skilnad i Principi, um det no kjem eit Ministerium av dei som no er Vinstre; fyrr hev det voret eit Aristokrati i Namnet, daa vil det verta det i Gagnet ogso.
           
Demokrati vert her inkje, fyrr Arbeidaren i Bygd og By kjem heilt med, inkje so berre, at han segjer ja hell nei til det, som lærde Menn kjem til honom med og spyrr, um han vil hava, men soleids, at han finn sitt Krav sjølv og sjølv set det fram og segjer hugheilt:
           
Dette treng eg, dette vil eg hava.
           
Det fulle Demokrati held eg for det gjævaste, daa fyrst kann det verta Utvikling og rett Framgang, naar kvar Mann kann faa sitt gjenomført og slaa seg i Lag med kven han vil, naar Evne, Kunnskap og Midlar inkje vert fraaskilt til serskilde Interessur og privat Bruk berre, men kann koma Aalmugen meir til Nyttes, og den største vert som ein Tenar for den mindste; um han og inkje vil, so vert det den einaste Maaten for honom aa vera til paa.     
 
Daa er det Demokrati.