[Ærlegdom varer lengst...]

Ærlegdom varer lengst(for han vert minst brukad). Morgenbladet segjer, at ved næste Val skal Sverdrup rjuka i Akershus Amt, og Høgre skal truleg vinna der daa. Vonleg skal daa Høgre vinna Fleirtal paa næste Ting. Men kvifyr ynskjer Morgenbladet det? Talmajestæten er berre av det vonde, segjer det, Fleirtalet hev allstødt Urett, segjer det. Kvifyr strævar daa Morgenbladet slik etter aa koma i Fleirtalet? Trur det ikkje nokot større paa denne Fleirtals-Læra si? So var det berre Lygn daa naar Morgenbladetlet advocatus diaboli(Dævelens Sakførar) her i Haust skriva um, at Fanden hadde Fleirtalet, Gud Mindretalet med seg. Elder so ser det mest ut til, at Morgenbladet gjerne gjeng med den Vonde, berre han er god Høgremann.
           
So lærer Høgre og, at Styringi skal hjelpa Mindretalet og lyt takast or detta. Naar um tvo Aar Høgre vinn, so skal etter detta Ministeriet gaa av, me skal faa eit Ministerium av Mindretalet, eit Vinstre-Ministerium.
           
I alle andre Rike med Sjølvstyre skal Styringi samstava med Fleirtalet, og naar eit Parti vinn ved Valet, so vert det ei Styring, som høver med detta Partiet; men hjaa oss gjeld det berre um aa koma i Mindretalet, so fær ein Styring etter sitt eiget Hovud.
           
Ja, me fær sjaa daa, um me fær eit Vinstre-Ministerium etter næste Val, soframt Vinstre ryk.
           
Ikkje trur eg paa det.
           
I gamle Dagar var Høgre i Fleirtalet, og daa skulde Styringi sjølvsagt vera Høgre. So kom Høgre i Mindretalet, og daa skulde og Styringi vera Høgre. Etter næste Val kjem kannhenda (?) Høgre i Fleirtalet att. Eg tenkjer Styringi vert Høgre daa og, og at heile denne aschehougske Læra um at Styringi skal takast or Mindretalet, vet umbytt med ei ny Lære, um at Styringi skal takast or Fleirtalet, so fort Høgre vinn.
           
Høgre hev ikkje store Tankar um det norske Folket. Det hev aldri trutt, at det norske Folket hev Vet. Det trur nok ikkje, at det hev Minne helder.
           
Kvat trur so det norske Folket um Høgremennerne? Det trur visst, at dei i mange Maatar kann vera gjæve Folk, men at dei er heiltupp sanne og ærlege i sine politiske Teoriar, trur det visst ikkje.
           
I Haust skreiv advocatus diaboli i Morgenbladet: Det er aabenbart Kristendommens Lære, at de gode er i Minoritet. Men hvad vil dette sige efter den nye Lære? (nemleg Vinster- Læra) intet mindre, end at de udvalgte har Uret, og de mange har Ret. De udvalgte er aabenbart en liden anmassende Minoritet, et Aristokrati, som vil tiltage sig Ret til at lede Masserne og diktere dem Love paa sin Færd. Statschefen i det himmelske Rige har selv maattet erkjende, at han kun har formaaet at omvende et Mindretal til sine Anskuelser; han befinder sig ikke i Overensstemmelse med Majoriteten, han er ikke folkelig, ikke tidsmæssig. Man maa se sig om efter en ny Chef, ikke længer en Konge, men en folkelig Præsident. Denne er snart funden. Oppositionens Fader og Leder, Hr. Præsident Lucifer 1) , som Minoriteten søger at sværte og haane med alskens stygge Øgenavne som den Onde, svarte Fanden, osv., har seiret med en aldeles overvældende, knusende Majoritet.
           
Kor mykje av detta vil det fromme Blad kjennast ved, soframt Høgre vinn næste Val? Eg skulde mest ynskja, Høgre vann, so me fekk sjaa, korleids det vilde stella seg daa.
           
Men det er leidt med det, det ser nok ikkje ut til, at Høgre skal koma i den Knipa. Det spyrst no, at Vinstre hev vunnet ved Herads-Valet i Asker med dubbelt so mange Røyster som Høgre, og Asker gav ved siste Valet Høgre 5 Valmenner!
           
Eg kom elles til aa tenkja paa nokot: I Haust, daa Høgre kom i Fleirtalet i Asker, daa var dei vel gudlause da, av di Høgre lærer, at de mange hev Urett og høyrer Lucifer til. Men no hev vel Høgre i Asker umvendt seg? Kannhenda Opraabet fra Kristendommens Venner hev gjort det. Det er ikkje so umogelegt.
 
 
1) Legg Merke til, korleids dette gudelege Bladet skriv.