[Du var hosta drjug...]

Du var hosta drjug, du som skriver dette Stykkje um Den norske Bonden i No. 25.
           
Du sagde inkje mange Ord um Prestarne, men du dømde baate hardt og nedfortvert.
           
Du maa hugsa paa det, at me kann inkje venta at dei skal vera slik som alle kann vilja hava dei, og inkje at dei skal vera plent tidhøvelege hell.
           
For Læringi si maa dei og taka slik som ho fell, og ho er mykje gamal- tidig etter Kravi no. Det er berre ein av dei Professorerne, Fr. Petersen, som sjølv freistar aa faa høvelegare Gjerd paa Grunnarne i Lærdomen og manar Læregutarne til aa fylgja med noko meir i det nye. Og det er inkje venta, at alle skal hava Hug og Dug til aa fara paa urudde Vegjer av seg sjølve. Det er væl illt detta, men det er vandskelegt aa krevja meir, naar ein veit kor fastgrodde dei er i det gamle.
           
Desutan er Prestarne og mykje ettersom Folket vil hava dei. Og det Krav dei fleste set til Presten er, at han skal halda seg til den gamle Lærdomsformi, som dei hev lært i Forklaringi og hellest hava godt for aa utføra det, hava eit godt Mæle og ei rapp Tunga, so han inkje stanar for ofta og hopar paa Ordi. Er han so ogso tydsleg og snild og mild med aa krevja inn Innkomurne sine og han held seg utanom Politiken, daa vert han halden for ein gjæv Prest.
           
Du var streng mot Bønderne ogso. Men korleids kann ein venta noko større av dei, slik som dei er fastbundne i Tru paa sjølve Presten og Autoriteten. Med slike Tilstand duger det aldri aa setja Kravi for store, det kjem berre til aa hugsprengja hell forvilla Folk, men set slike Krav som dei kann etterkoma, daa kann det mona lite um Senn, og Livet veks ut av seg sjølv. Byrja med det aa setja kravi lite Grand høgre enn det vanlege og bind dei plent attaat det Livet som er, daa kann kvar Mann skyna dei og taka dei aat seg, tenkja yver dei og vera med aa løysa og fullgjera dei. Slike Rivarar treng me inkje hell, som er for braae, skal det so vera, maa det vera av dei, som inkje riv fortare enn dei byggjer upp att. Ein vinn langt med det gode og, kann ein bruka det rett.              
 
X.