Andsvaret.

Den som kunde faa oss til aa hava noko meir Andsvar! Det sit ein Latskap og ei Likesæla i oss alle, som er stor. Me kann væl fylgja med, helst naar det vert store Flokkar, men Andsvar kvar Mann aa nei det er nok faae, som hev. Gjeng det godt, vil me hava Æra alle saman, men kjem det til aa sjaa noko ymist ut, daa pitlar me undan ein um Senn, me er glade til snarare me kann koma fraa det, og me vil inkje hava havt noko aa gjort med det sjølve.
           
Aldri lova noko visst, men berre drygja til me fær sjaa, det er Gjerdi vaar; til lenger me kann faa sett ut ei Sak, til betre likar me oss, um det daa au vert so lenge, at det veks Mose paa ho, det er det same.
           
Liggje i eit Solhall og drøyma, anten det er um vene Gjentur, feite Kyr, hell gode Gardar, det likar me godt, hell slengja paa ein Sofa med eit Blad i Haandi og ein Pipestubb i Munnen. Men vera med aalvorleg med all sin Hug og sitt Arbeid og leggja Andsvaret paa oss sjølve for korleids det vert, det er liksom meir imot Naturen vaar.
           
Difor er me so glade, naar me fær Tak paa slike Folk, som kann arbeida; me er so overs viljuge til aa lessa paa dei, og me gjev dei Ovtreet. Difor ventar me og stundar so etter store Menn.
           
So fær me dei, og slike som me fortener, slik ein som no Ibsen, han er høveleg aat oss, inkje det Slag hev han løyst upp for oss og ført oss fram, berre spyrr og aldri svarar, berre køyrer Taggar inn i vaar eigi Bringa.
           
Me kann inkje venta aa faa dugelege og høvelege Stormenn, fyrr me fær arbeidt dei upp; dei skyt inkje fram som Eldingar, men dei vert alne upp for Folks Liv og Arbeid. Den store Bylgja kjem altid fram som fødd av dei mange smaa.
           
Det er eit daarlegt Merkje, naar Tidi samlar seg um Stormenn, anten dei kallast Kongar hell Keisarar hell Vitenskapsmenn hell Diktarar; det kjem eit Einvelde ut av det, som berre høver til umyndige Tilstand.
           
Me skal vera Stormenn alle, daa er det som det skulde vera, som no i Amerika, der er det meir jamnstort, ein høyrer sjeldan gjetet Ovhausar.
           
Det var ein vitug Skikk dei hadde i Hellas, at naar ein Mann tottest hava voret frami forlenge, daa røysta dei honom ut or Landet, for at han inkje skulde tenkja paa for stort.
           
Dei klagar yver den Uro, som hev komet inn ved Politiken, men det er ingenting; det er faae Menn, som det er noko rett Flog i endaa.
           
Me er med noko ved Vali. Naar me hev valt, so er me umsutlause, daa hev me gjevet det fraa oss sjølve og i Henderne paa dei, daa hev inkje me noko Andsvar sjølve, me berre fylgjer med; alle dei lange Talurne, som vert haldne i Stortinget, dei er meir for Skuld Folket enn Tingmennerne; dei vert inkje lika paa Bygderne dei, som inkje talar stort, dei gjer ingenting daa, vert det sagt.
           
Men det er inkje berre det, at me gjev fraa oss Andsvaret til andre Menn, men me slepper det ogso ut av vaare Bygder. Me kann inkje tola, at noko skal gjerast hell henda her heime, det vart for myki Bry, men me ventar stort av andre Bygder; allvist er det daa Kristiania, som me tenkjer alt maa koma ut ifraa. Men i Kristiania skulde det inkje henda nokon Ting, um rett var, anna enn det, som alt hev hendt ute i Bygderne, der i Kristiania skulde dette faa ei Semjing og eit større Utslag einast, det var alt.
           
Eg vert so harm; naar det kjem ein Maalmann fraa Kristiania uppgjenom Bygderne, so spyr dei honom korleids det gjeng med Maalsaki. Daa er det Rett aa svara: Det maa eg spyrja Dykk um og inkje De meg.
           
Det er verkeleg dei, som kallar seg for gode Maalmenn, som hev so litet Andsvar, at dei trur, at det er fraa Kristiania, at Maalsaki skal henta Framgangen sin.
           
Kvat er det me kann venta noko av der? Nokre Kandidatar og Studentar og dilikt, men kva Mun er det i slikt? Er det Fedraheimen og det norske Samlaget?
           
Men baade desse tvo hev daa rette Heimen sin upp i Bygderne skulde eg tru, der hev dei si Rot og si Næring. Der er det einast at Maalsaki kann gjerast, Kristiania er berre Trykkjarstaden.
           
Slik ei Bondesak som Maalsaki er skulde ein daa venta at kvar Fagnakar maatte hava eit personlegt Andsvar for aa inkje lita paa nokon annan enn nettupp seg sjølv, at ho fekk rett Framgang.
           
Men det er verkeleg berre faae Maalmenn og, som heve det. Og naar det er slik med den Saki, so kann ein skyna, korleids det er med andre.
           
Andsvaret i det kristelege yverlæt me Prestarne.
           
Og i Politiken, der hev me fenget det slik rett som det høver med denne Latsida vaar, det er ingen, som hev havt Andsvaret. Folket hev yverlatet det til Stortinget og Stortinget til Folket igjen hell so til Regjeringi, og Regjeringi skulda paa Stortinget hell so set Kongen framfyri seg, og han er heilag, han kann inkje Andsvar hava utan for Gud, men det kjem inkje andre ved.
           
So hev Politiken vaar ogso voret deretter, som eit rorlaust Skip, drevet for Vinden.
           
Sverdrup det hev voret greidaste Karen, han hev slitet og slæpa og gjenget med Andsvaret paa seg jamnt han.
           
Men sjaa korleids det hev gjenget honom; so forsinna som Høgremennerne vart paa det, det saarad dei personleg, dei kunde inkje tola like Ord, for skulde Folk vilja taka det so aalvorlegt, at dei vaagad aa taka Andsvar paa seg, daa skynad dei, at det vart Ende paa deires Kunster og det heile Kraam, og Politiken vart beintfram som ein annan Ting.
           
Ja det skal han verta og, fyrst me lærer aa taka Andsvaret paa oss kvar einaste Mann.