Fire, fem Mil um Dagen,

stundom hev eg gjentet seks og. Men no hev eg slutta med det, no held eg inkje Reikning med det, eg trur snaudt det vert meir enn tvo og tri.
           
Det kann vera einast naar ein gjeng fyr aa koma fram, at ein kann tøygja paa, og daa kann det og vera ei Moro i detta aa sjaa Bygder og Bol og Gardar og Fjordar og Tre og Fjell og Folk og Hestar sviva som ein Røyk framum seg, so fort hev eg gjenget, og eg er so sveitt, at det inkje dryp, men silar og fløymer, og eg vert so klar, at eg tykkjest bogna, men eg held paa tøygjer og tøygjer, og til lenger eg held paa, til seigare og sterkare kjenner eg, at eg er. Og so vert ein so umaateleg god og trøytt, og naar ein fær koma seg til aa kvila og leggja seg til aa sova, tykkjest ein, at ingen kann hava det so godt som han, han vert nøgd med Verdi og seg sjølv, um han berre er ein Arming, og ovundar inkje eit Menneskje; og naar han vaknar, liksom byrjar han eit nytt Liv; Notti og fyrre Dagen er baade tvo berre som ein Draum, so han lyt ganga lenger tilbake, skal han minnast atti att seg sjølv.
           
Men naar ein gjeng som Turistarne, berre for Moro, for aa skoda seg um, daa skal ein gjeva seg gode Stunder, sulla smaatt og sjaa seg um væl. Det er dei fleste, som set ihop Reisa si fyriaat berre etter Kart og Reisebøker, byter ut ei fire Mil til kvar Dag kannhenda for heile Maanaden og hev fastsett for kvar Dag, kor dei skal eta Middag og nottlaga seg, og kor lenge dei skal stana for aa sjaa paa ymist, som Reisebøkerne nemner. Eg talad med ein Engelskmann her um Dagen, som hadde sett ihop ei slik Reise og skrevet upp for kvar Dag der heime i Engelland. Sognefjellet og Galdhøpiggen hadde soleids sin visse Dag, heile Jutunheimen hadde han dagbytt aat for seg dei fyrste Dagarne i Juni. Men kva Slag Kar er du daa, sagde eg til honom, som tenkjer deg til Fjells, fyrr det vert Folk paa Sætrarne og i Buderne, og fyrr det er eit grønt Straa aa sjaa, berre Snjo og Is og gruste Veer, setja paa Høgheidi i slikt. Ja det hadde han inkje tenkt paa, naar det var Sumar heime hjaa seg, so tenkte han det laut vera det all Stad. Men daa totte eg, at eg gjorde ei god Gjerning, med di eg fekk avstævla honom fraa slikt og fekk læra honom til aa bruka Vitet og sjaa seg fyre istadenfor aa fara blindt etter Gimen, og helder halda seg i Fjordar og Dalar, der det no stod som venast.
           
Aartidi er no det fyrste ein maa laga seg etter, og det er væl berre Utlendingar, som er so uvituge, at dei inkje gjer det. Men Veer og Vind er og ein Ting, som Folk tenkjer inkje anna um, enn at det maa laga seg til det finaste det kann, Solskin og blankt kvar einaste Dag, naar dei skal ut og fara, og dei set ihop Reisa etter det.
           
Detta hev eg og tenkt fyrr, til finare Fjell hell Bygder eg hadde etlat meg til aa heimsjaa, til finare Veer hadde eg tenkt meg til. Men no hev eg røynt det, so eg minnest det, at det kann vera Styggeveer jamvæl i dei venaste Bygder, og det kann vera skarvelegt kaldt og Illskodde paa dei gjølelegaste Fjell. Detta vil eg fortelja aat andre, som snaudt kann vilja tru det, paa di dei kann laga seg deretter, so det ikkje gjeng dei som det hev gjenget meg, at naar eg hev komet paa ovgilde Stader og berre set Regn og kjennt Kallvinden, daa hev eg vortet reint som tykkjen og fenget som eit Nagg i meg mot dei Staderne, og teket det, som um detta var nokot, som berre var tenkt og vendt mot meg sjølv. Men no hev eg lært og vortet mjuk og ettergjeven i so Maate. Regner det, so let eg han berre halda pa, so lenge som han vil og finn meg i det, og fær eg sjaa ein Glytt av Soli burti Liarne, so er eg visst takksam og held det for noko ufortent, som eg fær tilgjevande, eg tek det som det er sikta aat meg; og er det heile Solskinsdagar, daa er det ein Fagnad, som er uventa, og eg sælkar meg som den sælaste her er paa Jordi.
           
Naar eg no fer, so lagar eg meg som til Uveer, og paa Reisebøker, um det som er vent og storarta liter eg inkje meir. Eg hev vortet narra av dei, med di eg hev laga meg ihop det eg skulde faa sjaa so og so etter dei, og naar eg so inkje hev treft det slik, hev eg vortet vill og reist beint ifraa det. Men no gjeng eg helder med ei Mistru til dei fagraste Bygder; naar eg so kjem og fær sjaa daa, so vert eg forbisna yver det eg finn, daa ser eg det, som eg aldri kann hava tenkt meg.
           
Eg sviv smaatt og veit snaudt um Morgonen, kor eg kjem til aa kvelda. Eg ruslar iveg um Morgonen naar eg so synest, og daa gjeng eg solenge til eg vert heft anten av Svolt hell Torste, hell det er noko vent hell merkjelegt aa sjaa, daa kviler eg, um eg so inkje hev gjenget ein Kilometer. I same Blinken eg fær sjaa noko, som eg likar, kastar eg meg ned; eg er inkje dum som andre Folk, som segjer: lat oss muna litet Grand lenger frampaa hell uppaa, der ser me det betre. Vert det vent, naar eg kjem dit, so kanskje eg kviler der og eg. Men det hev alt svinga paa seg mangleids, til du kjem dit. Det er den fyrste friske Syni, som er den venaste, og den vil eg njota, med ho er der, for Vegen byd aldri uppatt tvo Gong det sama.
           
Vitlause Ferdafolk hev sett ut den Raai, at den som vil uppaa eit Fjell, skal inkje sjaa seg um, fyrr han er uppkomen, men den Raai vil eg aatvara imot. Nei du skal gjera tvert imot det, du skal snu deg og stansa so ofta du kann, ja var det Raa, burde du helst ganga baklengjes. For det er det som er so forvitnelegt ved slike Fjellferder, at Umsyni aukar all Tidi, til høgre du stig. Fyrst ser du det alder næmaste, so noko lenger burt og soleids heilt uppgjenom; um du au ser mykje av det same heile Tidi, so skifter det likevæl Lag etter den nye og større Raama, som du ser det i. Sume Gong ser du det som nedanifraa, sume Gong fraa Sida og sume Gong ovanfraa, og aldri er det plent det same, jamt er det nytt. Men skal du drygja med aa sjaa paa alt serskilt, til du kjem paa Toppen, daa kjem det burt i alt dette store og vide, for der er det Rundsyni som er det fornemste.
           
Nei det er fyrst naar ein kann vera laus og inkje bunden av nokon Ting, at det er Moro aa fara umkring, men daa er det au Moro, daa likar eg meg; daa kjenner eg meg som Frikar, eg er som heime all Stad i dette Landet, eg vyrder inkje kven som skriv seg for Eigar, eg kallar Landet for mitt, kor eg fer, fraa Fjell til Fjøra, med Nutar og Fossar og Engjer og Skogar og Liar og Gardar, ja alt som er, eg nyt det og brukar det paa mi Vis likaso fritt, som um eg hadde Brev paa det alt saman. Anten eg sit paa ei Hø i Østerdalen hell under ein Foss i Hardanger, eg brukar det like fritt, eg syg det i meg alt det eg kann, og eg skal vaaga, eg er stundom gladare i det enn mangein, som hev tingleset Brev paa aldri so mykje av det.
           
Kor eg fer, gjeng eg som ein rik Mann, og daa vyrder eg inkje det Slag, um det au er litet med Krunur i Pungen.
                                               
s. b