20 Smaakongar.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
Daa eg fekk sjaa Stykket mitt um 20 Smaakongar i No. 27 av Fedraheimen, vart eg so sinnad, at eg slo i Bordet, so Kaffekoppen skvatt høgt. For det stod, at Rektor Eriksen hadde skrivet i si Bok, at gjentages den (dvs. Stortingsbeslutningen) uforandret af de tre følgende Storting etc. Eg tenkte radt, at no hev Fedraheimen voret ute med ei Misprenting att og skulde til aa gjeva Korrekturlesaren ei Skrape, men so tenkte eg, det var best aa sjaa etter fyrst, og daa stod det slik i Boki hans Eriksen som i Fedraheimen. Det, som Rektor Eriksen hev lært Gutarne um Vetoet, er der soleids tvo leide Mistak i.
           
Men Rektor Eriksen er ikkje ferdig med Vetoet endaa. Her ein Dagen saag eg Namnet hans paa ei Adresse til Selmer. Kannhenda eit nytt Mistak i same Saki, som Høgre segjer er ophøiet over Tvil.
           
I Morgenbladet hev Sorenskriver Blackstad no upplyst, at 16de mai 1880 samraadde Rektor Sten seg med Blackstad um Vetoet i Grunnlogsaker og bad han nemna Grunnarne fyr suspensitvt Veto, og detta gjorde daa Blackstad, og daa sagde Sten, at det kunne ikkje vera Snakk um annat enn absolut Veto. Dermed kunne ikkje Sten meina annat, enn at var der Veto, so var det absolut og ikkje suspensivt. Detta skreiv daa Blackstad upp, men i 9de Juni-Ordskiftet kom han ikkje fram med detta. Kvifyr ikkje? Han trudde seg vel ikkje til daa, berre tri Vikur etter, naar Sten endaa kunne hugsa, kvat han hadde sagt reint privat. Men no, 3 Aar etter, daa Sten hev gløymt denne Samtala, no kjem han fram fraa Gjøymslet sitt, der han liksom hev leget paa Lur, og vil gjera Sten til Vetomann. Men Blackstad kann ikkje sannprova det, som han er meint paa aa sannprova; men han sannprovar nokot annat, og det er, at naar det norske Statsraadet segjer til Kongen, at det absolute Veto er ophøiet over Tvil, so er ikkje det sant, for no hev me svart paa kvitt av ein Høgremann fyr, at det hev voret Tvil, um me ikkje visste det fyrr. Sume hev meint, at detta er Logbrot av Statsraadet, og at detta vil vera eit leidt Klagemaal under Riksretten.
           
Vaaren 1880 var det nok mange Høgremenner, som ikkje trudde paa det absolute Veto i Grunnlogssaker; men etter 9de Juni, daa dei vart rædde Folkemagti, gjekk mange yver, men vilde ikkje paa nokon Maate vita utav nokot Bevilgningsveto. So kom det juridiske Fakultets Betenkning, og daa vart alle Høgremenner Vetomenner heiltut, for Vetoet i Grunnlogssaker drog bevilgningsvetoet etter seg, og no kom det som eit Slag i Andlitet paa det norske Folket, at Kongen hev absolut Veto i alle Ting, der ikkje Grunnlogi beintfram hev saagt, at han ikkje hev. Det hjelpte ikkje, at detta var baade nytt og urimelegt; ingen hadde høyrt slikt fyrr, og undarlegt var det, at Folket kunne gjeva Lover, Kongen uspurt, so mykje det vilde, men ikkje lata til Pengar, naar detvar nokot Folket vilde hava gjort. I store Saker, der skulde Folket hava all Magti, men ikkje i dei mindre. Detta, som i seg sjølv er reint meiningslaust, gjekk heile Høgre no med paa, og sidan hev Høgremennerne tankelaust og viljelaust fylgt med Revolverpressa. Dei vil ikkje lenger hava Andsvar fyr Statsraadarne, mindre dei stel og myrdar, og Riksretten skal ikkje vera ein politisk Domstol, men berre døma fyr Stuld og Mord og slikt, som ein kann gaa til hine Domstolarne med. Og no hev det voret sagt beint fram, at vaar Grunnlog berre er eit Umbrøyte av Einveldet, og Høgre synest lika det godt.
           
Slik hev Vetoet i Grunnlogssaker dreget med seg mykje annat. Men endaa er me ikkje komne til Enden. Kongen er no einveldig berre med nokre Avknappingar. Men no skal Amtmennerne kvar i sitt Amt og vera einveldige, liksom Smaakongar; detta var det næste store Framstiget. Dei hev og fenget absolut Veto no. Fyr nokre Aar sidan, daa det var Ordkast i Kristiania Kommunestyring, um dei skulde lata til Pengar, 48,000 Krunur, trur eg, til ei Stytta aat Kristian den 4de, so var det nokre, som meinte, at dei hadde ikkje Lov til aa bruka Pengarne aat Kommunen til slikt, men daa sagde Professor Brandt, at Kommunestyringi kunne bruka Pengarne til kvat ho vilde, og ho kunne gjerne reisa ei Stytta fyr Christian Friele, um ho vilde. I den Tidi hadde nok ikkje Amtmennerne helder absolut Veto, og denne Stytta vart daa reist; for Kristiania Borgarar totte, at 48,000 Kr. ikkje var for mykje, naar dei kunne faa seg eit ævelegt Merkje i Malm paa, at Norig hadde voret eit Lydrike.
           
Men no, daa Amtsformannskapet i nordre Trondhjems Amt vilde laana Folkevæpnings-Samlaget 1000 Krunur, so kom Amtmannen med Veto og sagde, at den Sag, som Beslutningen gjælder, ikke kan ansees som sigtende til Amtskommunens Tarv og saaledes heller ikke som henhørende til de Sager, der ifølge Formandskabslovens 3die Kapitel er Gjenstand for Amtsformandskabets Behandling og Bevilgning derfor. Det, som ikkje var til Amtskommunens Tarv, det ar daa, at Gamlingen paa Tinge skal faa stemme trygt og kjækt, med andre Ord, det aa verja seg mot Statskup og Landssvik er ikkje til Amtskommunens Tarv, men det er fælt gagnlegt aa reisa Styttur fyr Lydrikes-Kongarne. Hadde Amtsformannskapet i N. Th. latet Pengar til ei Stytte fyr Statskupmannen Markus Monrad, hadde det nok gjenget som ei Sviske.
           
No hev me daa fenget 20 Smaakongar, med absolut Veto, og Folket, som ikkje kjenner sin eigen Bate, stakar, fær ikkje Lov til aa bruka dei Pengarne, som det sjølv hev trælat fyr.
           
Men Enden er vel ikkje komen endaa. No skal vel Skrivar og Fut og hava absolut Veto, og Lensmannen med. Bisp, Prost og Prest treng vel og slikt Veto i denne samfundsrivande Tidi, og naar det lid paa, fær vel Klokkaren og Kyrkjetenaren og Gravaren og absolut Veto.
           
So legg Vetoet seg ut yver alt Landet. Alle fær Veto her i detta Landet so nær som Hundbonden sjølv.