Den raude Krossen.

[Del 3 av 4. Første delen]
 
(Or Charles Dickens: Soga fraa tvo Byar).
             
(Framhald.)
           
Det er med stor Naud eg kan skriva; det er so kaldt og surt, og eg er so rædd fyr aa verta grepen og stengd inne i eit Kjellar-Rom i Svart-myrker, so eg lyt avkorta denne Soga. Ikkje fyr di det er nokor Ugreida elder Brest i Minnet mitt. Eg kan hugsa og kunne taka uppatt kvert Ord som vart talat millom meg og desse Brøderne.
           
Ho vart liggjande soleids ei heil Vika. Paa Slutten, naar eg lagde Øyra tett nedaat Lippurne hennar, kunne eg skyna nokre faae Stavelse ho sagde til meg. Ho spurde meg kor ho var, og det fyrtalde eg henne; - kven eg var, og det fekk ho vita med. Det nyttad ikkje spyrja etter Etternamnet hennar. Ho berre ristad paa Hovudet, og vart haldande inne med sin Løyndom, likesom Guten hadde gjort.
           
Eg hadde kje fenget Tilhøve til aa gjera henne desse Spursmaal helder, fyrr eg fortalde Brøderne at det no leid mot Enden med henne, og at ho kunne kje liva ein Dag til. Like til daa, endaa ho visste kje av andre var inne hell denne Kona og eg sjølv, hadde ein av dei stendig setet paa Vakt attanfyr Sengjatjeldet ved Hovudgjerdi. Men daa det var komet so langt, saag det ut til dei brydde kje seg stort um kva Samkvæme eg hadde med henne, liksom eg og skulde vera feig den Tankjen fôr meg gjenom Hovudet.
           
Eg hadde altid lagt Merkje til, at det tregad dei saart i deira Byrgskap, at den yngste Broren (som eg kallar honom) hadde krossat Sverd med ein Bonde, og det berre ein Gut tessmeir. Den einaste Tankjen som det saag ut til verkeleg gjekk dei nær, var den, at dette her var reint ei Skamm fyr Huset, og løgjelegt attaat. Kver Gong eg møtte Augnekastet aat den yngste Broren, kjende eg det paa meg, at han mislikad meg storleg, fyr det eg visste det eg hadde høyrt av Guten, endaa han var finare og meir smilen mot meg hell den eldste; men eg saag det godt, at den eldste fann meg plagsam ogso.
           
Det var ikkje so undarlegt; for eg visste alt, forstod alt. Med Magt hadde dei teket og øydelagt henne, til Lyst og Leik for ei litor Stund; daa Far hennar fekk vita det, brast Hjartat hans, fyrr han kunde faa fram eit Ord. Men Guten, Bror hennar, hadde brotet seg inn for aa hemna henne; og i den Striden var han fallen. Og det einaste, dei skjemdest yver, var, at den yngste av dei han hadde ikkje kunnat klara seg med Svipa; ikkje med Pengar helder; han hadde maatt fikta for Livet med Sverdet mot den unge Bonden. -
           
- Den sjuke døydde tvo Timar fyre Midnatt, etter mi Klokka nær paa same Minuten som daa eg hadde sett henne fyrste Gongen. Eg var aaleine med henne, daa det vesalle unge Hovud seig lognt ned paa den eine Sida, og alle hennar Mein og Sorger her paa Jordi hadde ein Ende.
           
Brøderne stod og ventad i ei Stova nede utoluge etter aa rida burt. Eg hadde høyrt dei, daa eg sat aaleine attmed Sengi, kor dei bankad Støvlarne med Ridesvipurne sine, medan dei gjekk og dreiv att og fram.
           
No er ho daa daud, veit eg? sagde den eldste, med det same og kom inn.
           
Ja no er ho daud.
           
Til Lukka, min Bror, var dei Ordi han sagde, og snudde seg rundt.
           
Han hadde fyrr bodet meg Pengar, som eg hadde avsvetat aa taka imot. Han gav meg no ein Rull med Gullpengar, og eg tok det av Handi hans, men lagde det fraa meg att paa Bordet. Eg hadde tenkt vel yver Spursmaalet, og hadde sett meg fyre ikkje taka mot nokot.
           
Gjer so vel aa orsaka meg, sagde eg; under Tilhøve som desse lyt eg segja nei.
           
Dei skiftad Augnekast, men bøygde Hovudet, som eg mitt, og me skildest utan fleire Ord.
           
 * * *
           
Eg er trøytt, trøytt, trøytt utsliten av Armodsdom. Eg kan ikkje lesa det eg hev skrevet med denne magre Hand.
           
Tidlegt um Morgonen laag Gullrullen attmed Dyrri mi, i ei litor Øskja med Namnet mit utanpaa. Alt fraa det fyrste hadde eg grant yvertenkt kva eg hadde aa gjera. Eg tok det Raad aa skriva same Dagen eit Løyndarbrev til Riksraaden, med Utgreiding um dei tvau Tilfelli som eg hadde voret hentat til, Staden der eg hadde voret: kort sagt, alle Tilburdar og Umstødur. Eg visste nok, kven som raadde mest i Kongsgarden, kva det var fyr ser-Retter Adelen hadde, og eg vonad ingjen kom til aa høyra meir um Saki; eg berre ynskte aa letta Hugen min med dette. Det fyrefallne hadde eg haldet dult fyr alle, endaa Kona mi; og det med vilde eg framføra i Brevet mitt. Eg hadde kje minste Tankje um Faare fyr meg sjølv, - men vel at det kunne vera faarlegt fyr andre, um dei kom ut fyr aa vita det som eg visste.
           
Eg hadde mykje aa gjera den Dagen, so eg vart ikkje ferdig med Brevet um Kvelden. Men Dagen etter stod eg upp lengi fyrr mi vanlege Tid, fyr aa fullføra det. Det var siste Dagen i Aaret. Brevet laag netupp ferdigt framfyre meg, daa det kom Bod, at det var ei Dama som ventad, og vilde tala med meg.              
 
( Meir.)